Søndag lanserer Det Norske Solistkor sin nye CD “Telling What is Told”, med komposisjonar basert på Shakespeares tekstar. ”Ei uregjerlig songglede gjennomsyrar William Shakespeares verk”, skriv Edvard Hoem i coverteksten til plata: ”Ofte kan ein få ei kjensle av at verket hans er musikk”. – Vi forteller noe som allerede er fortalt, seier Solistkorets dirigent, Grete Pedersen. – Det er sammenstilt med et slags nytt musikalsk uttrykk, men samtidig vet vi at tankene er tenkt før. De eksistensielle spørsmålene er de samme. Ballade har snakka med dirigent og coverforfattar om den nye CD-en.

Det Norske Solistkor 2006-1/Foto: C. Wesenberg

Av Ida Habbestad

Den første kimen til dette prosjektet kom alt på 1980-talet, då Grete Pedersen oppdaga Frank Martins songar om luftånda Ariel, basert på Shakespeares skodespel ”Stormen”. Sidan oppdaga Pedersen songsyklusen ”Fancies” av Sven Erik Johansson, og vart nok ein gong fascinert.

Over ein periode på omlag 20 år har stadig nye komposisjonar komme til, og etterkvart danna eit fullstendig program basert på Shakespeare-tekstar. Dette har Soliskoret nytta på Rikskonsertturné og i ulike andre samanhengar, før det no er fest på CD og vert lansert søndag.

Livsunder og kjærleik
Korleis komponerer ein så eit slikt program? Mellom dei 154 sonettene og dei mange skodespela er det gjort eit breidt utval på denne CD-en. I utgangspunktet kan det sjå ut som ei heilt tilfeldig samansetjing, ut frå kva som fanst tilgjengeleg av komposisjonar over dette materialet. Likevel framfører platetittelen for underteikna eit bodskap; det gjev nærast ein lovnad om ei forteljing.

Kva ynskjer Solistkoret å formidla gjennom plata?

— Vi forteller ikke en historie, seier Pedersen. – Men CD-en har likevel en ganske klar ramme. Alfred Jansons stykke som innleder plata, handler om kunstnerens store traume: ”Hvorfor kan jeg ikke skrive noe nytt, jeg skriver bare det samme om og om igjen”. Så kommer svaret: ”Akkurat som sola er ny og gammel hver morgen, er min kjærlighet til deg den samme”. Mot slutten av plata kommer dette temaet tilbake med Håkon Berge sitt stykke, som handler om hvordan liv forsvinner om vinteren, men spirer på nytt når våren kommer.

Stykka av Janson og Berge er bestillingsverk Solistkoret gjorde til sitt 50-års jubileum i 2000. Tekstane dei har valt handlar om det sykliske, det som vender attende, livsunderet og kjærleiken – og desse tema står dermed som grunnpilarar på plata. Likeeins er naturen, vatnet, mennesket og døden gjennomgåande; det er dei eksistensielle spørsmål ein er oppteken av.

Filigramsarbeidet
Den skisserte ramma favnar soleis eit stort spenn – heile livet sjølv. Det kan dermed vera naturleg at Sven Erik Johansson har sett saman ein syklus beståande at songar frå eit stort utval av Shakespeares skodespel. Johansson handsamar det likevel enkelt:

— Stykkene til Johansson har noe lite og enkelt ved seg, samtidig som det er noe dypere i dem, fortel Pedersen. – De minner meg om et galleri jeg en gang var på. Det var et rom med hvitmalte vegger, hvor det eneste som var hengt opp var 8-9 sølvsmykker. Dette virker er i utgangspunktet lite, men så begynner øyet å zoome seg inn mot det lille smykket, og man ser filigramsarbeidet, at det er mange detaljer og perler som får skinne for seg selv. Slik synes jeg stykkene til Sven Erik er; tilsynelatende er bare det lille smykket der, men når man kikker nærmere etter, har de så mye mer ved seg. Johansson er en veldig interessant komponist, han har en renessansesjel, sies det, med en allsidig begavelse, og en humanistisk tankegang.

Til saman vert det rikt
I vår samtale har forfattar Edvard Hoem, som har skrive coverteksten til plata, etterkvart slutta seg til. Han oppfattar synspunkta om det store omfanget av tema, men skyt inn at dette innhaldsmessig store omfavnet naturleg er begrensa av det formmessige – og at variasjonen soleis er ein fordel:

— Sonettene er jo heilt identiske når det gjeld ytre form, seier Hoem. – Difor er det vanskeleg å få variasjon i dei, og det er ein fordel at det er ulike kunstnarlege uttrykk mellom komponistane. Til saman vert det rikt.

Med sine ti omsetjingar av Shakespeares skodespel, framførte på Det Norske Teatret, Teateret Vårt i Molde osb, har han ei inngåande kjennskap til Shakespeares tekstar – og ein sterk kjærleik til den gamle forfattaren. Han er difor glad for den foreliggjande plata:

— Eg tykkjer det er ein begivenhet at me får ein slik plate av eit norsk kor! Eg fryder meg rett og slett over dette prosjektet; for det finst mykje musikk til Shakespeares tekstar, men her er det moderne musikk!

Er eitt kor éin – eller mange?
Hoem har skrive i coverteksten om korleis han meiner det er ei stor utfordring å tonesetja Shakespeares tekstar, med di dei gjerne inneheld så mykje musikk i seg sjølve. I tillegg skriv han at det er ei utfordring å skriva for kor, i motsetnad til å skriva for ein trubadur eller ein enkeltsongar.

Kva legg du i det?

— Det er jo ofte ei individuell stemme, eller eit utrykk for ei individuell kjensle i det lyriske som ytrar seg i songane til Shakespeare, seier Hoem. – Sonettene er typisk éin manns tale, dei er monologiske. Det utfordrar i eit kor.

Men treng eit kor nødvendigvis å representera mange stemmer? Og korleis møter koret eventuelt dette problemet?

— Det er solister som kommer og går, når det trengs et mer individuelt uttrykk, seier Pedersen. – Av og til har jeg gått vekk fra å tenke homogen klang, til heller å tenke heterogen klang. Det er helt ok at en sanger er mer fremtredende, og så velger man andre steder et mer felles uttrykk. For det skal få være en klangrikdom; det skal ikke bare være én fin korklang som er lik gjennom hele platen, men det skal komme fram forskjellige klangtyper; jeg vil få brukt spekteret i stemmen. Det handler selvfølgelig også om tanken mot skuespill. Det ville bli annerledes om en skuespiller ville lest det, men likevel holdes tanken om at dette er en tekst som skal bæres fram.

Ein felles tone?
Me har så langt halde fokuset på teksten. Pedersen fortel til dømes om språklege utfordringar. Tanken om å gjera det autentisk på gamalengelsk, som vart gjeve opp i møtet med mange diskusjonar om uttale, betydning osb. Samstundes er det eit privilegium å få arbeida med eit slikt tekstmateriale, meiner Pedersen; det er ikkje alltid ein har ein så rik tekst som her.

Kva så med det musikalske? Hoem spør i coverteksten om det finst ein samlande tone i det tekstlege. Han finn eit slags svar. Mange av sonettene har nemleg det til felles, at ”dei er så friske, så ukunsla, så nakne, så fysiske, så knytte til kroppen, til sansane, til rørslene våre, lengslene våre, og til den naturen som omgir oss, tett inn mot elementa, tett på årstidene, tett på natt og dag, på skumring og daggry, på lerkesong og vår, på haust og regn”. Og han lanserer dermed sin teori, om at ”Den som har skrive dette har forlate eit naturleg landsens liv til fordel for eit liv i den larmande storbyen”. Møtet med ”den overfolka, tronge og moderne storbyen London skapte den store songaren Shakespeare!”, skriv Hoem.

Kan ein òg finna nokon felles tone i dei foreliggjande verka? Gjer komponistane noko felles i si tilnærming til dette materialet? Dirigent og forfattar tenkjer seg om.

— Alfred Janson, Hålon Berge og Sven Erik Johanson har alle sammen en melodisk åre. Det er en genuin formsikkerhet, byrjar Pedersen.

— Me høyrer at dette er musikk som er skrive i det 20. århundret, seier Hoem. – Men samstundes tykkjer eg det er noko tidlaust over det. Komposisjonane går inn i ein klassisk tradisjon, i det ein kommuniserer med ein tekst frå eit fjernt århundre. Dermed er det ein melodisk grunntone her, som bér med seg ein annan klang enn den som er frå vår tid.

Eit merkeleg univers
Med det tangerer ein grunnlaget for tittelen på plata, meiner Pedersen. ”Telling what is Told” er henta frå ”Sonette nr 76”, og spelar på konflikten mellom diktarens sterke trong til nyskaping, og innsikta i at det i gjentakinga kan finnast ei sterk kraft, noko som ikkje er meiningslaust:

— Vi forteller noe som allerede er fortalt. Det er sammenstilt med et slags nytt musikalsk uttrykk, men samtidig vet vi at tankene er tenkt før. De eksistensielle spørsmålene er de samme, seier Pedersen.

Hoem held fram, og konkluderer:

— Shakespeare er like aktuell alltid! Det som er tilfellet med Shakespeare, her som elles, er at han har så vidt spekter. Nokre av songane liknar folkeviser. Dei har eit folkeleg preg, og handlar om daglegdagse ting; livet i eit landsens hus, skildringar av vinteren til dømes. Andre songar er odeaktige, der er store lovprisningar av kvinna, som inngår i ein meir klassisk europeisk dikttradisjon. Så har du Stormensongane, som er genuin poesi som boblar over av skapartrong! Dei er delvis til å forstå, delvis ikkje – det er eit merkeleg univers!

— Han rører seg, tilsynlatande heilt ubesværa, frå ei høgklassisk verd, og ned i det djupaste folkelege. Han er aldri på det jamne; han kan vera grov og han kan vera forfina, men mellomprosaen manglar. Ein plar seia at han er overalt, bortsett frå på midten. Der er han aldri!

Lanseringskonsert med Det Norske Solistkor, Søndag 10. september kl. 19.30 i Sofienberg kirke.

Publisert:

Del: