KRONIKK: – Naturleg nok er alle festivalar opptekne av å utvikle sin eigen profil og eigenart. I nokon mon er festivalane sjølvsagt òg konkurrentar i høve til spanande prosjekt, profilerte kunstnarar, tilskotsytarar, sponsorar og mediemerksemd. Stortingsmeldinga sine ønske om samarbeid og koordinering tek lita høgd for denne røyndomen. Dette skriver Hilde Bjørkum, direktør i Førdefestivalen, i denne kronikken som er hentet fra siste utgave Spelemannsbladet.

Hilde Bjørkum, Førde, 2005

Av Hilde Bjørkum

Kultur- og kyrkjedepartementet har nyleg lagt fram Stortingsmelding 10
om knutepunkt, kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring
av knutepunktoppdraget.

Meldinga vart vedteken av Stortinget i midten av mars i år. Stortingsmeldinga
omhandlar kva oppdraget som knutepunkt skal innebere. Kriteria er mellom
anna forankring til stad, festivalaktivitet kvart år, kunstnarleg leiing,
koordinering og samarbeid, nasjonal og internasjonal orientering, nyskapande
og utviklingsorientert, publikumsutvikling, god ressursutnytting og regional
medverknad.

I meldinga heiter det mellom anna: ”Knutepunkta skal – som leiande
innanfor sin sjanger eller sitt verkeområde – ta eit ansvar for koordinering
og samarbeid mellom andre festivalar eller festspel innanfor same sjanger.
[…] På denne måten vil knutepunkta få ei viktig rolle som koordinerings-
og samarbeidspartnar i høve til andre festivalar og kulturtiltak innanfor
eigen sjanger, samstundes som dei får eit ansvar for utviklinga av feltet
utover si eiga verksemd.”

Førdefestivalen er i dag einaste knutepunktfestival som har folkemusikk
som hovudprofil, og som har norsk folkemusikk som eitt av sine hovudsatsingsområde.
Som knutepunktfestival for folkemusikk er Førdefestivalen sjølvsagt klar
til å ta ansvar, men oppdraget er ikkje uproblematisk. Korleis skal dette
gjerast, i praksis? Kva er behova og ønska frå fagmiljøet vi står i? Desse
spørsmåla vil det vere interessant å føre eit ordskifte om.

Det norske folkemusikkfeltet er i stor grad velorganisert gjennom medlemsorganisasjonar,
faginstitusjonar, festivalar og anna, som har eigne demokratisk valde styre,
eigne føremål og eigen profil. Korleis skal ei koordinerings- og samordningsoppgåve
for ein knutepunktfestival i praksis fungere? Eit mandat frå departementet
til Førdefestivalen kan og må sjølvsagt ikkje overstyre demokratisk oppbygde
einingar som arbeider innanfor same feltet.

Førdefestivalen har gjennom mange år bidrege med råd og informasjon
på musikkfaglege og organisatoriske spørsmål frå festivalar og andre arrangørar
både innanfor folkemusikkfeltet og andre sjangrar, og det vil vi sjølvsagt
halde fram med.
 

Dei siste par åra har festivalen også hatt eit godt samarbeid med Landslaget
for Spelemenn, Folkelarm og Norsk Folkemusikkformidling om profilering
og presentasjon av norsk folkemusikk til utanlandske journalistar og arrangørar.
Førdefestivalen sitt internasjonale nettverk er sjølvsagt viktig og er
ein positiv faktor i dette arbeidet. I eit mylder av kjøparar og seljarar
er nettverk og personlege kontaktar ofte avgjerande for å oppnå resultat.
Festivalen har òg samarbeidd med Sogn og Fjordane Teater, Rikskonsertane
og andre festivalar om å få fram nye produksjonar i skjeringspunktet mellom
musikk- og scenekunst med norsk folkemusikk og -dans som utgangspunkt.

Dette er døme på nokre tiltak, men er det fleire spørsmål og problemstillingar
som burde setjast på dagsorden?

I Spelemannsbladet 8-07 vert fleire festivalleiarar intervjua om knutepunktordninga.
Ikkje alle er udelt positive til idear om samarbeid om og ”gjenkjøp”
av produksjonar. Fleire av dei intervjua er opptekne av å utvikle eigen
profil og eigne prosjekt heller enn å samarbeide med andre. Store kostnader
ved å setje opp att tidlegare produksjonar er ei anna årsak som vert framheva.

Naturleg nok er alle festivalar opptekne av å utvikle sin eigen profil
og eigenart. I nokon mon er festivalane sjølvsagt òg konkurrentar i høve
til spanande prosjekt, profilerte kunstnarar, tilskotsytarar, sponsorar
og mediemerksemd. Stortingsmeldinga sine ønske om samarbeid og koordinering
tek lita høgd for denne røyndomen. Ingen er heller tent med at festivalane
vert meir og meir like kvarandre og taper eigenart. Folkemusikkfestivalane
i Noreg blir drivne av dyktige og engasjerte folk med eigne ambisjonar,
ønske og mål. Det er sjølvsagt naturleg og ein styrke for utvikling på
feltet.

Likevel er det grunnlag for større samarbeid og koordinering i framtida,
også på produksjonssida. I dag yter staten gjennom Norsk Kulturråd og andre
tilskotsytarar forholdsvis store midlar til nyproduksjonar, tingingsverk,
utviklingstiltak innanfor alle sjangrar. Dette er prisverdig nok. Men mange
av desse tiltaka vert produserte av éin festival og vert kanskje framført
berre ein eller to gonger. Er det føremålstenleg å stille store offentlege
midlar til rådvelde for produksjonar for berre nokre få hundre publikummarar
på éin festival?

Her burde det vere grunnlag for å gå i forpliktande samarbeid mellom
to eller fleire festivalar, slik at dei medverkande fekk meir ut av innsatsen
og det kunstnarlege resultatet kunne opplevast av fleire. På bakgrunn av
dette meiner eg det bør vere sterkare støtteordningar for å setje opp att
produksjonane. Slik unngår ein uoverkommeleg økonomisk lyft for nye arrangørar.
Dette kan ein gjere utan at det går ut over eigenarten til festivalane;
ein samarbeidsproduksjon vil jo i alle høve vere berre eit av mange konserttilbod
under festivalen. Dessutan er det opp til festivalane sjølve kor høgt samproduksjonen
skal profilerast.

Men kanskje kan ein knutepunktfestival innanfor folkemusikk spele ei
minst like viktig rolle andsynes dei som står utanfor det sjangerspesifikke
miljøet. Å tale folkemusikkens sak utanfor eige fagmiljø, å nå nytt publikum
for folkemusikken, å ha storleik, tyngd og kraft nok til å bli synlege
i mediebildet og i kulturfeltet generelt, er kanskje vel så viktig som
å ta på seg ei koordinerande rolle i eit oppegåande fagmiljø?

Førdefestivalen har teke mange kampar og opplevd nokre sigrar på folkemusikkens
vegner i fora der kunnskapen er heller låg og arrogansen faretruande høg….
Det kan gjelde både andsynes offentlege styresmakter, media, næringsliv
og musikkmiljø.

Mitt inntrykk er at pressedekninga av folkemusikken er aukande, og
det er bra. Likevel er kompetansen på og interessa for sjangeren heller
låg i mange redaksjonar. Sjølv om talet på platemeldingar med folkemusikkutgjevingar
har hatt eit gledeleg hopp i større media dei siste par åra, vert ofte
omtale av folkemusikkonsertar reduserte til ”og alle var samde om at det
var ein triveleg kveld”-nivået, eller oftare – dei vert ikkje omtalte
i det heile. Seriøse konsertmeldingar av folkemusikkonsertar er diverre
enno mangelvare. Men kanskje må folkemusikkmiljøet sjølve ta skulda for
dette? Godt pressearbeid er vel ikkje det folkemusikkmiljøet er mest kjent
for….

Media og presse er berre eitt av tiltak som folkemusikkarrangørar kunne
samarbeide om. Eller vil ein også her kome i konflikt mellom samarbeidsønske
og vern av eigenart?

Hilde Bjørkum er direktør for Førdefestivalen. Kronikken er hentet fra
Spelemannsbladet, nr. 3/08, og er gjengitt på Ballade med velvillighet
fra Bjørkum og Spelemannsbladet.

Publisert:

Del: