Ensemble recherche-2/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ultima.no

Transparente klangar

KONSERTMELDING: – ensemble recherche har stått bak ein av dei meir stemningsfulle konsertane under Ultima dette året. Når mange komponistar står på programmet er det ofte det ueinsarta som kjem fram. Det var spanande å sjå korleis resultata her – skrivne av så vidt ulike opphavsmenn – gjennom utforskinga av dei felles historiske utgangspunkta ofte hadde liknande utfall, skriv Ballades meldar om konserten.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Ida Habbestad

Som namnet tilseier er ensemble recherche kjend for sin søken og nyfikne haldning. Ensemblets fløytist formidlar det i programmet gjennom Emil Bernhardt: Hovudmotivasjonen har vore å oppfatta recherche-omgrepet i vidast mogleg forstand, og ein har medvite søkt mot nye stykke, speleteknikkar, fremføringssituasjonar og publikumsgrupper.

”The Witten In Nomine Broken Consort Book” er eit godt døme på dette. Den første versjonen i 1999 besto av 14 komposisjonar, der ulike komponistar var inviterte til å skriva ein kort komposisjon med utgangspunkt i eit renessanseverk frå den engelske In Nomine-tradisjonen.

I dag er verka meir enn 45 i talet – og ideen er stadig den same: Frå den originale antifonen skal komponisten laga eit kort verk for ein fritt valt samansetjing av musikarar frå ensemblet.

Transparent klang

Det var eit snev av ECM-sound over dei 15 ”In Nomine”-verka på programmet i Jakobskirken laurdag. Her var transparente, lyse og velintonerte klangar – få store utbrot og heller ei meditativ og stille utforsking.

I programmets første halvdel var det lett å gå vill. I programmet sto verkkommentarar i hytt og pine, og ein skulle halda tunga rett i munnen for å få med seg kva verk som vart framført til eikvar tid.

Men denne moglege forvirring var til sjuande og sist ikkje særleg problematisk. Istaden tydeleggjorde den korleis kvart verk kunne inngå som satsar i eitt større verk, komponert av mange.

Når mange komponistar står på programmet er det ofte det ueinsarta som kjem fram, og det var spanande å sjå korleis resultata her – skrivne av så vidt ulike opphavsmenn – gjennom utforskinga av dei felles historiske utgangspunkta ofte hadde liknande utfall.

Flyktig og mediterande

Til dømes virka det som om mange av komponistane freista plassera musikken utanfor tid og rom, truleg inspirert av den polyfoniske tankegongen i renessansestykka. Ut frå dette fekk me fleire døme på lineære, ikkje-horisontale og ikkje-pulserande forløp som svevde i rommet meir enn å gå framover.

I dei mange korte verka var det sjeldan rom for store og komplekse forløp, men heller presentasjonen av ein enkelt ide, ein tanke som vart skissert, tidvis fragmentarisk, før den var over.

Dette flyktige og samtidig mediterande lydde overveldande vakkert. I tillegg hadde mange komponistar valt eit lite instrumentarium, ofte med sopraninstrument eller ein let instrumenta spela lyse klangar. Mest ekstremt var det kanskje i ”Schnee” av Abrahamsen, der det skimrande rådde grunnen, og ein kunne telja få innslag av djupne, medan Sciarrino sto bak eitt anna stillfare stykke, som krinsa kring enkelt-tonar, klaffelydar og stille. Kurtag sitt verk for bassklarinett var ei kjærkomen avveksling i så måte – med ei større utforsking av den instrumentmessige djupna.

Odde og vakkert

Fleire komposisjonar likna Webern sin orkestrering av Bachs ”Ricercare”, og med dei lange linjene som utgangspunktet klang desse meir poengterte versjonane underleg avbrotne, skrudde, ”out of style”.

Sjeldan høyrer ein musikk så heilskapleg samansett, så odde og stemningsfull på same tid. Det einaste eg kunne ha å utsetja på denne konserten var lengda – som i den seine nattetimen vart eit ørlite bel for lenge.

Men at det ni mann store ensemblet er mellom Europas ledande innan samtidsmusikk – og ikkje minst innan samtidsmusikkformidling – er det ikkje tvil om, og for underteikna var opplevinga mellom dei større i årets festival.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.