Då Tine Thing Helseth vann NRKs Virtuos, gjekk ho vidare til Eurovisjonsfinalen for unge musikarar i Wien. Fredag vann Helseth 2. pris i finalen, som vart direktesend på TV over heile Europa.

Tine Thing Helseth 2006/Foto: Ole Kaland/NRK

Framfor 40 000 tilskodarar på Rådhusplassen i Wien konkurrerte Tine Thing Helseth mot seks andre finalistar i ”Eurovisjon Young Musicians” finale i Wien. Dei sju finalistane var solistar med Wiener Symphoniker under leiing av Christian Arming. Finalistane skulle framføra musikk av Mozart eller ein av hans samtidige, og Helseth framførte 1. sats av Joseph Haydns berømte ”Trompetkonsert i Ess-dur”.

I 1988 vann Leif Ove Andsnes 2. pris i same konkurranse. Det fungerte som eit springbrett for hans karriere, og Tine Thing Helseth vert no samanlikna med den verdsberømte pianisten. Sjølv er Helseth godt nøgd med resultatet:

— Det var fantastisk å være der nede, jeg hadde aldri regnet med å komme så langt, seier Helseth.

Festivalsommar og vidare planer
Ho trur prisen – og ikkje minst den store mediemerksemda – vil ha stor betydning for hennar framtidige karriere. I løpet av sommaren har Helseth omfattande planar, med opptrednar under omlag det som er av festivalar for klassisk musikk. Mellom andre Festspillene i Bergen og Nord-Norge, Hardanger musikkfest, Olavsfestdagene i Trondheim, Trondheim Kammermusikkfestival – samt ei rekkje festivalar i utlandet. Om ikkje lenge skal Helseth dessutan vera solist med Det Norske Kammerorkester, med nettopp Haydns trompetkonsert. Om konsertplanen er omfattande, er trompetisten likevel jordnær med tanke på den vidare framtid:

— Til høsten skal jeg begynne på vanlig bachelor på Barratt due, – og så får jeg vel se hva som skjer, seier Hellseth.

Klassisk musikk og mediemerksemd
Trompetisten er også ein engasjert leiar for ungdomsavdelinga til Lytterforeningen for Klassisk Musikk, og sto for det musikalske innslaget under debattmøtet som nyleg vart arrangert av foreninga i samarbeid med Norsk Tonekunstnersamfund:

— Det vi tenker mest på i Lytterforeningen, er at klassisk skal bli mer synlig i samfunnet, og for at det skal bli det, har media mye å si, meiner Helseth. – Vi er absolutt opptatt av at mangfoldet skal synes; vi liker all type musikk – men det er så mange som driver med klassisk musikk, i kor og korps for eksempel, som ikke synes.

Helseth har sjølv klart å gjera seg godt synleg – har ho tips til korleis ein kan synleggjera ein større del av det klassiske musikkfeltet?

— Det er mye snakk om å fornye seg i forhold til konsertformer og slikt, men jeg synes ikke man skal gjøre det bare for å fornye seg, seier Helseth. – Man må også ta hensyn til tradisjonen for hvordan man fremfører klassisk musikk. Men man er nok nødt til å tenke mer i forhold til hvordan man fremstår. Ikke nødvendigvis som pop-bransjen, men man må prøve å få mer PR, – det er de flinkere til i andre bransjer.

Tine Thing Helseth har studert med Heidi Johannessen, Arnulf Naur Nilsen og Ole Edvard Antonsen. Ho er i dag elev ved Barratt Dues musikkinstitutt. Helseth har vore solist med fleire norske symfoniorkestre og militærkorps, ho har hatt konsertar ved kammermusikkfestivalar, og har vunne ei rekkje norske og internasjonale konkurransar og meisterskap, m.a.. Drømmestipendet, Kavliprisen, Oslo Musikklærerforenings ærespris og Virtuos.

Publisert:

Del: