Medlemene i Kulturrådet og kulturminister Anniken Huitfelt utveksla utfordringar då dei møttest idag. Huitfeldt er særleg oppteken av at kulturuttrykka skal nå eit så mangfaldig publikum som mogleg.

— Ingen annen kulturminister har så tidlig gitt uttrykk for ønske om dialog med Kulturrådet, sa regissør og kulturrådsleiar Bentein Baardson under rådet sitt møte i dag.

Der vitja kulturminister Anniken Huitfeldt, saman med statssekretær Lubna Fjell, for å innleiia diskusjonen om vidare oppfølgjing av Løkenutvalet sin rapport.

(Løkenutvalet vart nedsett av Trond Giske for å sjå på strukturendringar og tilskotsordningar på kulturfeltet, med det som føremål å forenkla byråkratiet i forvaltingsorgana og frigjera ressursar til kunstnarleg verksemd. Rapporten deira kan lesast her).

Eit godt nøgd Kulturråd lytta til kulturministeren sin lovnad om å oppretthalda prinsippet om armlengdes avstand. Ministaren hevda at ho er klar over kva område ho har kompetanse på og ikkje, at ho ikkje meiner Kulturrådet nyttar for mykje pengar på byråkrati samt at ho vonar på ei endå tydelegare avklaring mellom rådet og departementet om kven som skal ha hand om kva oppgåver.

Kulturministeren understreka at ho ynskjer at Kulturrådet skal spela ei viktigare rolle i kulturfeltet i framtida enn kva dei allerede gjer, og leverte til sist ei utfordring til rådet, gjennom å understreka at ho er oppteken av mangfald.

— Tidlig i min karriere ble kulturhus sett på som noe sært og elitistisk, mens kulturhus i dag er noe som nesten alle kommuner ønsker seg. Det engasjementet som etterhvert har utviklet seg i forhold til kultur, over hele landet, er en viktig årsak til at kulturbudsjettene ikke står for hogg i nedgangstider slik de gjør i en del andre land, sa Huitfeldt.

Samstundes er det større skilnad på kven som brukar dei ulike tilboda, enn innan andre felt hevda ho, og påpeikte mellom anna at det er mindre mangfald på bruken av offentleg støtta kultur enn kva som er tilfellet for dei kommersielle tilboda.

— Dette er et paradoks for meg, sa Huitfeldt, og oppfordra Kulturrådet til å tenkja på heile landet og på alle målgrupper når det vert løyva midlar til prosjekt.

Ynskjer lovfesting og større fridom
Også kulturrådsmedlemene hadde utfordringar til ministeren.

Mellom anna ynskjer rådet ein større pott midlar som ikkje er øyremerka til særlege ordningar. Gjennom frie midlar har Kulturrådet hatt høve til å gjera eigne prioriteringar på feltet som dei meiner er naudsynte i høve til kulturlivet elles. Som døme vart trekt fram ei satsing på kunst for barn og unge gjennom kunstløftet samt ei heilt ny oppretta arrangørordning som omfattar arrangørane av klassisk og samtidsmusikk, som per dags dato er halde utanfor eksisterande ordninga.

Kulturrådet, gjennom Ottar Grepstad (forfattar og leiar av Nynorsk kultursentrum), formidla eit ynskje om ei lovfesting av midlane til rådet for å få ei endå meir føreseieleg planlegging gjennom omskiftande tider. Grepstad annonserte dessutan vanskane Kulturrådet har med å finna miljø som på ein god måte kan evaluera tiltaka deira, og at det å stimulera opprettinga av slike miljø vil vera eit viktig fokus vidare.

Ivar Roger Hansen (dagleg leiar av Petter Dass-museet på Alstahaug) nemnte at rådet finn det negativt at statsfinansierte institusjonar ikkje kan søkja stønad frå Kulturrådet.

— Etter at dette ble innført, ser vi at kvaliteten på søknadene har falt. Vi mener dessuten at det institusjonelle feltet rammes når det har liten mulighet til å gjennomføre fleksible prosjekter, sa han.

Bentein Baardson retta òg fokuset mot produsent- og arrangørfeltet, som ein mogleg arvtakar i rolla som spebarn, etter at dansefeltet gradvis har vorte betre ivareteke. Stadig finst det ikkje nokon produsentutdanning i Noreg, noko som er problematisk, meinte leiaren.

Som ei utfylling av arrangørordinga for det rytmiske feltet, innført av Trond Giske, har Kulturrådet difor beslutta å nytta 4 millionar på ei tilsvarande ordning som omfattar klassisk- og samtidsmusikk.

— En forusetning for å kunne jobbe mot bestemte publikumsgrupper, slik departementet her er inne på, er at man har gode produsent og arrangørledd, understreka Baardson.

Publisert:

Del: