Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag arrangerte torsdag et heldags seminar om organiseringen av norsk folkemusikk. Her er en rapport fra seminaret.

Folkedansere_ill. (haugtussa.com)

Seminaret var besøkt av rundt 50 deltakarar, deriblant statssekretær Halvard Ingebretsen fra Kulturdepartementet. Frode Rolandsgard i Landslaget for spelemenn har skrevet dette referatet.

Av Frode Rolandsgard, Landslaget for spelemenn

Ingebretsen gjekk langt i å love meir pengar til folkemusikk (og dans) dersom organisasjonane ville klargjera strukturane sine. Både festivalar, utøvarar, organisasjonar og byråkratar frå heile folkemusikkfeltet hadde take turen til Musikkinformasjonssenteret.

Åshild Vetrhus og Randi Skeie, dei to styreleiarane frå NFD og LFS, innleidde seminaret med å tale om felles utfordringar og konkrete grep som dei to organisasjonane kunne ta for å effektivisere arbeidet for norsk folkemusikk. Men dei understreka samstundes at dette ikkje var noko dei gjorde for å spare pengar, men derimot for å få meir ut av pengane.

Felles informasjonsavdeling

Eit av forslaga frå styreleiarane var ei felles informasjonsavdeling for folkemusikken. Her ønskte dei å legge eit nytt fagtidsskrift med ressursar frå både Kvinten og Spelemannsbladet, dessutan Årbok for norsk folkemusikk og ein felles nettportal for norsk folkemusikk.

Felles avdeling for profesjonelle tiltak

Innanfor arbeidet for profesjonelle utøvarar har det skjedd mykje dei siste åra. Norsk folkemusikkformidling (NFD) og Folkelarm (LfS) har arbeidd tett det siste året, i tillegg til at ein har fleire samarbeistiltak slik som Norsk folkemusikkatalog, Folkemusikkscena og INTRO-folk. Styreleiarane foreslo å slå desse tiltaka inn under ein felles avdeling.

Til slutt såg dei to styreleiarane framover, og tenkte høgt på korleis ein kunne sjå for seg ein ideell organisasjon for norsk folkemusikk. Møtelyden fekk vera med å tenkje på dette etter lunsj.

Vidare i seminaret prata forskaren Georg Arnestad om sektoren sett frå utsida. Arnestad har evaluert sektoren i fleire omgangar og kjenner godt til utviklinga dei siste åra. Råda frå Arnestad var fleire, mellom anna at sektoren sjølv burde peike ut vegen vidare og ikkje la departementet teikne kartet. Han var elles positiv til ei omorganisering, men ba oss legge vekt på sniglefart framfor turbofart.

Tore Flesjø, dagleg leiar for Norsk Jazzforum, fortalde om samanslåingsprosessen som jazzen var i gjennom på 90-talet. Utfordringane for jazzmiljøet var særleg å finne gode samarbeidsformer mellom dei profesjonelle artistane og konsertarrangørane/festivalane. Flesjø sa at jazzen hadde fått stor utteljing for omorganiseringa, og alternativet til ein felles organisasjon er i dag lite realistisk – ein ser at ein vinn på å stå saman. Flesjø ropte Hurra! for iniativet, og ba spøkefullt møtelyden signere for ein ny organisasjon ved utgangen. Folkemusikken er sterkt underfinansiert sa han til slutt, tydeleg adressert til kutlurdepartementet.

Svein Bjørkås, direktør på MIC (Norsk musikkinformasjonssenter), prata om informasjon og informasjonsstrategiar for folkemusikken. Han la særleg vekt på at folkemusikken må tenkje meir utadretta – og ikkje vera så interne i kommunikasjonen med omverda. Avstanden mellom artisten og konsumenten blir mindre og mindre pga dei digitale moglegheitene sa, Bjørkås. Promotering og informasjon blir difor viktigare og viktigare for dei profesjonelle artistane – og oppmoda oss om å byggje opp ein sterk informasjonsavdeling med tett kontakt med m.a. MIC. Han lova også sterkare innsats frå MIC for folkemusikken i tida framover.

Utøvar Sigrid Moldestad prata om kva dei profesjonelle utøvarane treng frå organisasjonane. Ho vektla både grunnopplæringa heime i Nordfjord, men også dei profesjonelle tenestene som NFD hadde bygd opp. Ei samanslåing og ein brei organisasjon er sterkt velkomen, sa Moldestad.

Dagleg leiar Terje Foshaug i Kalottspel fortalde om organisering sett frå festivalane si side. For han var gode møteplassar for festivalane viktige. Folkelarm var såleis ein viktig arena, og han etterlyste at nokon tok ansvar for å samle festivalane og kanskje for å skape felles prosjekt som kunne visast fleire plassar enn på ein festival. Hilde Bjørkum kunne informere møtelyden om at knutepunktfestivalen Førde allereie hadde take kontakt med LfS om å organisere ein slik felles møteplass på Folkelarm.

Statssekretær Halvard Ingebretsen tok ordet etter innlegga og ønskte ei omorganisering velkomen. Han sa mellom anna at dei hadde oppfatta folkemusikkfeltet som veldig fragmentert. Det kunne nok koma felles ønskje frå sektoren, men ein mangla krafta som skal til for å få gjennomslag, sa han. Ingebretsen avslutta med å si at “det er fornuftig å samle kreftene, da kommer det også mer penger på bordet”

Etter innlegga var det gruppearbeid og plenumsdebatt. Debatten var særleg prega av diskusjonar om grunnopplæring og kulturskulane sin plass i ein framtidig organisasjon, men ein fekk også fram synspunkt som gjekk i mot ein felles organisasjon for folkemusikkfeltet.

Mellom anna sa styreleiar i NU Gunhild Berge Stang at ho var i mot omorganiseringar som kom som eit resultat av tvang frå departementet, og Agnes Buen Garnås sa at ho hadde opplysningar om at små interesseorganisasjonar høyrde framtida til, i staden for store organisasjonar som kanskje ikkje meistra eit stort arbeidsfelt.

Fleire innlegg kom inn på Noregs Ungdomslag si rolle i ein framtidig organisasjon – innlegga sprikte frå å foreslå tett samarbeid med ein framtidig organisasjon til å vera i mot ein ny organisasjon.

Dei to styreleiarane i LfS og NFD lovde å arbeide vidare med det dei hadde sagt i innleiinga allereie frå i morgon.

Denne rapporten ble først publisert på folkemusikk.no

Publisert:

Del: