Vossa Jazz hadde pressekonferanse i Bergen og Oslo i går, der det bl.a. ble avslørt at Nils Petter Molvær lanserer sitt nye band på åpningskonserten under årets festival, som er den 30. i rekken. Arrangørene lover ellers mer enn 50 konserter på tre dager, og skilter med norske navn som Terje Rypdal, Vamp, Come Shine, Eldbjørg Raknes, Herborg Kråkevik og Bertine Zetlitz, samt internasjonale størrelser som Mory Kante og La Botinne Souriante.

Terje Rypdal live

Vossa Jazz har i anledning av årets jubileumsfestival sendt ut en lang og frodig presemelding, som Ballade like godt gjengir i sin helhet:

Dagen etter Molværs opningssekvens er det duka for urframføring av Terje Rypdals Miles Davis-hylling, “Vossabrygg”. Programmet til den 30. Vossa Jazz er spekka med godbitar – World Music-einarane Mory Kante, canadiske La Botinne Souriante, populære norske namn som Vamp, Come Shine, Jan Eggum, Herborg Kråkevik, Bertine Zetlitz er alle å finna på festivalprogrammet, men først og fremst er Vossa Jazz-menyen proppa med interessante jazznamn. Kultbandet Italian Instabile Orchestra, nederlandske ICP Orchestra, dei danske yndlingane Pierre Dørges New Jungle Orchestra og vårt eige Bergen Big Band under leiing av Mathias Rüegg vil setja ein ny standard for omgrepet storbandmusikk! Den israelske saksofonisten Gilad Atzmon pussar støvet av nemninga politisk kunst i sitt samarbeid med den palestinske songaren Reem Kelani. Eldbjørg Raknes og Misha Alperin skal ha solokonsertar. Musikalske nyskapningar står i kø. Terje Isungset samarbeider med den franske cellisten Didier Petit. Per Jørgensen samarbeider med den kvinnelege vokalkvartetten Smyr, og Live Maria Roggen har premiere på sitt soloprosjekt. Den ungdommelege delen av publikummet skal få sitt – frannske Laurent de Wilde, Elektro Ompaniet, Real Ones, Athome Project, Barabass & The Happy Few, Truls Puls fra Floora, Get On, Dj Jay og Spetakkel. Meir enn 50 konsertar og tilskipingar på tre dagar!

Nils Petter Molvær starta sitt Khemr-prosjekt med tingingsverket “Labyrinter” på Vossa Jazz i 1996. No tek den kreative trompetisten og komponisten eit nytt steg i si musikalske utvikling. Til opningskonserten vil ikkje Molvær berre stilla med nytt band, men også med nytt repertoar.

Terje Rypdal har hatt eit nært forhold til Miles Davis. Særleg musikken Miles laga tidleg på 70-talet har fasinert Rypdal. “Vossabrygg” (Opus 84) er såleis ei hylling til den gamle meisteren. Rypdal har med seg eit stjernelag til å framføra det 6-delte verket, Palle Mikkelborg, Ståle Storløkken, Bugge Wesseltoft, Bjørn Kjellemyr, Paolo Vinaccia, Jon Christensen, Marius Rypdal og ECM-sjefen sjølv, Mannfred Eicher som gjestebassist.

Med “Yeke, Yeke” fekk Mory Kante ein internasjonal hit. Mory Kante er I sitt 53. år å rekna som ein av dei fremste kunstnarane innanfor det mangslungne musikkfeltet som upresist vert nemnt verdsmusikk. Mory Kante er eigentleg ein folkemusikar som I mange tilfelle har nytta instrument frå vestleg musikk I sin tradisjonsmusikk, men også til tider lete seg inspirera av svarte populærmusikalske artistar som t.d. James Brown. Det er den akustiske Mory Kante du vil få møta på avslutningskonserten til Vossa Jazz.

Vossa Jazz har hatt folkemusikk som ein del av festivalprofilen. I mange år har festivalan hatt eit ynskje om å presentera canadiske La Botinne Souriante. “The best band in the world”. Sitatet er henta frå det amerikanske musikkmagasinet “Dirty Linen” og er neppe meint å takast bokstaveleg, men det er typisk for utsegner musikkpressa har levert etter konsertar med La Bottine Souriante. La Bottine må reknast som eit av dei mest etablerte og innspelte orkester i sjangeren worldmusic. Dei debuterte så tidleg som i 1976 og etablerte seg fort som solid berar og nyskapar i Quebec sin tradisjonsmusikk, ein tradisjon der element frå irsk, skotsk, fransk folkemusikk har smelta saman og utvikla seg i nye former vi gjerne kjenner som cajun og zydeco. Men det mest spennande med La Bottine er måten dei har løfta tradisjonsmusikken ut over sine vanlege former og skapt eit levande uttrykk der dei stadig evner å overraske og forføre sitt publikum. Frå 1990 inkluderte bandet ei fire manns stor blåsarrekke, og med den utvikla dei ein eigenarta stil som har gjort dei til eit av dei mest etterspurte liveband på festivalar over heile verda.

På same konsert får ein også møta Haugesunds store søner, Vamp. Etter 11 år og åtte Cdar er Vamp etablert om ein av juvelane i norsk musikkliv. Kvar ny CD-utgjeving vert imøtesett med stor interesse, og dei samlar fulle hus til konsertane sine.

Ein av satsingane i jubileumsåret er ein serie konsertar med fokus på ein europeisk tradisjon innan storbandmusikken. Italian Instabile Orchestra inneheld nokre av dei fremste komponistane i dagens europeiske musikkliv. Først og fremst saksofonisten Carlos Actis Dato, trompetarane Alberto Mandarini og Pino Minafra og trombonisten Giancarlo Schiaffini, som alle bidreg med komposisjonar bygd på italiensk tradisjonsmusikk kombinert med masse humor, speleglede og teknisk raffinement.

De har samarbeidet med pianisten Cecil Taylor og Willem Breuker Kollektief. Det er skrive to bøker om bandet, og til no har dei spelt inn fem CDar, den seneste “Litania Sibilante” (Enja Records 2000). Kruna på verket for orkesteret blir no å få spele konsert i Fraktgodsen på årets Vossa Jazz. Ver der! For dette kan bli historisk!

Instant Composers Pool (ICP) Orchestra er like sentral i nederlandsk jazzmiljø som Italian Instabile Orchestra i sitt heimland. Kreativ galskap kan stå som overskift på det Han Bennik og Misha Mengelberg kjem til å stella i stand saman med sine sju medmusikantar.

Ellington og World Music er to stikkord ein ikkje kjem utanom i møte med Pierre Dørge og hans New Jungle Orchestra. Bandet stod for eit musikalsk høgdepunkt under fjorårets jazzfestival i København. Det er grunn til å ha store forventningar til konserten på Fraktgodsen.

Sist ut blandt storbanda er vårt eige Bergen Big Band. Under leiing av Mathias Rüegg vil dei framføra Rüegg-komposisjonar frå dei seinaste Vienna Art Orchestra-innspelingane. Samarbeidet blei innleidd på fjorårets Flazzfestival. Ein ser med forventning fram til konserten på Fraktgodsen sundag kveld.

Vossa Jazz er festivalen der publikum får dei store positive musikalske overraskingane. Israelske Gilad Atzmon er mest kjent som pop-produsent busett I London, men I det siste har Atzmon skapt seg namn som jazzsaksofonist og bandleiar. Atzmon som kjem frå ein ortodoks jødisk familie I Jerusalem, har bagrunn frå den israelske hæren. Han spelte I eit militært swingband og såleis deler av si musikalske utdanning I hæren. Etterkvart utvikla Atzmon ein sterk motstand mot den israelske politikken andsynest palestinarane. Han forlet Israel og flytta til England og byrja å studera filosofi ved universitetet I Cambridge.

Gilad Atzmon fekk med seg landsmannen sin, trommeslagaren Asaf Sirkis og danna bandet Oriental House (oppkalla etter det kringsette palestinske hovudkvartereret I Jerusalem). Atzmon kan kanskje best karakteriserast som ein kraftfull og viruos bop-saksofonist (sjekk “Nostalgico” Tip Toe TIP-888 841 2), men I bandet Oriental House har han I det siste teke inn ymse etniske musikkformer – spesielt musikk frå Midt-Austen. Med til Vossa Jazz er også den palestinske vokalisten Reem Kelani. Ein konsert med Gilad Atzmon & The Oriental House gjev ny meining til uttrykket politisk kunst.

Musikalske nyskapingar er også eit Vossa Jazz-varemerke. Terje Isungset møter den franske cellisten Didier Petit, Per Jørgensen møter den kvinnelege vokalkvartetten Smyr og Nymark Collective møter den amerikanske altsaksofonisten Vincent Herring.

Bluesfolket skal få ein solid dose blå tonar på fredagen. Hubert Sumlin Blues Band, Anson Funderburg & The Rockets m/ Sam Meyers pluss Mike Gallahers Blues Trio og Tommy & The Runnaway Boys står på festivalens bluesmeny..

Norsk jazz er tradisjonen tru solid representert på Vossa Jazz. Publikumsfavorittane Come Shine er attende. Eldbjørg Raknes og Misha Alperin, tingingsverk-komponistane frå 2001 og 1998, skal båe ha kvar sin solokonsert. Come Shine-voklaisten Live Maria Roggen har eit soloprosjekt på gang som mellom anna omfattar eit samarbeid med bassisten Gulleiv Wee. The Core vartar opp med hardtsvingande modaljazz med Coltrane som musikalske leiestjerne, og duoen Muad Dib viser at kombinasjonen tuba og vokal er både sjarmerande og spanande. Gitar og vokal er ein annan kombinasjon som er fasinerande. Rune Mandlid og Kari Nergaard Bleivik har samarbeidd i fleire år og kallar samarbeidet sitt Sonic Stories. Jan Gunnar Hoff Group møter Jan Eggum og søt musikk oppstår! Tord Gustavsen sin ECM-debut er sett fram til med forventning. På Vossa Jazz skal ein få eit intimt møte med trioen i den akustiske oasen Osasalen.

DraPao! Er ein merkelapp Vossa Jazz har festa på sine konsertar retta mot den yngre delen av publikummet. Interssante namn som frannske Laurent de Wilde, Elektro Ompaniet, Real Ones, Athome Project, Barabass & The Happy Few, Truls Puls fra Floora, Get On, Dj Jay og Spetakkel skal saman med Bertine Zetlitz syta for at gjennomsnittsalderen på Vossa Jazz-publikummet framleis skal liggja rundt 30.

Arthur Bleiken & Hans Jazz Beskjed gjesta Vossa Jazz i 1977. 2003-utgåva av bandet er faktisk endå meir virilt enn det som vitja Voss for 26 år sidan. Malmøbaserte Joe Spinaci & The Brocolino Orchestra imponerte på jazzfestivalen i Umeå i fjor haust. Jazznyttredaktøren var tilstades og meldte attende: “Så enkelt kan det gjøres å starte at av skandinavias beste arvtakere etter Cab Calloway, Louis Prima og Perez Prado! Ni av Malmøs beste musikere spiller tapeten av veggene og får svetten til å drive på en mye mer behagelig måte enn ett hvert helsestudio. De kaster seg hemningsløst ut i en fantastisk miks av rock-a-billy, mambo jambo og gangsterswing. Saksofonene groover, tromboner vræler, trompeter hyler og kompet fyker av gårde på høygear,. Og sammen med Miriam Aidas vakre vokal skaper Joe Spinaci & the Brocolino Orchestra alltid kjempestemning.”

Vossa Jazz er festivalen med dei sterke kontrastane. Frå sveitt sving til var miks av litteratur og musikk ein sundag morgon. Arve Henriksen møter forfattarane Ivar Orvedal og Olaug Nilssen.

Badnajazzen kan by på ein verkeleg godbit. Tingingskonserten er eit samarbeid mellom Eikanger-Bjørsvik musikklag og Herborg Kråkevik. “Barnedraumar” har Herborg kalla prosjektet. Også Berit Opheim er aktuell med prosjektet “Tippe, tippe tue”.

Staden er altså Voss, og palmehelga er i år frå 11. – 13. April. Skia eller snøbrettet må stellast og gjerast klart, heter det til sist i pressemeldingen. Nærmere detaljer om programmet og konserttider finner du på Vossa Jazz’ egne hjemmesider.

Publisert:

Del: