Kritiker og musiker Astrid Kvalbein har skrevet ”Leif Ove Andsnes. I og med musikken”. I denne boka følger hun Norges verdensberømte pianist gjennom ett år og flere land, i konserter sammen med en rekke orkestre, dirigenter og komponister. I dette utdraget fra boka møter vi Andsnes på konsert, nærmere bestemt i Carnegie Hall 10. januar 2005. – Eg følte meg fri i alle verka, som om mykje i dei verkeleg blei til der og då. Det er ei oppleving eg aldri kan programmere, seier Andsnes i utdraget.

Leif Ove Andsnes-bok

Av Astrid Kvalbein

«Så skjer det den kvelden, i Carnegie Hall 10. jaunar 2005. Schuberts sonate i D-dur er gjennomlyst, spelt inn i livet, virvla opp og trylla vekk – nesten. Stjernestøvet etter siste sats glitrar enno under himlingen i det den første, tynne tonen i “The Shadows of Silence” set inn. To ånder møtest så vidt då, dolcissimo, før det lyse skimmeret frå vår eiga tid og alle tider tar over. Tremoloen fører vidare mot djup klokkeklang, barske utbrot og fjern nynning, mot modernistisk mylder og små melodiar som minner vagt om Mozart. Verket tonar ut med dei, der det starta, berre endå høgare, endå svakare og endå meir skimrande.

Isaac Stern-auditoriet er utruleg stille. Salen som rommar 2700 menneske og er så godt som fullsett, liknar mest på ein katedral, i nokre sekund. Men så brusar applausen, pianisten bukkar og komponisten får blomar framme på podiet. Det er ein recital, og Modest Mussorgskijs “Bilete på ei utstilling” ventar etter pause.

Musikken lytter
Den har funnet noe
stumt
Tor Ulven, Webernvariasjon II frå “Det utålmodige”, 1987

Leif Ove Andsnes har audmjuk utstråling og vilje i blikket når han kjem inn igjen. Han set seg, rettar ryggen med eit lite, kattedyraktig rykk og alle instinkt retta mot første anslag. Ut frå det kallar han fram alle bileta til Mussorgskij med klare konturar og fargar. Promenaden er rak og kyllingballetten yndig. Marknadsplassen er morosam, hytta til Baba Yaga dødsskummel og porten i Kiev overveldande diger. Tonebileta byr på alle dei assosiasjonane ein måtte ønskje. Og likevel er det som dei eigentleg ikkje trengst. I løpet av femten sydande satsar kokar heile opplevinga ned til gleda over eitt einaste fenomen: lyd. Velkomponert, mektig, lyrisk lyd – musikk.

Pianisten vinn. Ikkje over, men gjennom verket og instrumentet. Carnegie Hall er hans den kvelden, og han må dele ut fire ekstranummer før dei ivrigaste publikummarane gir seg. Leif Ove er heilt fortumla når han manøvrerer seg ut for å signere plater for dei hundreogfemti som står i kø og for å helse på alle kjenningane i garderoben. Det er stappfullt bak scena, og eit vilt kaos av gåver og gratulasjonar. Ara Guzelimian strålar, Jeremy jublar og Albert Imperato overrekkjer ein stor kopi av biletet frå Vanity Fair. Pianisten er sveitt, smilande og høgt oppe, og glad for å ta nokre utvalde med på festmiddag etterpå.

Mellom dei som kjem til restauranten når alle har summa seg, er As og Juliane, som har tatt turen frå København, Bent og kona Karen og USA-manager Bridget Wrathall. Stemninga rundt langbordet, med lys og blomar og glas det sprudlar noko godt i, minner mest av alt om ein raus fødselsdagsfest. Berre talane manglar, heilt til komponisten serverer sin gratulasjonsreplikk:

– Fanden heller, Leif Ove. Eg visste at du er ein utruleg bra pianist. Men at du var bra, det visste eg faktisk ikkje.

Hovudpersonen kvitterer med eit glis – vanvittig breitt, til og med til han å vere – der han sit og kjenner etterdønningane av ein god konsert bølgje gjennom heile systemet. Flygelet svarte på alt fingrane bad om i kveld, fortel han. Det var som om det pusta i takt med alt han ville. Han kjende seg verkeleg i eitt med musikken.

– Eg følte meg fri i alle verka, som om mykje i dei verkeleg blei til der og då. Det er ei oppleving eg aldri kan programmere, seier Leif Ove Andsnes. Så smiler han igjen før han trekkjer pusten i eit lite tankefullt sekund.

– Og det er den eg lever for.»

Utdraget er hentet fra Astrid Kvalbeins ”Leif Ove Andsnes. I og med musikken” (Det Norske Samlaget 2005). Gjengitt med tillatelse fra forlaget.

Publisert:

Del: