Minor Majority, Jaga Jazzist og Sidsel Endresen er blant utøvarane som no får turnétilskot frå Norsk kulturråd. Enslaved, Arcturus og Red Harvest får 100 000 kroner kvar til å turnere høvesvis i USA og Europa. Maria Mena får 60 000 kroner til Norgesturné. Fleire konsertarrangørar får tilskot, blant desse er Hole In The Sky-festivalen og Bergen Electronica festival som får høvesvis 80 000 og 60 000 kroner kvar.

Sidsel Endresen, OJF 2003

Turné- og arrangørtilskot rettar seg mot utøvarar og arrangørar som allereie har markert seg regionalt, nasjonalt eller internasjonalt.

Kulturrådet har fordelt 1,4 mill. kroner i denne runden og det vart i alt søkt om 7,9 mill. kroner. Ordninga har ei stor og sterkt aukande søknadsmengde.

Til saman 141 søknader vart handsama. 36 av søkjarane får tilskot.

Det er gitt tilskot til følgjande føremål:

Artistar på turné i Noreg: kr 125 000
Artistar på turné i utlandet: kr 730 000
Arrangørar og festivalar: kr 574 000

Publisert:

Del: