Folkemusikar Unni Løvlid etterlyser ei ny stønadsordning for folkemusikarar som jazzmiljøet har bruka gjennom fleire år, ei ordning der søknadene blir handsama ein gong i månaden. Artikkelen er henta fra folkemusikkbladet Kvinten.

Unni Løvlid 2004 forfra, foto: Trygve Schönfelder

Av Anne Hytta

— Eg jobbar med og har mange vener som er medlemmer av Norsk jazzforum. Dersom dei til dømes får tilbod om ein konsert, og honoraret er lågt, kan dei søkje ad hoc-stønad frå Norsk jazzforum til toppfinansiering av prosjektet. Dette treng vi i folkemusikk-miljøet også, no som det er blitt fleire som lever av å vere folkemusikarar, seier Løvlid.

Ikke kritikk
Ad hoc tyder til dette spesielle formålet, i dette spesielle tilfellet, noko som nettopp signaliserer at dette er ei ordning for konsertar eller turnear ein får på kort varsel.

Tone Germaine Martinsen i Norsk jazzforum fortel at ad hoc-ordninga har eksistert gjennom fleire år for jazzmusikarar. Minst ein gong i månaden løyver ho pengar til ei rekkje musikarar. I 2004 var den totale søknadsummen frå musikarar i overkant av 2, 9 millionar kroner, og dei løyvde 1, 35 millionar kroner.

Unni Løvlid er oppteken av at etterlysinga henner ikkje skal oppfattast som ein kritikk mot ordningane som allereie eksisterer i jazz- og folkemusikkmiljøet. Dette må kome som eit tillegg til stønadene som finst i dag, meiner ho.

— Dette er ei funksjonell ordning tilpassa kvardagen til musikarane. Vi vert stadig fleire frilansande folkemusikarar, og det er viktig at vi ser dette no på eit tidleg stadium set i gang ordningar som kan gjere så mange som mogleg i stand til å leve av musikken.

Må stå saman
Det må ei auke til i sentrale løyvingar til folkemusikksektoren om ein skal få til ei ordning tilsvarande den Norsk jazzforum no har. Dette trur Løvlid er høgst mogleg så lenge miljøet går saman om å krevje dette.

— Eg trur vi kan få det til dersom folkemusikarar gjev klart uttrykk for kva vi treng. Vi må engasjere oss, melde oss inn i Musikernes Fellesorganisasjon, stå saman og hjelpe kvarandre fram. Det viktige med ad hoc-ordninga er den korte handsamingstida som gjer at ein får svar på søknaden i løpet av få veker.

Personleg er ho mest interessert i honorarstønad til konsertar i utlandet, kor honoraret ikkje alltid samsvarar med kva ein får i Norge. Tone Germaine Martinsen ser og ein auke i talet på søknader til utanlandskonsertar:
— Når eg les søknadene frå jazzmusikarar, er det nokre gongar latterleg å sjå kva musikarar er villige til å spele for i utlandet, samanlikna med kva dei får i honorar i Norge.

Også folkemusikarar merkar no ei auka interesse i utlandet, og Unni Løvlid trur dette er noko som berre kjem til å gå ein veg:
— Eg trur nordisk folkemusikk kan kome til å bli «det store» på verdsmusikkmarknaden om nokre år. Då er det viktig at musikarar har ein stad å vende seg til om det er knapt med honorar.

Artikkelen er henta fra folkemusikkbladet Kvinten.

Publisert:

Del: