INTERVJU: Då ”The Nordheim Tapes” kom på forsommaren fekk me stifta kjennskap med gamle opptak av musikk som Arne Nordheim i si tid laga til høyrespel for NRK. Ein annan halvpart av utgjevinga besto av Risto Holopainen sine bearbeidde versjonar av materialet. I dette intervjuet fortel komponisten meir om bakgrunnen for sitt møte med Nordheim-opptaka. – Det kan samanliknast med å leggja puslespel, der motivet ikkje er gitt på forhand, seier Holopainen til Ballade.

Risto Holopainen08/Foto: Universitetet i Oslo

Av Ida Habbestad

Etter at Tilman Hartenstein i 2005 kom over gamle Nordheim-opptak i Radioteateatrets arkiv, byrja ein snart å snakka om ei utgjeving. Funnet av det Hartenstein omtalar som ”dødehavsrullene i norsk elektronisk musikk” var oppsiktsvekkjande, sidan dei representerer heilt tidlege elektroniske arbeid, både av komponisten og generelt her til lands.

Opptaka syner dessutan at Nordheim fekk utforska elektroniske verkemiddel i eit norsk studio før opphalda ved ved det polske Studio Eksperymentalne, og fleire har peikt på korleis det dokumenterte materialet ber spor av det som etterkvart skulle komma frå komponisten.

Praktisk problemløysing

Historisk sett var dermed utgjevinga spanande i seg sjølv. Plateselskapet ynskte imidlertid meir enn ei rein dokumentering. Dei inviterte Holopainen til å laga bearbeida versjonar, og til rådvelde fekk han ein bunke CD-ar – 10 i talet – med klipp frå nokre få sekund til 5 minutts varighet. Ut frå dette skapte han fire collagar; nok til å fylla eine av to CD-ar på utgjevinga.

Etter at plata var lansert framheva fleire kritikarar, mellom andre Svein Egil Hatlevik i Morgenbladet og Astrid Kvalbein i Aftenposten, at Holopainen sine versjonar kanskje var dei som lyd mest interessante for publikum i dag. Dømevis skildra Kvalbein korleis collagane var ”flerdimensjonale, med snerten timing og underliggende humor”.

Men i eit elles fyldig CD-cover sto lite om Holopainen sine idéar til grunn for arbeidet. Når me så bed Holopainen grunngje tankegangen, formidlar han ei avvepnande haldning til det heile:

— På ein måte har dette arbeidet vore trivielt, som ei slags problemløysing, hevdar han.

— Det har handla om å kopla saman materiale som alt eksisterer, og eg har heilt enkelt tenkt praktisk, på kva som høvde i lag. Mange hadde kunna gjort det same, meiner Holopainen.

Uvant med det ferdige

Komponisten, som òg har hovudfag frå Institutt for Musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo, der studier av lydsyntese sto i fokus, har nyleg fått doktorgradsstipendiat ved same institusjon. Her arbeider han under prosjekttittelen ”Building Autonomous Instruments”.

— Ideen med prosjektet mitt kan skildrast med ein metafor, forklarer Holopainen:

— Ein musikar lyttar til den tonen han eller ho produserar, og justerer samstundes teknikken sin – til dømes embouchuren eller strykehastighet – for å få fram den ønskte klangen. Eg freistar skapa syntesemodellar som på eit liknande vis analyserer signalet dei produserer. Denne analysen vert i sin tur nytta for å styra modellens kontrollparametre.

— Men målet mitt er ikkje å imitera korkje musikaren eller dei akustiske instrumenta, og resultata som kjem ut av dei adaptive syntesemodellane kan syna seg særs lite føreseielege. Eg forheld meg altså ikkje til kva ein musikar gjer med instrumentet sitt, men studerar slike ting som sjølvorganisering og emergente* kvalitetar i autonome instrument; altså instrument som ein ikkje samhandlar med etter å ha programmert dei.

Han er altså vand med å tenkja stort og komplekst – medan arbeidet med Nordheim-materialet er gjort meir enkelt. Måten han har arbeidd med opptaka på, skil seg dessutan frå korleis Holopainen normalt arbeider som komponist.

— Sjølv om eg har gjort visse unntak, er det vanlegvis viktig for meg å laga eit nytt materiale når eg komponerer, til skilnad frå å remiksa eit materiale frå ein annan komponist eller musikar, til dømes. Difor var det uvant å gå inn i noko som allereide var såpass ferdig. På mange måtar ser eg ikkje på desse collagane som mine eigne komposisjonar, seier Holopainen.

I bakgrunnen

For grunnmaterialet er bevart i stor grad. Han har avstått frå bearbeidingar, og einast gjort klipp i filene, plassert dei ut i tid og stilt balansen mellom ulike samtidige spor i miksen.

— Der er ingen effektar, ingen reversering, og så vidt eg kan huska ikkje ein gong nokre filter, seier Holopainen.

— Men eg har nytta loop-teknikkar, og det vesentlege med dei er at der er fleire samtidige loopar som fasar ut, så nye kombinasjonar stadig dukkar opp. Det er ein teknikk som òg ein annan utøvar, Brian Eno, nyttar. Dessutan har sinusgeneratorane ein framtredande plass.

Når Hatlevik i Morgenbladet påpeikar at komponisten har vore skånsom og ærbødig med kjeldematerialet, er det demed ein presis observasjon, meiner Holopainen. Og når me spør han om arbeidet er å betrakta som ein kommentar til Nordheims materiale, er svaret negativt.

— Arbeidet er ikkje meint som ein kommentar. Eg har freista halda meg i bakgrunnen, og på eit vis har eg òg forsøkt å halda mitt eige syn på materialet utanfor. Samstundes veit eg jo at det er umogleg, seier Holopainen, som medgjer at hans eige avtrykk tross alt finst prenta på collagane.

Elektronisk fokus

I kva grad ein slik ærbødighet er nødvendig er ein annan sak. Nordheim har tidlegare stilt komposisjonar til fri disposisjon, og komme med positive attendemeldingar som til Deathprod si utgjeving ”Nordheim Transformed”.

I høve utgjevinga av høyrespelskomposisjonane var haldninga tilsvarande open, fortel Holopainen. Då han saman med Hartenstein vitja Nordheim i byrjinga av arbeidet, vart dei møtt utan restriksjonar, og Nordheims bidrag var i stort å avsløra at det særleg var eitt høyrespela han var glad i: ”Den vesle prinsen”.

Eit hakk fleire premiss la utgjevarane. Dei ynskte naturleg nok at Holopainen i stor grad reindyrka det elektroniske materialet, og det er i hovudsak dette, samt små innslag av instrumentalmusikk me høyrer på innspelinga.

Kva gjeld det tekstlege er det halde utanfor, både i Holopainens versjonar og i dokumentasjonen av Nordheims materiale.

— Det hadde heilt sikkert vore interessant å ha med høyrespel i sin heilskap. Problemet var berre at dei er så lange; det kortaste varer ein drøy halvtime, seier Holopainen.

Mest oppsiktsvekkjande utan tekst

Einast ved eitt tilfelle – i det korte utdraget frå ”Mandagsbilen” – får me innblikk i korleis musikken fungerte i sin eigentlege samanheng. Me er imidlertid nyfikne på meir, og Holopainen, som har hatt tilgang til tre originale høyrespel, finn fram det eine, ”Papirfuglen”. Her tilfører musikken ei heilt spesiell djupne til den teatralt framførte teksten.

Men musikken kan altså fungera både isolert og i sin opphavlege samanheng, konkluderer Holopainen.

— Når ein lyttar til Nordheims musikk slik den er brukt i høyrespela, førekjem den i ein nokså liten del av tida, og står ofte i bakgrunnen. Difor vert den mindre oppsiksvekkjande i sin rette samanheng. Det heng nok òg saman med at musikken hans fungerer bra som bakgrunn til skodespelaranes tale, utan å stjela merksemd frå dei, samstundes som den skapar atmosfære.

Så medan interesserte må venta på ei eventuell tilgjengeleggjering av dei opphavlege høyrespela, oppfordrar Holopainen til å stifta kjennskap med Nordheims britiske kollega, Delia Derbyshire. Ho arbeidde frå 1960-talet arbeidde som lydteknikar for BBC. På denne sida finst eksemplar på hennar arbeid, til høyrespel og andre radioprogram.

* emergens kan definerast som prosessar der eit komplekst mønster vert forma ut frå samspelet mellon enkle strukturar eller handlingar. Eigen oppslagsside her.

Publisert:

Del: