Med arier av Bach og Händel på progrmmet baud Anne Sofie von Otter på konsert samen med Concerto Copenhagen torsdag. Programmet deira baud òg på spørsmål, skriv Ballade sin utsende.

Anne Sofie von Otter

Av Ida Habbestad

Dei 57. Festspillene i Bergen er i gang, og ein heil liten jungel av uttrykk – av storslagne vokalframføringar, tradisjonelle og utradisjonelle konsertar, orkesterstykke, nye teaterverk og danseframsyningar – står for tur.

For Ballade sin del fekk Anne Sofie von Otter og Concerto Copenhagen opna gildet, under festivalens andre dag.

Det vil seia, konserten i Grieghallen opna med Knut Wiggen (1927-) sitt ”EMS för seg själv”. WiggenInnovatøren Knut Wiggen var på 1960-talet ein sentral drivkraft bak opprettinga av verdens første digitalt styrde studio. I 2009 er han profil under festspela; under fleire konsertar vert utvalde stykke framførte, som prologar eller interludiar til øvrige uttrykk.

Formidlinga av det abstrakte…
Tittelen, ”EMS för seg själv”, peikar på Elektronmusikstudion i Stockholm (EMS). Verket er skrive i 1975, og er døme på eitt av dei heilt tidlege stykke skrive ved hjelp av eit dataspråk; Wiggen har stilt opp eit sett med reglar, og let maskina halda på – nettopp for seg sjølv.

Resultatet slik det framsto i Grieghallen var eit mekanisk boblande – tidvis leikent, tidvis kontemplativt – uttrykk. (Til dels i slekt med Arne Nordheim sine elektroniske arbeid på same tid, for dei som kjenner det).

I den mørklagde salen vart lyden understreka som det viktige – og einaste – fokuset ved musikken. Slik vart det skapt ein tydeleg kontrast til det etterfølgjande tekstnære programmet, med ariar av Bach og Händel, sistnemnde med vektlagde visuelle aspekt samt meiningsfulle bodskap.

Ein slik kontrast innbyd til refleksjon om kva musikk kan vera: Uttenkt eller tilfeldig; levande eller avspelt; statisk eller dynamisk; meiningslaus eller bodbringar.

Og slik kan ein la tanken springa. Men fungerte det slik for tilskodarane?

Wiggen-komposisjonane virkar tenkt som små overraskande moment i dei meir konforme produksjonane på festspela; ein idé som i utgangspunktet fascinerer. Meir problematisk er det at verket hans ved denne presentasjonen ikkje sto oppgjeve som det første verket på konserten. Snarare måtte ein leita for å finna ut kva det var; ei tankeverksemd me ikkje nødvendigvis hadde vondt av, men som på same tid signaliserer at Wiggen-verket ikkje er del av det ”eigentlege” programmet. Kunne ein lagt til rette for ei betre mottaking gjennom ei meir tydeleg presentasjon og aktualisering av samanhengen som stykket inngjekk i?

…det sekulære…
Dei vidare programpostane baud òg på spørsmål om formidling. Under den første halvdelen gjekk tanken til dei som hevdar det meiningslause ved å framføra Bach sine religiøse musikk i konsertsalen. Bach sine kantatar er skrivne for kyrkjerommet, til kyrkjeåret: Dei er skrivne med ein bodskap om tilhøvet mellom Gud og menneska. Kva skjer når me plasserer desse verka i ei anna samanheng?

Det er ikkje noko nytt i at religiøs musikk står utanfor sin originale kontekst, og der er sikkert gode argument for å sjå Bach sin musikk som reint estetiske uttrykk. Men framføringa i Grieghallen var likevel døme på at lausrivinga ikkje alltid fungerer. Med von Otter plassert som ein integrert del av Concerto Copenhagen – bak det vesle orglet, og omkransa av ensemblet for øvrig – vart ho meir ensemblemusikar og mindre solist. Resultatet var ein lite tilfredsstillande balanse, der musikarane og orglet i sær overdøvde von Otter si stemme i lange parti. Slik forsvann òg mykje av det grunnleggjande i verket – teksten – som me igjen sakna gjengjeve i omsetjngar i det trykte programmet.

Vidare virka det som om ein ikkje hadde bestemt seg for kva ramme ein faktisk ynskte: Som i respekt for uttrykket hadde von Otter kledd seg i nøkterne klede, ho held notene i handa og formidla ein nokså stiv, ja – nesten pietetsfull versjon av innhaldet. Som om ho var i ei kyrkje, men altså utan klangen frå rommet og den symbolske verknaden der.

… og det verdslege
Avdelinga med ariar av Händel framsto som rak motsetnad. Ariane frå operaene ”Agrippina”, ”Alcina” og ”Hercules” har eit ikkje-forkynnande, heller umoralsk innhald – og med det var det som om songar og ensemble var løyste frå si tidlegare meir stive tilnærming.

Orglet var bytta ut med eit cembalo, og Von Otter kom gjennom med bodskapet sitt. Von Otter hadde lagt frå seg notane. Ho var kledd i innbydande grønt, og ho flørta med ensemblet så vel som publikum i formidlinga av store kjensler, heftige inttriger. Sjølv om eg òg i denne avdelinga kunne ynskt å fått vita meir om dei antikke kvinnene, dei heftige intrigene til grunn for Handel sine arier – ut over den italienske teksten som var nedteikna i programmet.

Men instrumentalkunsten var overtydande: Der dei tidlegare var noko ujamnt intonerte, ikkje alltid samde om tempi, og det heilskaplege uttrykket tidvis klang nokså avkledd, breidde Concerto Copenhagen seg ut i sine Concerti Grossi, mot ei rekkjevidde og spenst som få kan skryta av.

Eitt mogleg svar?
Festspilldirektør Per Boye Hansen har i festivalavisar og -program dette året starta ein fin skikk med å stilla spørsmål. Han postulerer – og stiller spørsmål kring kunsten sitt tilhøve til politikken. Han spør – eller let andre spørja – om kor lenge ei konsertoppleving varer, om kvar musikken kjem ifrå og meir.

Mine spørsmål etter denne konserten, krinsa nok mest kring det meir praktiske, som kva ei musikalsk oppleving kan vera, og korleis me formidlar den. Og ikkje minst grunna eg på om det umiddelbart virkar reduserande når ein gjer tekstnær musikk til eit spørsmål om vokal og instrumental prestasjonskunst.

Til spørsmålet om kva som er den beste formidlinga finst neppe noko eintydig svar. Men von Otter gav oss ein ledetråd då ho under ekstranummeret reiv seg laus frå ensemblet, gjekk framføre dei og nærare publikum – og fortalde direkte til oss. Først då fekk me høyra – og sjå – kva for verkeleg vokal kapasitet denne mezzosopranen er.

Og det var her ein kunne ynska at konserten hadde byrja.

Konsert
21. mai, Grieghallen
Med Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Concerto Copenhagen, Lars Ulrik Mortensen (musikalsk leder)
Verk av Wiggen, Bach og Händel

Publisert:

Del: