Dei siste åra har mange av dei mest lovande aktørane i norsk pop kome ut frå jazzlinja ved NTNU. Kva slags kunnskap tek desse med seg frå Trondheim?

© Linn Carin Dirdal

Aktørar som Emilie Nicolas, The Fjords, Ine Hoem og Highasakite har til felles at dei er noko av det mest spennande innanfor popmusikk i Noreg for tida. Til felles har dei også bakgrunnen frå jazzlinja ved NTNU.

Dersom så mange gode låtskrivarar allereie kjem ut frå ei slik linje, er der då behov for eit konkret tilbod retta mot dette? Kva er det popartistane har lært i Trondheim? Ballade har snakka med Ine Hoem og Petter Vågan frå The Fjords om behovet for eit låtskrivingsfag.

Tilbake til gutterommet
Petter Vågan (31) er ein røynd musikar innanfor jazz og improvisasjonsmusikk i Noreg, men hans siste prosjekt, The Fjords, har lite med jazz å gjere. Der har Vågan funne tilbake til gutteromsrocken, og har hausta mykje positiv respons på det. I fjor blei mellom anna låta “Solidify” Ukas Urørt og lista på P3.

– Etter å ha holdt på med elektroakustisk improvisasjon som er mikroskop-musikk ville eg ta eit skritt tilbake og holde med rytmisk, “straightforward” musikk utan hemningar. Eg star-ta jo med å høyre på Kiss, AC/DC og Guns N’ Roses, som dei fleste andre i mi tid, seier Vågan.

Vågan fortel at han blei tidleg interessert i jazz også, men at det gjekk meir ut på å utvikle seg gitarteknisk.

– Då eg kom inn på jazzlinja var eg veldig inne i ei sånn periode. Men så fikk eg nye impulsar også der. Og så har eg heile tida høyrt på band som Radiohead, Pink Floyd og sånne ting.

Instrumentalist eller songar?
Ine Hoem (28) fokuserte på jazz då ho studerte ved NTNU, men også ho har i etterkant fokusert på popmusikk, og har mellom anna blitt lista på P3 med to låtar frå sitt solopro-sjekt.

– Då eg gjekk på jazzlinja var det einaste eg tenkte på at eg skulle bli ein improviserande songar. Det var liksom fokuset mitt.

Men når Hoem ser tilbake på tida ved jazzlinja no, ser ho behovet for noko meir enn ei slik rolle.

– Det som var fint med jazzlinja var at ein blei oppfordra til å starte band, til å øve og til å skape sine eigne prosjekt. Med det kom også låtskrivinga. Men for min del var det ein del famling i blinde når det gjaldt komposisjonane. Det hadde vore fint å fått meir hjelp, men eg var ikkje klar for å be om hjelp på det feltet. Det var for diffust for meg, og eg hadde meir enn nok med å øve på songen.

Først og fremst utøvande
Hoem forklarar at det ein lærer ved NTNU er lite konkret retta mot låtskriving.

– Jazzlinja er jo først og fremst ei utøvande utdanning, med fokus på instrumentalferdig-heiter, gehørsarbeid og teoriundervisning. Og først og fremst innanfor improvisert musikk, fortel ho.


Petter Vågan brukar improvisasjonen i arbeidet med låtar.

Improvisasjon i låtskriving
Sjølv om det er elektronika-, pop- og rockmusikk som har inspirert Petter Vågan til å skape The Fjords, spelar improvisasjon også ei rolle i denne musikken – i låtskrivingsprosessen.

– Låtskrivingsprosessen er heilt vilkårleg. Det kan byrje med ei tekststrofe, eller det kan byrje med klimpring på gitar, piano eller ein elektronisk effekt. Det er improvisasjon. Så til-passar eg tekst etter lyd og uttrykk og snevrar inn etter det, fortel Vågan.

Ine Hoem legg også vekt på det intuitive i låtskrivingsprosessen. Gjennom ein slik prosess kjem dugleikar dei har fått frå utdanninga godt med.

– Det å bruke øyrene godt har eg med meg frå jazzlinja, fortel ho. – Med så mykje avan-sert gehørstrening som ein hadde på jazzlinja, så trur eg ein har meir overskot til å finne nye vegar slik at det ikkje blir heilt “streit”. Det er framleis popmusikk, men det er ikkje dei mest “streite” klisjeane ein har valt.

Trendar
Sjølv om hovudfokuset i utdanninga er retta mot improvisasjon, kjem altså mange ut frå jazzlinja og slår gjennom med popmusikk. Vågan trur oppblomstringa av popartistar frå Trondheim i det siste handlar om trendar.

– Trendar kjem og går. Då eg gjekk der var det ei oppblomstring av elektroakustisk mu-sikk, og ein del frijazz var der før det. Det ein lærer på jazzlinja er ikkje sjangerretta, men heller abstrakte musikalske verkty som ein kan plassere på kva som helst slags materiale, meiner han.

Hoem opplevde at der var rom for ulike typar musikk også då ho var student.

– Sjølv om der ikkje har vore eit pop-fokus på jazzlinja for meg, så har eg alltid følt at der har vore ei takhøgde for å gjere det ein har lyst til. Jazzlinja formar individualistar, forklarar ho.

Å late seg inspirere
Ein dugleik Hoem meiner ho har fått frå tida i Trondheim er evna til å lytte til andre og late seg inspirere av det gode låtskrivarar har gjort før henne.

– På Jazzlinja er de opptekne av at den musikken du høyrer på, den musikken du “kickar” på, det er den musikken ein skal følge. Samtidig er dei opptekne av at ein ikkje skal slå seg til ro med å vere ein kopi, seier ho. Ein vert stadig utfordra på ny musikk.

Vågan held fram den grunnleggande forståinga ein tek med seg frå jazzlinja.

– På konsen så bryter ein det ned i rytmikk, bass og akkordar. Ein lærer alle dei forskjellige funksjonane i populærmusikk og korleis musikk vi kjenner er bygd opp. Då veit ein korleis ein kan lage ei basslinje og akkordprogresjonar som funkar, forklarar han.

Positive til låtskrivingsfag
Om ein lærer så mykje nyttig ein kan ta med seg inn i popmusikken på jazzlinja, er der då behov for eit låtskrivingsfag? Både Hoem og Vågan er positive til dette.

– Eg trur det kan vere mykje nytteverdi i å ha det. At ein får ein arena som er til for det. Kanskje det blir enklare for nokon å byrje med det då, meiner Vågan.

Hoem ser på låtskriving som eit handverk like mykje som det andre ho har lært, men ho har ikkje fått noko særleg systematisk undervisning i dette, med unnatak av nokre workshops.

– Der har det vore å prøve seg fram mens ein går. Eg vil ikkje seie at ein burde hatt låtskriving som ein fast del av undervisninga i Trondheim, men eg ville nok ynskt det som eit valgfag på samme måte som det har vore ved Musikkhøgskolen, fortel ho.

– Der burde vere meir fokus på låtskriving som noko ein kan øve på og bli betre i, på samme måte som instrumentet, så eg meiner absolutt der burde vere eit tilbod, slår ho fast.

Publisert:

Del: