Publisert:

Del:

INTERVJU: I høvet arbeidet med sin dokumentarfilm om Geirr Tveitt, har Sondre H. Bjørgum komme over eit hittil ukjend partitur til ”Baldurs Draumar”. Verket som vart møysommeleg rekonstruert på slutten av 90-talet har truleg ligge trygt forvart i Covent Garden sidan 2. verdskrig. – Det er litt tragikomisk at verket har ligge der heile tida, berre ein epost unna, seier Bjørgum til Ballade.

Geirr Tveitt (Copyright: Gyri Tveitt)

Av Ida Habbestad

Balletten som er rekna som eitt av Tveitts hovudverk fortel historia om den norrøne guden Balder; han som alle skapnader lova evig truskap, og som ingen kunne ta av dage. Alle fekk lov til å leika seg med den usårlege solguden – inntil broren Hod skaut med ein pil av misteltein som ikkje hadde lova truskap.

Verket var fullført i 1934 og fekk fleire ikkje-sceniske framføringar før det forsvann. Først i klaverversjonar i Oslo, Leipzig og Bergen, sidan i orkesterversjon i Universitetets Aula i 1938. Dinest vart delar av verket framført i København og Paris, før historia seier at Geirr Tveitt sende verket til London. Då kom imidlertid krigen, og verket vart aldri framført i England.

— Tveitt sa sjølv at verket forsvann i bombeangrepa under blitzen i London, fortel regissør Sondre H. Bjørgum.

Han arbeider for tida med ein dokumentar om Geirr Tveitt, og har vore særleg interessert i historia kring ”Baldurs Draumar”.

— Då Tveitt var i Paris var han var i kontakt med ein mann ved namnet Bruce Ottley som var tilknytta Royal Operahouse ved Covent Garden, og han sende eller gav denne Ottley verket. Men då han var attende i London i 1947, var det kvartalet Ottley budde i bomba, og verket borte. Sidan fann ein restar av materialet heime hjå Tveitt, etter den store brannen, fortel Bjørgum.

Kartong i Covent Garden

”Baldurs Draumar” er ein av mange Tveitt-komposisjonar som har gått tapt. I 1970 brann heimgarden der storparten av verka var oppbevart, og etter rekonstrueringsarbeidet reknar ein at hans samla produksjon omfatta kring 300 opus. I dag sit me att med om lag 90 verk av komponisten.

Mot all forventning, vart delar av ”Baldurs Draumar” funne mellom anna skadd materiale etter brannen. Med utgangspunkt i dette funnet samt nedteikningar som den russiske komponisten Aleksej Rybakov gjorde av opptaket frå 1938, arbeidde komponist Kaare Dyvik Husby fram ein versjon som vart framført av Bergen Filharmoniske orkester i 2002.

Bjørgum kunne likevel ikkje slå seg heilt til ro med at Tveitts eiga versjon av historia skulle vera ein myte.

— Under innspelinga av filmen vart me nysgjerrige på kva som eigentleg hende med verket, og sende ein mail til Covent Garden. Frå dei fekk me svar; dei hadde ein heil kartong med partituret til ”Baldurs Draumar” som berre låg der, fortel Bjørgum.

Autentisk

Han meiner det kan vera manglande kunnskap som har gjort at verket har kunna liggja der uvarsla i lang tid.

— Eg veit ikkje kor stor komponist Geirr Tveitt er i England; men at dei ikkje har høyrt om han eller historia om det tapte verket er nok årsaka til at dei ikkje har gjort noko med partituret. Samtidig har ein her heime i Noreg støtta seg på Tveitts historie om at det forsvann under bombinga av London. Uansett er det litt tragikomisk at verket har ligge der heile tida, berre ein epost unna, seier Bjørgum.

Bjørgum fortel òg at han er spent på kva versjon dette kan vera.

— Me har sett fotografi av verket, men veit endå ikkje om det er partituret frå framføringa i Oslo i 1938 eller om det er ein annan versjon, seier Bjørgum.

Kanskje får ein svar, i dokumentarfilmen som skal visast på NRK i april/mai. Og med litt flaks får ein med tider sjå ein scenisk versjon av balletten?

Filmen er produsert av Ekkofilm. Meir informasjon om “Baldurs Draumar”, finst her.
For øvrig vert ein eldre film av Bjørgum, også den med fokus på “Baldurs Draumar”, vist under Borealis’ kinoprogram, tirsdag 26. februar.
De faktiske opplysningane i artikkelen er henta frå heimesida til HaugeTveitt.