Den 15. Telemarkfestivalen har slått alle tidligare rekordar. Årets festival kan skilte med i overkant av 3.500 selde billettar og 6.500 besøk, og ser ut til å gå med meir enn 100 000 kroner i pluss. – Publikum har strøymd til konsertar og arrangement, noko som tyder på at programmet har falt i smak hos eit breitt festivalpublikum, seier Øystein Akselberg i Telemarkfestivalen. – Det solide lokale ankerfestet er svært positivt – og har mykje å seie for festivalens vidare utvikling.

Anne Hytta

— Ikkje minst har lokalbefolkninga slutta sterkt opp om årets festival. Dette er svært positivt – og har mykje å seie for festivalens vidare utvikling. Eit solid ankerfeste lokalt er av stor verdi for Telemarkfestivalen, som også har mange tilreisande publikummarar og kursdeltakarar. Store utekonsertar og tett stemning i dei mange klubblokala har prega ei elles roleg festivalhelg i Bø, fortel Akselberg, som er dagleg leiar for festivalen.

Om lag 150 artistar og i overkant av 150 frivillige medarbeidarar har vore i sving for å få av stabelen dei 22 konsertane i løpet av festivalhelga, som tok til torsdag 29. juli. Telemarkfestivalen starta med ein heilstøpt opningkonsert med smakebitar frå festivalprogrammet, der mellom andre Shabana Rehman og Aasmund Nordstoga bidro til ei spenstig festivalopning.

Familiane Buen/Buen Garnås hadde fredag ein imponerande og fullsett konsert. Magiske Niko Valkeapää slepte den nye plata si under festivalen, og sjarmerte festivalpublikummet med sitt varme og vare uttrykk, skriv Telemarkfestivalen i si oppsummering av festivalhelga.

— Konserten med Odd Nordstoga, som dette året har hatt ein publikumssuksess utan sidestykke, slo alle tidlegare publikumsrekordar i festivalens historie – med i overkant av 1000 selde billettar. Den nye scena på Skogen gård var og ei fabelaktig flott ramme for konserten med Kaizers Orchestra, sier Akselberg.

Telemarkfestivalen opplevde stor publikumsinteresse for konsertene med Odd Nordstoga og Kaizers Orchestra – og måtte difor flytte konsertene ut og bygge opp ei splitter ny utescene. Også bestillingsverket ”Frå Andalusia til Telemark – langs refrengets reiserute” ved Anne Hytta skal ha gjort djupt inntrykk på dei frammøtte, og bygde vakkert opp til konserten med den spanske gruppa L’Ham de Foc.

— Festivalen satsar på å ha med mange unge utøvarar, og det er difor særskilt hyggjeleg at Eckbo legaters folkemusikkpris i år gjekk til fjorten år gamle Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje. Det var også gledeleg å kunne dele ut Telemarkfestivalen og Posten Norge sin nyetablerte folkemusikkpris til Odd Nordstoga, som har gjesta festivalen i ein årrekkje.

Telemarkfestivalen skal ha fått billettinntekter på ca 650.000 kroner, noko som er meir enn 100.000 over budsjetterte billettinntekter . Alt i alt tyder noverande status på eit solid overskot for festivalen.

Om den unge kvedaren Ingebjørg Harman Bratland meinte juryen:

”Heilt sidan ho som 10-åring byrja å delta på kappleikar og opptre for folk med kveding, har Ingebjørg Harman Bratland utmerka seg med ei sjeldan evne til å formidle folkeviser, stev og ballader.”

Publisert:

Del: