Styret i Vossa Jazz har måttet tåle hard kritikk etter at Bergens Tidende skrev om en betydelig fallskerm til tidligere daglig leder Lars Mossefinn, samtidig som flere musikere ikke har fått betaling fra den konkurstruede festivalen. I dette åpne brevet fra styret i Vossa Jazz avviser styreleder Trude Storheim påstandene: – Når det gjeld kor vanleg det er å betale ”fallskjermar” i frivillige organisasjonar, kan me iallfall slå fast at i Vossa Jazz si historie har det aldri vore nokon tradisjon for dette. Noko me heller ikkje har tenkt å byrja med. Storheim ber samtidig om forståelse fra ubetalte musikere når festivalen ønsker seg en gjeldssanering: – Skal me slå festivalen konkurs? Gjer me det, går 33 år med historie tapt for ein verdsett festival som betyr mykje for mange. Styret har valt å gå for løysinga om å jobbe for at alle kreditorar skal få litt, i staden for at ingen får noko, skriver Storheim.

Trude Storheim (Foto: Vidar Herre/avisa-hordaland)

Av Trude Storheim, styreleiar i Vossajazz

Eg syner til ope brev frå musikarane bak avbestillingsverket Flesk, publisert den 24. august, der det vert etterlyst svar på ein del spørsmål.

Fyrst vil eg på vegne av styret i Vossa Jazz seia at me er svært lei oss for den situasjonen Vossa Jazz no er komen i, og at dette har råka fleire av våre samarbeidspartnarar, blant anna musikarar.

Vossa Jazz hadde totalt 45 tilskipingar med over 200 musikarar under festivalen i år. Det er omlag 21 artistar/band som ikkje har fått utbetalt sine honorar frå Vossa Jazz, noko som utgjer om lag 30 prosent av total leverandørgjeld. Dei fleste hadde avtalar tilsvarande det Musikernes Fellesorganisasjon anbefaler; enten kontant oppgjer under festivalen, eller per bank på forskot. Det er dagleg leiar i Vossa Jazz som har ansvar for å inngå og fylgje opp alle avtalar og utbetalingar.

Styret er ikkje kjend med at det har vore ei prioritert fordeling i bunken av rekningar.

Når det gjeld kor vanleg det er å betale ”fallskjermar” i frivillige organisasjonar, kan me iallfall slå fast at i Vossa Jazz si historie har det aldri vore nokon tradisjon for dette. Noko me heller ikkje har tenkt å byrja med. Angåande avtalen tidlegare dagleg leiar har inngått med Vossa Jazz, er den konfidensiell, og ivaretar i hovudsak Vossa Jazz sine plikter som arbeidsgjevar.

Heller ikkje tidlegare dagleg leiar vil motta pengar frå Vossa Jazz så lenge selskapet er teknisk konkurs. Det tyder at ingen får utbetalt noko som helst før ein eventuell akkord har vore gjennomført.

Som de ganske riktig peikar på i det opne brevet dykkar, baserer Vossa Jazz seg på dugnadsinnsats. Heilt frå starten av har det vore eldsjeler som har lagt og framleis legg, eit fantastisk stykke arbeid ned i festivalen. Hadde det ikkje vore for alle dei entusiastane som kvart år jobbar gratis for Vossa Jazz, hadde det ikkje vore nokon festival. Det har derimot aldri vore meininga at musikarane skal opptre gratis.

Styret i Vossa Jazz har arbeidd for at alle våre samarbeidspartnarar skal få si løn som avtalt. At organisasjonen no er komen i eit økonomisk uføre er sterkt beklageleg. Etter at styret vart kjend med resultatet, har me jobba intenst med å redda festivalen.

Me har stått framfor nokre vanskelege val. Skal me slå festivalen konkurs? Gjer me det, går 33 år med historie tapt for ein verdsett festival som betyr mykje for mange.

Styret har valt å gå for løysinga om å jobbe for at alle kreditorar skal få litt, i staden for at ingen får noko. I bunken med rekningar ligg der krav både frå musikarar, enkeltmannsføretak og større bedrifter. Det er slett ikkje Vossa Jazz si hensikt å legge ansvaret for festivalen si framtid over på den einskilte musikar. Men i den alvorlege situasjonen som oppstod har det vore viktig for styret å opptre korrekt i samsvar med det lovverket som fins i samband med konkurs. Dette har likevel ikkje hindra oss i å jobba med alternative løysingar.

Styret i Vossa Jazz seier seg endå ein gong lei for dette uføret fleire er vorte råka av, og me ber om forståing for at denne saka har teke tid å løysa på ein ryddig måte. Me vil samstundes takka for all den støtte som har vorte festivalen til del i denne vanskelege tida.

Publisert:

Del: