av:

Publisert:

Del:

- Det finst ein gravitasjon som trekkjer mot det konforme i operahusa, sa Trond Reinholdtsen i ein debatt om opera søndag.

L'Etoile
L'Etoile, © Carol Rosegg, New York City Opera

Kvifor skriva opera i det 21. århundret?

Dette spørsmålet var utgangspunkt for diskusjon på Dramatikkens hus søndag.

I panelet sat kunstnarleg leiar for Ad Opera!, Michael McCarthy, operasjef Per Boye Hansen, dramaturg Bibbi Moslet, regissør Kai Johnsen, komponistane Sir Peter Maxwell Davies og Trond Reinholdtsen, og direktør for Den Nye Opera, Mary Miller.

Rett nok kom ein ikkje mykje inn på spørsmålet om kvifor. Boye Hansen var den som tangerte det nærmast, eit stykke inn i samtalen.

– Peter Maxwell Davies har fortalt oss noko om kvifor ein må skriva nye stykke. Verda endrar seg, og me treng å utvida måten me forstår korleis me lever på. Musikk og tekst er fine område for å uttrykkja dette, og operahusa ein fantastisk stad for formålet, sa han.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Utdanning og økonomi
Før og etter denne utsegna krinsa debatten mykje ved spørsmålet om premissa for å få fram nye verk. Trengst meir og anna utdanning – av utøvarar og publikum? Bør produksjonen av nytt liggja i eller utanfor institusjonen?

Svaret vart eit både òg. Boye Hansen meiner utdanninga må utviklast vidare, samstundes som han finn at songarar i dag har breiare kompetanse enn for 10-15 år sidan.

Moslet meiner dagens songarar gjerne er kompetente til å synga nytt, men trur likevel det ville vera fornuftig med eit eige kompani som kunne teke seg av det nye i institusjonen.

– Utfordringa ligg heile tida på det økonomiske planet, sa ho.

– Institusjonane burde kanskje hatt ei forplikting til å inkorporera små grupper, slik ein hadde på 50-60 talet i svensk teater. Ei lita gruppe fekk det dei trengte for å skapa nye produksjonar. Så reiste dei med desse på turné. Det skapte ein boom av teater i Sverige, fortalte ho.

Pedagogikk og engasjement
Miller henta fram operaens utfordring med å trekkja folk til nye verk. Kven skal ta arbeidet med å utdanna dei vaksne så dei vil lytta til moderne opera, spurte ho. Ho peikte på relasjonelle prosjekt som eitt mogleg verkemiddel, og viste til ein produksjon av Othello i Birmingham der lokale utøvarar og profesjonelle sto saman på scena.

Meir om Birmingham Opera Company

– Spørsmålet er vel òg om komponistar kan tenkja seg å skriva slike stykke, og korleis ein tenkjer om å setja opp noko i ein institusjonell setting, sa Miller.

– Eg har arbeidd mykje i Covent Garden, og i ein del andre større operahus, sa Davies.

– Erfaringa over alt er den same: Operahusa ser ut til å få godt besøk så snart ein set opp noko som er verkeleg bra. Når noko held høg nok kvalitet, trur eg folk kjem, før eller sidan.

Alt eller ingenting?
McCarthy sitt synspunkt talte lengst i retning av det nye. Han presenterte sin draum om operahus som ikkje berre utvikla nytt ein gong imellom, men som har overvekt av nye verk på programmet.

– Det ville utgjera ei levande form for meg, sa han.

Trond Reinholdtsen meinte motsett, og var den i panelet som mest tok inn over seg spørsmålet for dagen. Det vil seia, han argumenterte for kvifor ein ikkje skal skriva opera i vår tid.

– Det er eit faktum at operahusa framfører meir gamal enn ny musikk. Ein refererer til at operaforma er død: At den døydde i 1924, same året som Puccini, den siste komponisten utan noko problematisk tilhøve til forma. 1924 var også året då Wozzeck hadde premiere. Sidan har mesteparten av det interessante i musikkteateret skjedd utanfor operahuset. Eitt av stykka som gjorde meg interessert i opera i det heile var Eight Songs for a Mad King av Peter Maxwell Davies, skrive for eit eige kompani utanfor institusjonen. Stykket introduserte ein heilt ny måte å nytta stemma på. I dag kan ein kanskje finna stykket i operahusa, men ikkje då det var nytt.

Utdrag frå Eight Songs for a Mad King:

Reinholdtsen rår dei som vil eksperimentera til å gå utanfor forma.

– Eg likar å seia til komponistar: Ikkje skriv opera! Andre område er meir ideomatiske for eksperimentelle musikkformer. Komponistar vil jo gjerne skapa nye sjangrar. Til og med Wagner sa at det ikkje var opera han skreiv, men musikkdrama. Eg trur dei fleste strukturar innan det me kallar opera arbeider litt mot oss: Det finst ein gravitasjon som trekkjer mot det konforme i huset. Dette er eit problem for operahusa, og ikkje for komponistane, meiner eg.

Husets problem
– Eg er samd i at dette er eit problem for operahusa først og fremst. Å vera i stand til å eksperimentera burde vera ein del av eitkvart operahus, svarte Boye Hansen.

Samstundes henta han fram att dei økonomiske og historiske problemstillingar.

– Det er og blir ei utfordring at det er dyrt. Operaforma i seg sjølv kom til slik, utanfor institusjonen. Og på dansefeltet har så godt som alt alternativt funne stad utanfor huset. Forma sin karakter er at ein heile tida vil utvida, revolusjonera. Operahistoria er slik; ein skapar nye idear og potensial, og så endar det opp med ei representativ form som er konservativ. Som operasjef meiner eg me skal vera merksame på dette, lytta og vera nyfikne for å finna dei som kan skapa revolusjon innan husa. Det treng me.

Les også: Nå blir det revolusjon

Opera eller musikkteater?
Argumentet vart følgt opp med ulike synspunkt som rører seg kring spørsmålet om opera som sjanger – kanskje også spørsmålet om kva som kan gå føre seg i eit operahus.

– Slik eg ser det, er det mange flinke folk som ikkje eigentleg vil laga opera, men musikkteater. Fordi ein kjenner seg i skvis mellom filtera i operaen av musikalsk tradisjon, og eit publikum som er svært konservativt. Det er altså ikkje berre eit spørsmål om pengar, sa Johnsen.

– Folk har ofte eit svært låst bilete når ein snakkar om sjangeren. Eg meiner det er ei utfordring å få folk til å tenkja nytt om opera, sa McCarthy

– Ein kan ikkje bestemma korleis ein sjanger er, den utviklar seg jo. Det er dei store husa kanskje ikkje flinke nok til å sjå, sa Moslet.

Medan Boye Hansen peika mot komponistane sjølve som eit konserverande element i opera.

– Du har komponistane som leitar etter den gode historia, og lagar fin musikk til den. Det er dømt til å mislukkast etter mi meining. Så har du komponistane som er vande med den symfoniske verda, som kjem til operaen av di dei gjerne vil ha inn det visuelle aspektet, for kanskje å nå ut til fleire. Me treng ikkje nokon av delane. Det er nødvendig at komponistane lærer innsida av eit operahus å kjenna. Det me treng er komponistar som vil gå inn i huset, og forsøka å forstå kva dramaet er.

Følg musikkdebatten: Ballade på Twitter

Paradoks
For underteikna sto spørsmålet att – om ikkje den siste haldninga er ambivalent.

På kva plan ynskjer ein eksperimentering med forma – ei etterlyst revolusjon i husa – når ein føreset at komponisten underordnar seg gesamtkunstverket og operahuset sine strukturar?

Dette spørsmålet kom aldri på banen – det vart ikkje tid til spørsmål frå salen.

Debatten vart arrangert av AdOpera Utvikling og Dramatikkens hus 11. mars. http://www.dramatikkenshus.no/pub/dramatikkenshus/kalender/?aid=2028&eid=2029