Urframføringa av verket, som har fått tittel “Reiser”, vert i Voss idrettshall laurdag 8. april.

Trygve Seim (Foto: Colin Eick)

Trygve Seim har i den seinare tid vunne internasjonal annerkjenning både som komponist og orkesterleiar. Utgjevingane hans på ECM har hausta fagnad i internasjonal musikkpresse og han har hatt fleire prestisjefylte festivaljobbar.

Trygve Seim er ein komponist som har byrja med den meir tradisjonelle måten å komponera jazz på der korte melodiar og tilhøyrande akkordskjema dannar eit grunnlag for improvisatorisk samspel, men han har i dei seinare åra nærma seg den klassiske måten å komponera på – der det meste av musikken er notert og improvisatoriske solistparti eller ensembleparti berre førekjem som ein del av/innbakt i det skrivne materialet.

Seim hentar i dag inspirasjonen sin frå klassisk musikk, samtidsmusikk og asiatisk musikk, men har sjølvsagt etter mange år som jazzmusikar, jazzkomponist og jazzlyttar ei sterk forankring i jazzmusikken, spesielt det som vedrører rytmikk, frasering og harmonikk.

Verket til Seim har fått tittel “Reiser”, og til framføringa vil han i tillegg til seg sjølv på saksofon ha med seg:

Håvard Lund, klarinett og bassklarinett, Torben Snekkestad, bassaks, Arve Henriksen, trompet, tba, horn, Lars Andreas Haug, tuba, Frode Haltli, accordeon, Kristine Martens, cello, Per Oddvar Johansen, trommer og tba, perkusjon. Asle Karstad vil stå for lyddesign.

Denne kunngjøreingen er hentet fra Vossajazz’ hjemmesider. Fullstendig program for Vossajazz offentliggjøres i dag.

Publisert:

Del: