Bjarte Engeset2

Varierte kraftutladningar

INTERVJU: Til hausten føreligg Tveitt sin samla musikk for blåsarar på CD. Marinemusikken står bak prosjektet med dirigent Bjarte Engeset i front. I dette intervjuet skisserer Engeset kva ein kan venta seg i den nye utgjevinga. -Tveitt er glad i det burleske, i basstonar, det som er veldig kraftig og litt rått. Eg meiner det er viktig å forstå dette trekket saman med ei anna side som òg er typisk Tveitt – nemlig at det er mykje poesi i musikken hans. Han er ikkje berre bombastisk, men lyttar òg til vare stemningar. Det er ein vakker motsetnad i det, seier Engeset til Ballade.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Ida Habbestad

— Det står mykje igjen, seier Bjarte Engeset om arbeidet med Geirr Tveitt sin musikk.

Han siktar til det omfattande restaureringsarbeidet som iherdige komponistar, dirigentar og andre har vore i gang med i ei årrekkje. Det gjer at publikum stadig får stifta kjennskap til verk ein ikkje visste fantest – eller høyra korrigerte versjonar basert på nye funn.

Til hausten er nok eit Tveitt-prosjekt klart, denne gongen står verk for blåsarar for tur. I ei utgjeving på Naxos er blåsarkomposisjonane samla for første gong, framført av Marinemusikken og med dirigent Bjarte Engeset i front.

Mange kvalitetar

Det er imidlertid ikkje noko stort antal verk det er snakk om. Fem titlar utgjer den fulltallige produksjonen, og me bed Engeset forklara kvifor ei slik innspeling ikkje har funne stad tidlegare.

— Det er nok fleire som vil meine at denne musikken ikkje var det viktigaste Tveitt laga. Til og med han sjølv uttalte at han ikkje kjende seg heilt trygg innan korpsformatet, svarer Engeset.

Utsegnet han refererer til stammar frå 1962, då Tveitt vann samtlege tre premiar i ein konkurranse Norges Musikkorps Forbund og musikkforlaget Tonika arrangerte. Dei tre verka vart urframførte i ei radiosending på NRK. Ved dette høvet uttalte Tveitt seg nokså audmjukt kring røynsla han hadde innan sjangeren: ”Nei, det er vel symfoniorkestret jeg kan så noenlunde”, sa han då.

Engeset er til dels usamd i komponistens vurdering av seg sjølv.

— At han kunne handsame orkester sånn ’noenlunde’, og vel så det, er sikkert, seier han.

— Men han undervurderte nok evna til å komponere for blåsarar. Opptaka han sjølv høyrde av desse verka var ikkje profesjonelle, og det kan ha farga kjenslene hans. Når ein gjer ei slik komplett innspeling, merkar ein jo at musikken har ujamnt nivå. Men eg håpar at plata skal vise at dette er musikk som er verdt å spele. Her finst mange kvalitetar, meiner Engeset.

Vakker motsetnad

I coverteksten til den nye plata framhevar Engeset eitt av desse kvalitative trekka, som han meiner å finna generelt i komposisjonar av Tveitt. ”Musikken lever i eit spenningsfelt mellom rå primitivisme og lyrisk raffinement”, skriv han, og utdjupar til Ballade:

— I Tveitt sin musikk legg ein ofte merke til det teoretikarane gjerne kallar ’barbarisme’. Tveitt er glad i det burleske, i basstonar, det som er veldig kraftig og litt rått. Eg meiner det er viktig å forstå dette trekket saman med ei anna side som òg er typisk Tveitt – nemlig at det er mykje poesi i musikken hans. Han er ikkje berre bombastisk, men lyttar òg til vare stemningar. Det er ein vakker motsetnad i det, meiner Engeset.

Sjølv meiner dirigenten at det handlar om naturopplevingar komponisten hadde.

— Det virkar på meg som om Tveitt opplevde naturen heilt direkte, og at han vil formidle den like klårt. Poesien hans er ikkje romantisk på same måte som det ein karakteriserer som romantisk i ein del tidlegare musikk

Som til dømes Edvard Grieg sin romantikk?

— Ja, men samstundes meiner eg at musikken til Grieg òg har nokre av desse elementa. Eg finn noko av den same stemninga hjå dei begge. Ein legg gjerne vekt på at Tveitt kritiserte Grieg då han var ung. Samstundes veit me at han laga ei stor avhandling der han analyserte Griegs komposisjonar, at han orkestrerte Balladen og elles spelte mykje musikk av han. Eg meiner at dette utgjer ei linje i norsk musikk; at Grieg byrja på noko som Tveitt på ein måte fann fram til, seier Engeset.

Korps versus orkester

I tillegg til dei fem originalkomposisjonane, er det òg med ni satsar valt frå dei fire suitene «Hundrad Hardingtonar», omorkestrert av Stig Nordhagen. Også dette er viktig nybrottsarbeid, meiner Engeset.

— Det er gode arrangement, og eg håpar at me etterkvart får arrangert samtlege. Arrangementa for korps er viktige. Det er ofte blåseorkestra som tek vare på mykje av det norske repertoaret – men arrangementa som føreligg er ikkje alltid like gode, seier han.

Du meiner korpsa gjer ein betre jobb med å ivareta dette repertoaret enn symfoniorkestra?

— Kanskje ikkje når det gjeld Tveitt sin musikk, den er etterkvart mykje brukt. Men det gjeld nok ein god del av det øvrige repertoaret. Ikkje minst dei kortare stykka, som ”Norsk kunstnerkarneval” (av Johan Svendsen red. anm). Det speler dei norske korpsa heile tida, men det står sjeldan på norske orkesterprogram.

Komplekst bilete

Men ein har ikkje alltid framført like mykje musikk av Tveitt. Mellom anna har ein ikkje før nyleg forstått kva orkestrator komponisten var, meiner Engeset, som òg nemner ei rekkje andre moglege årsakar til kvifor Tveitt sin produksjon først no byrjar få merksemd som fortent.

— Generelt kan ein kanskje seie at den litt fastlåste spenninga mellom det ein har kalla tradisjonalistar og modernistar ikkje er så sterk som før. Eg meiner at Tveitt på mange måtar var ein radikal komponist, men han er blitt sett på som ein tradisjonalist. Med Tveitt har du òg problematikken som han sjølv var merkt av – alt som skjedde under og etter krigen – diskusjonane kring nazismen og haldningane hans som jo har vore oppe i litteraturen om han i det siste.

— Eg meiner det framleis er litt tidleg å sjå kva dette perspektivet har hatt å seie for framføringane av musikken til Tveitt. I Sinding sitt tilfelle er det sikrare at tilhøvet til nazismen har påverka publikum sine haldningar; ein kan enklare seie at musikken hans er spelt mindre på grunn av sympatiane hans. Med Tveitt er biletet meir komplekst. Men det er ein viktig diskusjon, og for Tveitt var det vesentleg. Han ville jo gjerne reinvaske seg, seier Engeset.

Himmel og helvete

Det komplekse omfattar sjølvsagt òg brannen på 70-talet, og dermed den store rekonstrueringsprosessen – der mykje står att. Men arbeidet er innsatsen verd, meiner Bjarte Engeset.

— Sjølv om ein kan gå laus på slike omfattande oppgåver med skrekkblanda fryd er det spanande, både å halde på med redigering og å sjå kva respons musikken får. Mange musikarar likar å spele musikken hans, og det gjer det inspirerande å halde på med.

— Det har elles vore kjekt å gjere Tveitt i utlandet og merke kva respons musikken hans får, seier Engeset, som vonar den nye Naxosplata kan medverka til å gje blåsarmusikken ny merksemd.

Til hausten føreligg resultatet og einkvar har høve til å gjera seg kjend med Tveitt sine varierte kraftutladningar der, slik Engeset skildrar det, ”både Gud og djevelen sine krefter får vere med”.

Verka som er innspelt på plata er:

Sinfonia di soffiatori nr 3 (1974)
Prinds Christian Frederiks Honneurmarch (1970)
Det gamle kvernhuset opus 204 (1962)
Hymne til fridomen (1962)
Sinfonietta di soffiatori opus 203 (1962)

Samt eit utval frå Hundrad hardingtonar:

Med sterkt øl te fjells
Rjupo pao Folgafodne,
Fjedlmansjento up i lid
Friarføter
Graot og laott aot ein gamadlu baot
Haringøl
Gardsvoren dansar
Tussmyrkre
Domedag

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.