BIT20 Ensemble framførar åtte nyskrive verk på gratiskonsert
Lyst til å høyra åtte heilt nye, unike verk framført av profesjonelle musikarar på piano, trompet, elektronikk og harpe?
Onsdag 14. juni vert det gratis konsert på Cornerteateret med lydkunstnar Agnes Hvizdalek og deltakarane i BIT20 sitt konsept GLIMT! – Skape.
Etter konserten vert det Q&A med Hvizdalek.
AGNES HVIZDALEK
Komponist og vokalist Agnes Hvizdalek har skrive eit nytt verk for fire musikarar i BIT20 Ensemble. Det nye verket tek utgangspunkt i røysta som instrument og utforskar korleis ein eksperimentell tilnærming til komposisjon påverkar den kreative prosessen, materialval og musikalsk form. Ho har brukt opptak frå si eige røyst som visar akustiske fenomen ho er oppteken av og som på ulike måtar er innarbeida i verket, i tett dialog med musikarane.
GLIMT! – SKAPE#4
I samarbeid med fire musikarar frå BIT20 Ensemble og mentor Else Olsen Storesund har sju deltakarar av GLIMT! – Skape skrive kvart sitt verk.
DELTAKARANE ER:
Sølve Jozeph Westli
Robin Garen Aaberg
Rushana Brandanger
David Christopher Vågenes
Emily Adomah Rimmereide Adjei
Torgeir Storaas
Håkon Sundal
BESETNING
Jarle Rotevatn – piano
Jon Behncke – trompet
Marija Kadovic – harpe
Thorolf Thuestad – elektronikk
Q&A MED HVIZDALEK: 21.15