Når trønderrocken no finn nye arenaer, ny innpakning og nye presentasjonsformer: fornyar den seg sjølv samtidig som den held på kjernen sin? Eller blir det berre meir av det same? Kva gjer i så fall det, spør Johan Einar Bjerkem.

Johan Einar Bjerkem Foto: Hilmarfestivalen

Det har vore ein stor diskusjon om kva som er trøndersk identitet dei siste par vekene. Er det trønderrocken, folkeleg amatørteater eller avantgarde kunst? Ingen ting av dette kan takast og kjennast på – det er immaterielt – og gjennom debatten ser vi at det immaterielle betyr like mye som materielle ting for identiteten vår.

Om kultur får eit tidsdjup i seg kan vi snakke om kulturarv. I Stiftinga Hilmar Alexandersen – som mellom anna står bak Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans og Hilmarfestivalen – arbeider vi med dans, musikk, handarbeid, matlaging, forteljing, feiring av høgtider og handtverk: Alt dette og meir til er kulturarv. I dagleglivet er vi kanskje mest vant til å tenke på å ta vare på fysiske gjenstandar som hus, båtar, bygningar, klede, vegar, gravfunn, bilar osv når vi snakkar om kulturarv og kulturvern. Men det er jo meir enn dette: Noreg har også skrive under på UNESCO sin konvensjon om vern av immateriell (ikkje materiell) kulturarv. I den nye kulturvernplanen for Steinkjer kommune er størst plass via den materielle kulturen. No er det også på tale å sjå meir på korleis vi kan arbeide for å ta vare på den immaterielle kulturen.

Ein immateriell kulturarv som stivnar og frys fast i ei form, vil snart bli uaktuell for si eiga samtid.

Derfor arrangerer Hilmarfestivalen i samarbeid med Nord-Trøndelag Kulturvernråd eit seminar om immateriell kulturarv på opningsdagen vår onsdag 4. november. Her starter vi med å sjå på avdukinga av kunstverket Korps-Corps på torget. Kunstnarane Lars Paalgard og Guri Dahl har i vår regi gjennom Den kulturelle skolesekken treft alle 5. klassingane i kommunen og arbeidd med ein tradisjonell slått av Hilmar Alexandersen. Dei har arbeidd med denne slåtten, og av dei gamle og utrangerte blåseinstrumenta i kommunen – (som først blir brukt som rytmeinstrument i musikkdelen av prosjektet) lagar dei så ein installasjon som skal avdukast på torget, akkompagnert av musikken – og ein nykoreografert dans.

Med dette som utgangspunkt skal seminaret ta for seg kva som er kulturarv, og korleis ein kan ta vare på den ved at den heile tida må finne nye uttrykksformer for å vere aktuell i si eiga samtid. Ein immateriell kulturarv som stivnar og frys fast i ei form, vil snart bli uaktuell for si eiga samtid. Kanskje er det slik at når trønderrocken no finn nye arenaer, ny innpakning og nye presentasjonsformer fornyar den seg sjølv samtidig som den held på kjernen sin? Eller blir det berre meir av det same? Kva gjer i så fall det? Om vi ser på eit litt eldre lag i den trønderske tradisjonen – polsen: Har polsdansen vår stivna i ei form som er for trong og snever?

Dagens samfunn har også utvikla seg i den retninga at gjenstandar og ting kostar mindre og mindre, det som aukar i verdi er opplevingar.

Dagens samfunn har også utvikla seg i den retninga at gjenstandar og ting kostar mindre og mindre, det som aukar i verdi er opplevingar. Mange forskarar og økonomar har snakka om den nye opplevelsesøkonomien som veks fram no – og den bygger – akkurat som ein stor del av kulturen vår på det immaterielle. Korleis set ein pris på og måler ein det som ikkje har noko materie? Vi er truleg berre i starten på eit stort økonomisk skifte – og da blir det viktig for oss kva trønderane kan bringe til torgs til resten av verda. Spørsmål som: Kva gjer oss til trøndarar? Kva er ein trønder? Blir aktuelle både når det gjeld identitet og økonomi.

På seminaret vårt på Hilmarfestivalen kjem den islandske forskaren Gudrun Ingimundardottir og fortel om arbeidet med immateriell kulturarv på Sagaøya, og Marit Stranden frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans skal snakke om dette arbeidet her til lands. Vi får også høre om arbeidet som går føre seg med dette temaet i kommunen, og vi skal diskutere korleis eit slikt arbeid kan drivast vidare her, for å utvikle området, og styrke oss sjølve og kulturuttrykka.

Dette er ein stor debatt – kva er det som skapar verdiar i liva våre? Kva skal vi leve for – og i neste omgang – kva skal vi leve av? Kom og ver med på diskusjonane rundt dette – og ver med og form vegen vidare i arbeidet med den immaterielle kulturarven i regionen på seminaret på Hilmarfestivalen.

Johan Einar Bjerkem er festivaldirektør i Hilmarfestivalen

Ein versjon av dette innlegget sto på trykk i Trønderavisa 23. oktober.

Publisert:

Del: