av:

Publisert:

Del:

INNLEGG: Eg trur faktisk vi treng bråk no, seier Eldbjørg Raknes i denne nyttårstalen.

Eldbjørg Raknes
© Anja Basma

Arnfinn Bjerkestrand manar til samhald.

Eg er óg for samhald. Men ikkje for einkvar pris. For. Eg er óg for kunst- og kulturpolitikk med vyer, perspektiv og klare verkemiddel som fører vidare i bra retning.

Nesten ingen musikar opnar kjeften idag. Neste ingen arrangørar heller. Kvifor? Vi treng pengestøtta vi kan få! Musikarane tjener fortsatt 130.000,- i gjennomsnitt i året! Heilårsarrangørane slit med å få presentert noko anna enn det 100% trygge, kommersielle. – Vi KAN ikkje seie noko som gjer at vi kanskje får mindre til “oss sjøl”.

Seier ein noko kritisk, kjem på kant med feil person, forvaltar e.l. (som ein aldri heilt kan vite kven er idag, for alle er så stille) så er miljøet så lite at ein risikerer å sitje der med skjegget i postkassa i 1000 vinternetter!

Les også: - Kompetansenettverkene er en tragedie

Om nokon seier: hei, du – kvar er kompetansesenteret for klassisk musikk? Eg er ein av dei 11 som går på NMH no i 2011 på instrumentet OBO. Og trur kanskje eg må prøve finne ein annan måte å livnære meg på gjennom musikken enn å stille opp i OBOkøa på symfoniorkester-audition…så: NEI, du, – vi måtte vere stille om det der… Du får spele best du kan, uansett. Norsk Kulturråd brukar eit par år på å gjere om på det, så tida kjem, tida kjem!… Men: ver stille først. (Rytmisk er eit hjelpeord, skjønar du – så SØK likevel, både på jobb og på prosjektstøtte. Og tenk litt forsiktig på om du kan finne på noko som du finn kunstnerisk utviklande og givande å leve av?)

Det er knapt så vi tør å snakke i backstagekrokane – for alle har ein “lojalitet” å gnikke på! Og dei fleste som er istand til å formulere meir enn 3 samanhengande setningar sit i 3 styrer eller utval…
Eg kan ikkje meine noko om dette, for eg hadde jobb for Trondheim Jazzorkester og kan kanskje få ein til… Eg underviser…Eg spelar i band med nokon som kjenner nokon som kanskje kan skaffe oss ein jobb i utlandet ..Eg sit i 4 ulike styrer og lobbar politikarar for alle 4 sine interesser. – Det er klart eg må vere stille ute i det OPNE rom!

Er det verkeleg slik vi vil ha det? Er det det vi trur fører framover til best? Er det slik vi vil ha “kunstens politiske ånd”? Stille som ei mus? Fordi bråk kan føre til mindre midlar til kvar enkelt sin navle?

Har vi ikkje meir tillit til diskurs og vårt fag, våre politkarar, kunstnar- og kulturkapitalen – både intellektuelt og energimessig, innovativt, mangfoldig og visjonært- enn det?

Les innlegg fra Susanna Wallumrød: Ny ordning skaper unøvendig merarbeid

Veit du kva, Arnfinn Bjerkestrand. Og Huitfeldt. Og Giske (når du har fått tillit og fotfeste nok i det blåaste næringsliv til at du kan opne munnen og seie ordet “kultur” igjen):

– Eg trur faktisk vi TRENG bråk no! For å løfte klatremusparaplyen vår SÅ HØGT opp i lufta at vi kan seie: KVA VIL VI MED KUNSTEN i samfunnet? Kvar er KUNSTEN I KULTUREN og
i kulturministerens “til alle” og “der folk er” og den gjennomsyrande instrumentelle haldninga?

Og: Kan vi, ver så snill, alle, framover snakke om KULTURNÆRING med musikk i alle fargar og KUNSTNERISK VERKSEMD SOM KJERNE?

Om fagfolk med KUNSTNERISK MOT OG SAMFUNNSPERSPEKTIV ikkje blir høyrt, kjem til orde, blir aktivt invitert til diskusjonane, men tvertimot mana til stillheit i samhald – då har eg ikkje god tru!

Eg trur ikkje vi utviklar norsk kunst for verken eksport eller godt innavl inne i eit norsk byråkratisk rytmisk ISfjell. Eller stille søppelfjell…

Kva ER Norway in a nutshell! I PERSPEKTIV?!

Heile vårt frie fagfelt er idag pragmatisk av nødvendigheit. Stille utfrå misforstått lojalitet + opphopning av byråkrati. Ingen har dårlege intensjonar!

Les også innlegget Vrak VRAK og skyt MINK

Noko av dette snakkar vi om fordi det går så over alle støvleskaft gale i svingane at ordet inkompetanse er mildt. Noko av det er så vagt framstilt at ein må vere superdetektiv for å finne ut av kva som har skjedd og held på å skje. Ein gir opp å forstå…eller forstår så mykje at ein blir heilt stum…Dei fleste fortrenger då heile området; det verkar meiningslaust å meine noko.

POLITIKK skal forsøksvis strukturere, forvalte og løfte bærekraftige og samfunnsutviklande idear og prosjekt. Mellom anna skal det investerast i kunst og kultur!

Då skal vi ikkje sitje, eller vere, stille! -Sjølv om det er ein som heiter Bjerkestrand og som har så mange hattar på at han SJØLVSAGT må mane til samhald. Til fleire hattar, til vanskelegare er det å sjonglere – og til vanskelegare er det kanskje om det er bråk rundt? Vil du ha ein rytmisk trommervirvel, Bjerkestrand? Eller skal eg komme å sample og loope deg? Og eksportere deg?

Korleis kan nokon med oversikt og handa på hjertet seie at vi treng fleire som skal vegleie unge til å skrive søknader no? – Det er berre å sjå seg rundt på nett: det finnest hundrevis av kurs om skatt og søknadsskriving gjennom dei ulike organisasjonane kvart år. Og organisasjonar har tilbudt desse i årevis! – Og følgjer dei med i timen, og det får vi jo tru!, så er jo desse oppdaterte og bra, så det held for kvar musikarspire å få med seg eit par slike kurs ca.? – Dei lærer vel seg dei grunnleggande grepa for å oppdatere seg vidare sjøl på ferda som eigen lykkes smed?

Dei aller fleste av dagens unge profesjonelle musikarar har 3-5 (-8!) års utdanning. Om desse utdanningane ikkje gir dei grepa dei treng for å kunne bane sin eigen veg, bygge eigne karrierer, vite kva som er privat og offentleg nærings- og kulturliv og moglegheiter utfrå det..- vel, så må det vere eit KRAV til institusjonane at dei GJER DET. No og framover!

– Så kan jazzorganisjonane, klubbane, rockeforum, akks og ungdomskulturkonsulentar og ungdomsråd og det offentlege lokale kulturliv kjenne sitt ansvar og sine lyster utfrå kva målgruppe dei skal betjene og mål dei har! Og kunnskapsdepartementet må jo óg vere med på løftet;

Les tidligere innlegg fra Raknes: PROFF kulturnasjon?

Så barna får estetiske fag i skulen og allmennlærarar igjen som har hatt ein FLIK av estetiske fag i utdanninga (dette er TATT BORT!). Så barn kan oppleve kunst, inklusive musikk, av alle gode slag i skulen OG utanfor, saman med mor, bestefar og steonkel og halvsøster og venner og folk ein ikkje kjenner. Og ha tid til meir enn å ta av seg vinterkleda og blåse varme i gitarfingrane i kulturskuletimen sin. Så ungdommar har fritidsklubbar med bandrom og bandutstyr og akustisk piano OG får vegleiing og oppfølging på å søke frifond, trafo, komp, mvo og alt som finnest for dei!

SJØLVSAGT er det til det beste for samfunnet at dei har fleire tilbod enn å spele fotball eller stå på eit hjørne og henge!

Akkurat desse dagane sit alle norske politikarar med siste hand på budjsett for neste år. Samtidig får vi den første kommersiellle søknadsnetthjelpa:kulturCash. Og det sit søknadsskrivarar og skriv arbeidsstipendsøknader for kunstnarar – på 20%provisjon. Og vår største kulturelle arrangør, STATSKYRKJA, har kveldane fulle av mjuke tradisjonar og billettprosentpengar. Og Bjerkestrand seier vi bør vere stille.

HALLOOOOOOOO!

Bjerkestrand er mellom dei som drakk kaffi med kulturminister Giske, har eg høyrt. Og har hatt, og har, føtene i det meste av musikkorganisasjonar og -styrer. Og har nettopp blitt valgt som 2.nestleiar i Kulturrådet. Og han drikk visst kaffi med Anniken óg, seier dei. Det går vel stille og samholdt for seg, får vi tru!

Men eg vil GJERNE høyre visjonane høgt og tydeleg uttalt, eg, – frå begge. Gjerne kvar for seg!

Sjølv om eg HAR begynt å forstå meir av SIGNAL. Som det heiter. Politiske signal. Ingen røyk utan eld:

Kulturministeren seier: “dette skal vi sjå på” og det betyr: “dette gjer vi om på”.

Les også: Kulturministeren vil vurdere endringer i nettverkene

Neste år er MIC og MEN slått ihop. Kulturrådet ryddar vidare opp etter dei siste svingane frå KUD, så vi får sortert søknadsordningane på ny måte. Igjen. Oslo World Music Festival er ein eigen stiftelse. Rikskonsertane lagar kulturelle matpakker for harde livet. 2,7 musikarar spelar ilag på kontor så det fyk etter – i tillegg til på skular og i barnehagar og aldersheimar (alt passa på av MFO, så ein får betalt etter tariff, ja!). Innkjøpsordninga for CDar er borte og omgjort til noko digitalt. Og dei rytmiske nettverka er på veg mot å bli rytmiske senter: må ansetjast noko administrasjon, då, ventele (som det heiter her i Trøndelag). Rytmisk er “hjelpeord” – i praksis lar vi det kanskje bety musikk i alle genrar. Men på papiret skal det fortsetje å heite rytmisk musikk og genreoverskridande kompetanse. Og kulturnæring kan vi bruke som det passar oss. (Men vinnaren ER kinokiosken).

Og det er EgnerJubileumsår. Så vi skal høyre om Klatremus MANGE gonger. Og MANGE skal seie i kor:

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

Anne Enger & co: Med perspektiv lenger enn 2014 og med grunnlova som grunnstein:

Vi vil og kan MYKJE meir enn å vere stille!

Eg HÅPAR vi får ein visjonær kunstpolitikk for framtida med kjerne og perspektiv. Og føreseielege vilkår, som det heiter i kulturlova.

Kunsten og kulturnæring treng all den visjonære diskusjonen den kan få! Med kjerne. Og perspektiv.

For “det nye Norge”. For framtida. For barna idag. For morgondagens vaksne verdsborgarar. For verdiar utover det materielle. For glade jul for fleire. For kunstnerisk innhald og mangfold.

Og no senkar eg stemma, ser opp frå manus og inn i kamera:

Godt. Nytt. År.