Kvar ligg ansvaret når borna ikkje er med på leiken? Ismusikk sin skulekonsert i Fetsund var ei prøving for gruppa, meiner Olav Opsvik.

Ismusikk. Fra en tidligere forestilling i 2014. Foto: Lars Opstad

Terje Isungset har utvikla sitt konsept med is-instrument, eller istrument, sidan 1999. Det er ein strålande gimmick for ein nordisk improvisatør, og heldigvis også eit vellukka prosjekt reint musikalsk. Overføringsverdien til eit noko meir pedagogisk opplegg og skulekonsertar er ikkje låg, men også Ismusikk er avhengig av at omgjevnadane jobbar i saman.

På Garderåsen skule i Fetsund heldt Ismusikk sin siste konsert i denne omgang for Den kulturelle skolesekken i Akershus. Ei vesentleg endring skjedde denne dagen; i det eg kom opp til skuleplassen fann eg bandet og konsertriggen utandørs, i motsetnad til i gymsalen, slik det hadde stått i turnéplanen hjå DKS.

Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik
Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik

Kommunikasjonssvikt
På grunn av ein kommunikasjonssvikt mellom alle involverte partar hadde ikkje bandet rett informasjon om tilhøva rundt lokalet, og med så tungt og sårbart utstyr som Ismusikk har med seg vart det for krevjande å få is-instrumenta med inn i gymsalen.

Dette førte til at bandet raskt bestemte seg for å halde konserten utandørs. Ein kald haustdag er ikkje det dummaste tilhøvet for Ismusikk, og Isungset har, naturleg nok, sett opp mange produksjonar utandørs før.

Potensialet som ligg i konseptet kom diverre ikkje heilt til sin rett.

Og oppi det eksotiske, reine uttrykket, som kjem med å lage musikk av is, var eit traust kommunalt bygg, ein asfaltert skulegård og små, grå klasseromsstolar eit uortodokst og artig utgangspunkt for konserten, tenkte eg. Ikkje akkurat eit glansbilete av eit snødekt Noreg, slik Ismusikkfestivalen til Isungset på Geilo sikkert er.

Imponerande produksjon
Ein noko meir uheldig konsekvens var at videokunstnar Anastasia Isachsen ikkje fekk høve til å ta med sitt bidrag på akkurat denne konserten. Dermed mangla noko av ramma, men dyktige musikarar – Isungset og hans medspelar, vokalist Maria Skranes – burde ha nok å spele på med istrumenta og istematikken som utgangspunkt.

Etter mitt syn gjorde dei også ein bra jobb, med fine melodiar, loopar og effektar frå Skranes over diverse istrument som ishorn, isofon (ein slags xylofon av is) og diverse perkusjonsverkty av is. Isungset laga knasing og små motiv på isofonen og effektar gjennom til dømes å rope i ishornet.

Undervegs involverte dei også tre utvalde elevar som blei eit “bobleorkester” som blåste i vatn. Høgtalarar framføre og bak publikum skapte ein slags surround-effekt av boblelyden og det som høyrtes ut som eit opptak av ein liten bekk.

Ismusikk produserte i det heile fascinerande og gjennomført musikk, og har gjort seg flid med å tilpasse musikken formatet den skulle presenterast i. Som omreisande orkester med lite tid (normalt gjev dei to skulebesøk på ein formiddag) fekk dei til mykje med det dei hadde, og denne gangen var ikkje eingang alle element tilstades.

Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik
Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik

Ukonsentrert publikum
Men heilt frå start hadde Skranes og Isungset problem med å fange den fulle merksemda til publikum, og der var mykje prat og uro blant borna. Det hjalp i konsertens andre del der Isungset involverte borna meir direkte, mellom anna i rappen der han fekk alle til å messe med på strofa “Isen smelter, smelter isen!”. Etter kvart som det strekte ut med repetisjonar i variantar av lydar som “ssh” og “sss” kjentest det noko krampeaktig, samstundes som eg kan forstå at han såg det naudsynt å gjere slik for å få dei unge med seg.

Og det fungerte – delvis. Så lenge Isungset involverte publikum var dei med. Men utanom deltakinga oppsto uro, som øydela mykje av konsertopplevinga, og slutten kjentest brå og ufullstendig. Potensialet som ligg i konseptet kom diverre ikkje heilt til sin rett.

Den uheldige opplevinga illustrerer kor mange fallgruver som er der i samband med skulekonsertar – og kor avgjerande rammene er

Kva gjekk gale?
Så vidt eg forsto på Isungset er det vanelgvis ikkje slik. Både utøvar og skule var overraska over reaksjonane undervegs i konserten, og syner kan hende kor sårbar relasjonen er i denne typen av formidling.

For kva gjekk gale? Plasseringa var blitt noko provisorisk, men saknet av videokunst er slik eg ser det ikkje nok til å miste merksemda.

Konseptet rundt Ismusikk er interessant og etter alt å døma er det å lage musikk av is imponerande for dei fleste, uansett alder? Var det for vagt og for lite sprell? Var borna for dårleg førebudd? Har dei for lite erfaring med konsertar? Var omgjevnadane for lite innbydande til konsentrasjon? Eg er like undrande som musikarane såg ut til å vere.

Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik
Ismusikk-konserten i Fetsund Foto: Olav Opsvik

Eit utal fallgruver
Den uheldige opplevinga illustrerer kor mange fallgruver som er der i samband med skulekonsertar – og kor avgjerande rammene er. For sjølv om det er vanskeleg å peike på nøyaktig kva som ikkje stemte denne gangen, er det lite å seie på innhaldet.

Men i apparatet rundt er der også mange avgjerande faktorar, illustrert med mi rekkje av spørsmål over. På eit eller anna punkt har kommunikasjonen mellom Den kulturelle skulesekken som institusjon, gruppa Ismusikk, Garderåsen skule og elevane som går der, svikta, og i det konserten tok til var ikkje borna og musikarane på samme lag.

Å gå på konsert og lytte til musikk er også noko å lære seg, på same måte som det å nå ut til eit yngre publikum er ei krevjande utfordring for både utøvarar, produsentar og andre i apparatet. Forundringa som oppstod etter Ismusikk sin konsert denne gangen syner kor komplisert det kan vere.


Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.

Publisert:

Del: