– Me har stor tru på den samlande krafta i musikken, seier Telemarkfestivalen, som feirar 30 år denne helga.

Tigingsverket "Haugebonden" med Ruth Wilhelmine Meyer, Tuva Syvertsen, Espen Leite, Per Anders Buen Garnås og ei rekkje unge talent frå Telemark, © Carl Asquini

I 2019 er Telemarkfestivalen 30 år: Mykje har skjedd i folkemusikken sidan 1989, og mykje kjem til å skje dei neste 30 åra. Samstundes som tradisjonane og opphavet framleis sterkt i folkemusikken har mange musikkskaparar og -utøvarar, kanskje særleg dei siste 30 åra, utfordra det tradisjonelle, leika seg med sjangrar, instrument og teknologiske nyvinningar og inntatt nye scener.

Slik innleiar festivalen om sin trettiande festival, og skriv vidare: «Spelemenn og -kvinner, dansarar og komponistar vil fortsette å finne nye vegar og gi musikken nye uttrykk. Slik vil folkemusikken leve vidare i tradisjonelle og nyskapande former. Telemarkfestivalen ønskjer å vere med på å verne om det særeigne i folkemusikken samstundes som musikken held fram med å vere aktuell og interessant for nye generasjonar musikarar, dansarar, lyttarar og tilskodarar.  Under årets festival snur vi oss både tilbake og ser framover, og spør: Kva er folkemusikk – i fortid, notid og framtid?»

På programmet, som du finn her, står mellom anna tingingsverket «Haugebonden», med ei rekkje erfarne musikarar frå folkemusikken samt unge talent frå Telemark.

– Telemarkfestivalen har stor tru på den samlande krafta i musikken, og ønskjer velkomen til alle som vil vere på ein festival litt utanom det vanlege – til ei helg med mangfaldig og livskraftig folkemusikk! meldar festivalen, før festivalen startar torsdag 8. august.

Publisert:

Del: