Wiik fekk prisen av Ung i Kor for sitt arbeid gje unge jenter ei god songskolering.

Tone Wik, © Ung i kor

Prisen til Årets barnekordirigent for 2017 blir tildelt Tone Wik.

Prisen, som deles ut av Ung i Kor, er på 25.000 kr, samt eit håndfast bevis i form av ein støypt stemmegaffel.

Juryens grunngjeving:
Gjennom å i over to tiår ha arbeidd med å gje unge jenter ei god songskolering og store musikalske opplevingar, ved sida av eigen songkarriere, er ho eit godt føredøme ikkje berre for sine eigne songarar, men også for andre norske musikarar.

Wik er utdanna songar frå Noregs Musikkhøgskule og Konservatoriet i Haag, og har i tillegg til det utøvande arbeidet vore leiar av Steinerskolens jentekor, som ho sjølv grunnla i 1996. Wik har sjølv i høg grad arrangert og tilpassa eit variert repertoar, og lagt opp til at koret også får mange høve til å samarbeide med profesjonelle aktørar.

Publisert:

Del: