Rådet for folkemusikk og folkedans gjorde i juni ei fordeling av tiltaksmidlar, arbeidsstipend og formidlingsstønad. Løyvingane er no offentlege, og ei oversikt over tildelingane finn du her.

Mattisgard/Røine (Foto: Sidsel Røine, talik.no)

Tiltaksmidlar og arbeidsstipend, 2. runde

Rådet hadde 67 søknader med ein søknadssum på kr 1 417 307 på møtet sitt. Det vart løyvt kr. 192 000 fordelt på 17 søknader.

Veslemøy Fjerdingstad: Produksjon av cd-plate, kr. 5000
Osafestivalen: Seminar Osafestivalen, kr. 8000
Dansen mellom elvene: Grensetreff i folkedans – musikk, kr. 10000
ta:lik: CD med Kjetil Løndal, kr. 10000
Hugnad UL: arenaer for unge dansarar, kr. 7000
Gunnhild Sindre: CD til Matias Orheim-jubileum, kr. 10000
Leif Ingvar Ranøien: CD med folkemusikkgruppa SVER, kr. 10000
Folkemusikkarkivet for Rogaland: Songbok, lærebok og CD, kr. 15000
Sigurd Johan Heide: Arbeid med NN dansetradisjoner, kr. 10000
Tone Eidsvold: Bearbeiding av filmdokumentasjon, kr. 8000
Jørn Hilme-stemnet: Dans og uttrykk, kr. 10000
ta:lik og Mary Barthelemy: CD med Karl-Fant-slåttar, kr. 10000
Bodø Folkedanslag: Kursopplegget Dains og spæll, kr. 8000
Norsk Folkemusikklag: Tidskriftspubl.skrift nr 20/2006, kr. 10000
Bjørn Turtums gammeldansorkester: Tradisjonsbevaring dans DVD/CD, kr. 15000

Arbeidsstipend:
Daniel Sandén-Warg: Setesdalsmusikk, kr. 20000
Tove Dalbakk: feltarbeid i Rendalen, kr. 20000

Formidlingsstøtte, 2. runde

Komiteen for formidlingsstøtte handsama 43 søknader i denne søknadsrunden. Søknadene hadde ein søknadssum på totalt kr. 844 000. Det vart innvilga 20 søknader med løyvingar på tilsaman kr 176 000

Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten: Gravferdsalmer, kr. 5000
“Kulturvekkå” Tingvoll kommune: “Åkerfallkonsert”, kr. 10000
Ljod v/Agnes Buen Garnås: Gjenopptaking sceneforestilling, kr. 10000
Anne Kleivset: “Lussi Langnatt”-forestilling, kr. 10000
Landskappleiken 2007, Geilo spelemannslag: Åpningskonsert LK2007, kr. 10000
Eirin Røykenes: Konserter, kr. 10000
Osafestivalen: Konsertar Osafestivalen, kr. 10000
Marit Mattisgard: Skjønn Anna, kr. 10000
Hugnad UL: Folkemusikkonsertar for eldre., kr. 10000
Ryfylkemuseet: Seilskutelivet i ord og toner, kr. 5000
Norsk Lur- og Bukkehornlag: Egil Storbekkens musikkpris 2007, kr. 10000
Synnøve S. Bjørset: Julekonsert, kr. 5000
OsloFolk: Konsertserie, arrangør OsloFolk, kr. 10000
Nina Fjeldet: “Nattergalen”, kr. 10000
Vestre Slidre Folkemusikk- og Dansarlag: Konsert om Knut Snortheim, kr. 5000 Nordsjøfestivalen i Farsund: Danseforestillinga Laus , kr. 10000
Prosjektet “Stig gjennom tid”: Tradisjonsstoff frå Heddal, kr. 6000
Voss Spelemannslag v/Frode Borge: Voss Folkemusikkscene, kr. 10000
Stiftinga Hilmar Alexandersen: Folkedans til barn og unge, kr. 10000
Arild Hoksnes: “Musikk i vegkanten”, kr. 10000

Informasjonen er henta frå Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans sine heimesider. Her finst òg referat frå møtet.

Publisert:

Del: