Etter fleire turnear i inn og utland inneværande år (m.a England, Færøyane og Bologna), er gruppa UTLA klar for ein fem dagars turné i Norge. Konsertane er i hovudsak lagt til kyrkjer, og vil innehalde vokal og instrumental musikk i “UTLA-tradisjonen”. Berit Opheim er med på song.

Utla

Trioen UTLA – med Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (trommer, tre, stein, bjøller, munnharpe) og Karl Seglem (tenorsaksofon og bukkehorn) – held fram sitt samarbeid med den prislønna songersken Berit Opheim, og opptak frå turnéen skal gjevast ut på CD i 2001. UTLA sin musikk er unik i norsk og internasjonal samanheng. Gruppa byggjer musikken sin på norsk vokal folkemusikk og hardingfeletradisjon. Nye element vert tilført gjennom tekstar, lydar, klangar, improvisasjon og komposisjon. Resultatet er eit moderne musikkuttrykk: ærleg musikk på eigne premiss. På repertoaret under denne turnéen finn ein mellom anna salmar, lydarslåttar, rudlar og balladar. I hovudsak frå Sogn og Voss. UTLA har gjeve ut CD´ane: ”Utla”, ”Juv”, ”Brodd” og ”Dans”, som alle har motteke svært gode kritikkar av ei rekke anmeldarar i inn og utland. Berit Opheim har medvirka på sentrale folkemusikkutgjevingar dei siste åra, og har også gjeve ut solo CD.

Her kan du sjå Utla med Berit Opheim:

Onsdag 15. november: Voss Kyrkje
Torsdag 16. november: Sogndal Folkehøgskole
Fredag 17. november: Eikelandsosen Kraftstasjon
Laurdag 18. november: Hol Kyrkje
Søndag 19. november: Årdal Kyrkje.

Meir om Utla finn du på: http://www.norcd.no/utla.

Publisert:

Del: