MELDING: ”Ny scenekunst møter ny musikk” er overskrift for fire produksjonar som Ny Musikk og Black Box saman presenterer under Ultima. Først ut var Kim Atle Hansens ”Darshan”, ei framsyning om det menneskelege behovet for å bli sett. – Det er med andre ord ein viktig og evig aktuell tematikk dei tek opp. Imidlertid vart det noko føreseieleg over det heile, skriv Ballades meldar her.

Darshan_bak (Foto: akt5.no/darshan)

Av Ida Habbestad

”Ny scenekunst møter ny musikk” er overskrift for fire produksjonar som Ny Musikk og Black Box saman presenterer under Ultima. Først ut var Kim Atle Hansens ”Darshan”, ei framsyning om det menneskelege behovet for å bli sett.

I berøring med heilt grunnleggjande aspekt, altså – og det første som bør seiast om denne framsyninga er at den er modig laga og gjennomført av dei tre hovudpersonane; Camilla Puccini, Charlotte Grudt og Hansen sjølv. Med enkle portrett av to kvinner, sterkt opptekne av sin framtreden, la dei for dagen ein engasjerande samfunnskritisk produksjon.

Kontroversar og ubehag

Sjølve ordet ’darshan’ er sanskrit, og har opptil fleire tydingar. Reint bokstavleg tyder det ’syn’, medan det i hinduismen handlar om ’å få eit glimt av det guddommelege’. Ei tredje meining er ’å sjå med begjær’ – med tillagt i parentes at det handlar om å sjå på ein av det andre kjøn, og at begjæret er skadeleg.

Nevnte parentes skapte inntrykk av at stykket skulle handla om mann og kvinne – og om eit begjær der minst ein part kom dårleg ut. Indirekte kunne kanskje framsyninga òg tolkast slik. Men for meg kom den snart til å handla mindre om den eines kamp mot den andre, mindre om begjær i form av ynskjet om å eiga eller innta, og meir om det sårbare ved å ikle seg sjølv ei rolle.

Framfor alt skulle det handla om korleis kvinna heilt medvite inntek ei rolle, når ho kvar morgon sminkar seg; legg på seg sitt eige ansikt, forbetrar og forskjønnar det.

I ei tid der me i regelen snakkar om likestilling med tanke på samfunnsposisjonar, likeløn og likeverd, vert det på mange måtar paradoksalt å reflektera over kor utenkjeleg det ville vera for mange kvinner å endra dette ritualet for å skapa mindre avstand mellom kjønna. Same kva motivasjonen bak det daglege ritualet måtte vera, vert ein dermed konfrontert med det kontroversielle spørsmål om ein eigentleg ynskjer noka fullkomen likestilling, all den tid ein så klårt held på sedvaner som understrekar at den menneskelege utsjånad spelar ei rolle.

Ikkje dermed sagt at framsyninga berre handla om den samfunnsskapte kvinna. Der ligg sjølvsagt noko universelt i måten me alle ikler oss våre roller, korleis alle vert sårbare om rollene vert avslørte, korleis dei fleste ber med seg redsla for å syna fram sine svake punkt.

Føreseielege stereotypiar

Det er med andre ord ein viktig og evig aktuell tematikk dei tek opp, Hansen, Grundt og Pucchini, som framstilte tematikken gjennom kontrastar.

Det var den stereotype framstillinga av den vellukka kvinna mot den mislykka; den eine attraktiv, hin ikkje. Eit svart-kvitt bilete der også andre verkemiddel understreka skilnad: Den eine uttrykte seg gjennom musikk, den andre gjennom talte ord. Den eine snakka engelsk, hin snakka norsk. Den første rørde seg sensuelt, den andre stivt. Inntil biletet var så befesta at ein kunne rokka ved det og bryta ned: syna fram den vellukka kvinna si einsemd, den usminka kvinna sine vakre trekk.

Imidlertid vart det noko føreseieleg over det heile. Sjølvsagt var den vakre kvinna einsam. Sjølvsagt er ikkje det forkledde alltid vakrare enn det naturlege; sjølvsagt er ikkje stereotypien sann.

Dessverre vart òg samanstillinga mellom musikk (av Camilla Puccini) og teater halde fram som ein kontrast, som for meg fungerte meir irriterande enn meiningsfull i samanhengen – som om uttrykksformene ikkje hadde noko å tilføra kvarandre.

I programmet les me at Hansen og Pucchini har ynskt skapa eit pompøst musikkteater i minimalistisk form, men i mine auge vart resultatet meir revy-aktig. Det var korkje pompøst eller minimalistisk; snarare kvardagsleg, til tider pinleg platt. Med dokumentar-saklege framstillingar kontrastert mot meir mjuke parti, som tidvis var gripande, men ofte utan den gnist eller brodd som trengst for å vekkja medkjensle.

Utviklinga kom for så vidt til ein konklusjon, men gav oss ingen nye erkjenningar, ingen nye spørsmål å ta vidare. Den la ikkje att nokon mystikk, sprudla ikkje over av sitrande begjær, råka oss ikkje i vond og naken einsemd – trass i dei nemnde modige framstillingar – kanskje aller mest gestalta gjennom Charlotte Grundts gode skodespel.

Så om stykket kan sjåast som god kunst, veit eg ikkje. Men likevel: Det lukkast skapa ein sjeldan diskusjon, som så godt som ikkje omhandla estetikk, men heilt vesentlege spørsmål om kven me er, kva me ikler oss og sedvanens sterke kraft.

Så lenge Ultima tek mål av seg å omhandla det som speglar seg i samfunnet, høyrer dette stykket absolutt med. At det så sterkt engasjerer er i seg sjølv ein bragd.

Darshan, Ultimafestivalen, 2. oktober

Black Box Teater i samarbeid med Ny Musikk

Kim Atle Hansen (regi/tekst)
Camilla Puccini (aktør/musikk)
Charlotte Grundt (aktør)

Publisert:

Del: