Håpet er å få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken.

Tango, Gediminas Karoblis (Foto: karoblis.apie.lt/)

Dagsseminaret i Trondheim den 18. september tek opp temaet evaluering av pedagogikk innafor folkedansefeltet: Kva slags pedagogiske prinsipp kan brukast, og kva resultat gjer ulike typar pedagogikk i høve til ein tradisjon som har vore kroppsleg/ikkje verbalisert.

Seminaret er ei praktisk vidareføring av Rundebordskonferansen som Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD), Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff)og Ole Bull-akademiet hadde på Voss 23. mars, der ein fikk eit rungande ja til eit utøvande studium i tradisjonsdans.

Noreg har nyleg ratifisert UNESCOs konvensjon om den immaterielle kulturarven. Som eit ledd i satsinga på å ta vare på Noregs immaterielle kulturarv vert tiltak for å verne folkedansen ei viktig politisk satsing. ”Bygda dansar” er allereie ei slik. Håpet er no å også få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken. Det føreligg allereie planar for ei slik utdanning laga i samarbeid mellom Dansevitskap/Rff-sentret og Ole Bull-akademiet, men ved ei realisering vil det bli nødvendig med ei nærare konkretisering av pedagogiske prinsipp og innhald. Kva pedagogiske prinsipp bør liggja under for planlagt utøvarutdanning i folkedans?

Seminaret ønskjer å sjå på og invitere til diskusjon omkring pedagogiske prinsipp for opplæring i norsk folkedans allereie utvikla og under utvikling av pedagogisk personale som jobbar med folkedans i det høgre utdanningssystemet i Noreg. Innleiargruppa er personar knytte til Rff-sentret og deira pedagogiske verksemd. Desse er Dansevitskap ved NTNU og samarbeidspartnar Folkekulturforbundet og Norsk folkelig dans, Ole Bull-akademiet og Bygda dansar.

Gediminas Karoblis, dr. phil og danselærar frå Litauen vil danna eit teoretisk grunnlag for diskusjonen omkring kroppsleg refleksjon.

I tillegg vil Birgitte Rørvik Bruun frå danselinja på Manger folkehøgskule ha eit innlegg. Ein skriftleg rapport i etterkant av seminaret vil danna utgangspunkt for vidare arbeid med temaet både innafor ramma av immatrikuell kulturarv og utøvarutdanning.

Seminarleiar: Egil Bakka
Innleiarar: Ami Peterson Dregelid, Siri Mæland, Kari Margrete Okstad, Vegar Vårdal, Birgitte Rørvik Bruun og Sigurd Johan Heide.
Målgruppe: Dansepedagogar/danseinstruktørar som vil føra debatt om pedagogikk eller påverka læreprinsippa i utøvarutdanninga.

Tid: Tysdag 18. september kl 10-16 ved Rff-sentret, Trondheim
Påmeldingsfrist: Måndag 8. september.
Pris: 200 kr for inkl. lunsj. (100 kr for stud/0 kr for stud. som ikkje skal ha mat.)
Arrangør: Rff-sentret i samarbeid med Folkekulturforbundet, Ole Bull-Akademiet, Bygda dansar og Program for dansevitskap, NTNU.

Det er Rff som melder dette.

Publisert:

Del: