Folkelarmprisene ble delt ut for tredje gang på Cosmopolite i helgen. Her er vinnerne.

Rammeslag_Daniel Sanden Warg

Soloklassen

— Daniel Sandén Warg og Sigurd Brokke – Rammeslag (Etnisk musikklubb)

Dokumentasjonsklassen
— Stev for dagen: Kirsten Bråten Berg, Astri Rysstad og Kari Rolfsen (Heilo)

Åpen klasse:
— Sondre Bratland og Javed Bashir – Dialogue (Kirkelig kulturverksted)

Nyskapende:
— Bruvoll Halvorsen- Trillar for to (Grappa)

Gammeldans:
— Småviltlaget – Pols (Norilds)

Årets nykommer:
— Krøklun – Krøklun (Kvarts)

Årets folkemusikkartist
— Hallgrim Hansegård

Dette er juryens begrunnelse for å gi Hansegård æren av å bli årets folkemusikkartist:

Lausdansaren Hallgrim Hansegård er kåra til Årets folkemusikkartist av Folkelarmjuryen. Denne utmerkinga får han av di han på ein heilt unik måte har greidd å setje dansen, og då spesielt lausdansen, inn i ei ny og ukonvensjonell ramme. For medan folkemusikken dei seinare åra har opplevd ein omfattande modernisering og fornying, har folkedansen på mange måtar blitt hangande etter. Hallgrim Hansegård har tatt tak i den tradisjonelle lausdansen og sett denne inn i nye og utfordrande samanhengar. Dette har han gjort både gjennom møte med andre danseformer og i form av tilnærming til andre kunstutrykk.

Gjennom ei rekkje framsyningar, bestillingsverk m.m. har Hallgrim Hansegård sett på lausdansen med nye augo, han har tatt i bruk scenografi og koreografi, brukt video, live elektronisk visualisering osv. og samarbeidd med ei rekkje dansarar og musikarar, også frå andre sjangrar enn folkemusikken. Denne moderniseringa har utan tvil vore med på å gje tradisjonsdansen og den tilhøyrande musikken auka merksemd. At Hallgrim Hansegård også meistrar den tradisjonelle lausdansen til fulle var årets 3. plass i A-klassa på Landskappleiken eit godt prov på.

I løpet av året som har gått, har Hallgrim Hansegård vore involvert i ei rekkje framsyningar og framføringar, både som kreativ skapar og aktiv utøvar – det er nok å nemne Peer Gynt- oppsettingane i Kairo og New York, diverse bestillingsverk og opptredenar på eit knippe festivalar her heime og eit danseprosjekt i Zimbabwe. Han har ofte vore i media og er også på den måten med på å gje tradisjonsdansen og folkemusikken større merksemd.

I juryen satt Kjell Bitustøyl (formann), Åshild Vetrhus, Marit Hætta Øverli, Ånon Egeland og Knut Aastad Bråten.

Les mer om Folkelarm på Folkemusikk.no

Publisert:

Del: