Fyrst av alt lyt eg slå fast at det er triveleg at alle deltakarane i ordskiftet ser ut til å vera samde i at platemeldarar lyt vera fagleg kompetente og vita kva dei skriv om. Diverre ser det ut til at Egon Holstad og Espen Mineur Sætre hev køyrd seg fast i eit “musikken min er tøffare/betre/meir sofistikert enn musikken din” – spor som på ingen måte vert interessant for andre å lesa, skriv platemeldar Arild Torvund Olsen i dette innlegget i musikkmeldardebatten.

Ole Ivars

Av Arild Torvund Olsen, Platemeldar i Norsk Tidend:

Det vert på ingen måte interessant for andre å lesa. Det “brennande” spørsmålet til Mineur Sætre – om me vilde “kjøpt Andsnes av en Turboneger-fan” – er om lag like interessant som spursmålet om me vilde kjøpt ei Andsnes-plata frå ein som er glad i Wagner.

Svaret er sjølvsagt “ja, om vedkomande hev peiling på pianomusikk”. Det å lika Turboneger bør på ingen måte diskvalifisera nokon i eit musikkordskifte, like lite som det å lika Johnny Cash elder Geirr Tveitt automatisk bør kvalifisera nokon. Det viktuge er om platemeldaren (evt. plateseljaren) kan grunngjeva det han meiner på ein måte som gjev meining for lesaren/kunden.

Ein kritikar lyt hava det klårt for seg sjølv kva kriterium han melder ei utgjeving ut frå, millom anna av di det, som Helge Olsen er inne på, ikkje er slik at ein kan nytta dei same kriteria på alle musikksjangrar. Det bør vera ein viktug del av kompetansen til ein platemeldar å vita kva kriterium som er relevante å nytta på kva plata. Og ikkje minst so lyt kritikaren gjera det tydeleg for lesaren kva kriterium som er nytta, slik at lesaren hev høve til å vurdera om plata er meld ut frå kriterium han meiner er relevante.

For å yverdriva litt for å tydeleggjera poenget: Om ein til dømes melder eit verk av Ligeti ut frå kor godt verket er til å dansa til, so fortener verket sjølvsagt å verta rangert som dårlegare enn ein Wienervals av Strauss elder ei plata av Ole Ivars. Men om platemeldaren då hev gjort jobben sin og hev tydeleggjort kriteria i meldingi, so kan lesaren sjølv vurdera om han meiner meldaren hev nytta rette kriterium elder, som i dette høvet, bomma totalt.

Utan ei slik tydeleggjering av kriteria, so vert platemeldingane reduserte til meiningslause innblikk i smaken til platemeldarane, og lesarane sit att utan å vera noko klokare enn dei var før dei las platemeldingi.

Arild Torvund Olsen
Platemeldar i Norsk Tidend (medlemsavisa til Noregs Mållag)

Publisert:

Del: