Jazzorkesteret Urban Connection slapp i april si debutplate, som vart godt motteken av kritikarane. Bandet skal no vitje ein rekke land i Norden og Baltikum.

Urban Connection

Urban Connection, som vart kåra til årets unge norske jazzmusikere i 1998 og uoffisielle europameistarar i Avignon-Frankrike i fjor sommar, er no på ein etterlengta turne. I samarbeid med Vatlestad ans har ein lagt opp ein Norden/Baltikum-turne som ein er midt inne i første del av.

Urban Connection har til no vitja Trondheim, Tønsberg, Oslo og Island, der dei spelte dei tre konsertar. Turneen går no vidare til Baltikum:

3. mai: Vilnius Jazzclub i Litauen
4. mai: Hotel Wesenbergh i Rakvere-Estland
5. mai: Anglican Church-Riga Jazzfestival i Latvia
6. mai: Gallerii Illegaard i Tartu-Estland

Turneen held fram i august med Grønland, Færøyane, Danmark, Sverige, Finland og Åland. Turneen er støtta av Utanriksdepartementet, Nordisk kulturfond, Norsk kulturfond og NOMUS.

I samband med turneen har Urban Connection og slept sin første cd, “Urban Connection”, som har motteke strålande kritikkar. Bandet Urban Connection starta opp i 1996, i samband med eksamenskonsert på jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim.Bandet speler moderne jazz med røter i den musikken som utvikla seg i New York i be-bopens kjølevann på 60-tallet. Dei komponerar sjølv det meste av materialet.

Urban Connection er Frode Nymo (saxofon), Håkon M. Johansen (trommer) og Steinar Raknes (kontrabass).

Publisert:

Del: