Konkurransen om spelejobbane på den internasjonale verdsmarknaden har stramma seg til, og det er ikkje lenger tilstrekkeleg å vise til ein god CD-produksjon. No er det video-demoar som gjeld, og fleire grupper har også video-animasjon som ein del av det totale sceneuttrykket, skriv Anne Hytta i denne rapporten frå Womex 2005 i Newcastle, som óg er publisert på nettsidene til Norsk Folkemusikk- og danselag.

Millenniumbroen, Newcastle

Av Anne Hytta

Årets Womex, den internasjonale bransjetreffen for verdsmusikk, vart i år arrangert i Gateshead, Newcastle, i det flotte nye kulturhuset the Sage.

Som vanleg møttest tilbydarar og kjøparar av verdsmusikk på bransjemessa om dagen, med over 300 utstillarar. Dette var alt frå internasjonale byrå som sel utvalde verdsmusikk-grupper, plateselskap og festivalar til nasjonale musikkeksport-organisasjonar, som til dømes Music Export Norway. Om kvelden var det showcase-konsertar i lokale med ypperleg lyd, i skarp kontrast til fjoråret.

Solid norsk representasjon

Norge var i år solid representert, med Music Eksport Norway, MIC (Music Information Centre Norway), Førdefestivalen, Rikskonsertane/Oslo World Music Festival, NORCD, Musikkoperatørene, Kirkelig Kulturverksted forutan Norsk folkemusikkformidling på ein og samme utstillingsplass. Det er både positive og negative sider ved dette, enkeltaktørar kan forsvinne litt i massen og det kan vere vanskeleg for publikum å skjøne kva dei svært ulike organisasjonane faktisk arbeider med. Men totalt sett ser det ut til at ein felles utstillingsplass totalt sett gjorde den norske representasjonen svært tydeleg, og svenske og danske representantar kom bort og lurte på korleis ein hadde fått til eit slikt samarbeid, noko dei sjølve ønskjer å få til.

Forutan utstillarane var det mange andre norske representantar, mellom andre frå Telemarkfestivalen, Festspillene i Nord-Norge, Vestfoldfestspillene, Nattjazz og Etnisk Musikklubb. Den stadig aukande norske deltakinga på Womex er eit tydeleg teikn på at verdsmusikk er ein sjanger i vekst i Norge.

Norsk folkemusikkformidling fekk på si side førespurnader frå fleire arrangørar, mellom anna i Belgia, England og Portugal om norske folkemusikk-artistar til konsertar, og folkogdans.no-cden vart delt ut til festival- og konsertarrangørar i Europa og restan av verda.

Visuelt fokus

Norsk folkemusikkformidling har no vore til stade på Womex gjennom ei årrekke, og utviklinga er tydeleg: For å nå fram i kampen om konsert- og turnéjobbar, og ikkje minst på den internasjonale platemarknaden, krevst no stadig meir profestjonell visuell presentasjon. Dei fleste gruppene har cd-utgjeving(ar), pressemateriale med gode bilde og videopresentasjon av gruppa. Alle desse elementa er heilt naudsynte no for å ha eit reelt håp om å slå gjennom utanlands.

Ein annan trend er at fleire grupper som spela showcase hadde video-animasjon integrert i konserten. Og kanskje viktigst av alt er managementa dei nyttar. Dersom eit band kjem inn under paraplyen til eit management med eit stort kontaktnett, er ein eit langt skritt på veg mot ei internasjonal karriere. Men dette er heller ingen garanti.

Eit management som heiter Elen Music kom til Womex med ei ukjend gruppe frå Sardinia, Actores Alides, men leiar for Elen Music, Dimiter Panev, var frustrert over kor vanskeleg det er å få potensielle kjøparar til å interessere seg for det dei ikkje har høyrd noko om tidlegare.

Dette problemet vart definitivt løyst då gruppa hadde showcase laurdag. Den polyfone songgruppa heldt showcasen «alle» snakka om i etterkant, og sikra seg nok mange konsertoppdrag.

Auka turisme

Den nordengelske byen er i seg sjølv eit godt døme på visuell andletsløfting og dei store konsekvensane dette har – eller synergieffekt – som det heiter i dag.

Byen har altså fått eit kulturbygg som med si moderne arkitektur lyser opp langs elva Tyne saman med den nye milenniumbrua. Saman med eit større fokus kunst, kultur og den gamle historien til byen, har dette skapt ein ny stoltheit blant innbyggjarane i den gamle industrihavnebyen. Og byen opplever økonomisk vekst som følgje av turisme og nye investeringar. Dersom Oslo kan oppleve noko av det samme som følgje av den nye operaen, har vi mykje å sjå fram til.

Note fra Ballade: Artikkelen er opprinnelig skrevet for nettsidene til Norsk Folkemusikk- og Danselag, og kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne siden hos NFD.

Publisert:

Del: