Unni Boksasp (Foto: Boksasp.no)

Unni Boksasp kler Draumkvedet i ny (folke)drakt

– På tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, meiner Unni Boksasp.

Kalender

Folkemusikar Unni Boksasp startar året med urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved – på Nutheim i Seljord i Telemark. Dagen etter, laurdag 7. januar, blir førestillinga sett opp i Kulturkirken Jakob i Oslo.

Mange komponistar, som David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim, har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet Draumkvedet. Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, skriv ho i ein pressemelding om det nye verket.

Eg har vore meg opp i sky / og nedatt på svarte dike / eg har sett til heite helvete / og ein glimt av himmelrike 
fortel Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet. Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Da har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis.

Draumkvedet er truleg frå slutten av mellomalderen. Den første nedteikninga vi har av Draumkvedet er frå 1842, og sidan er omlag 100 nedskrifter innsamla – alle frå øvre Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moltke Moe, som har sett saman tekstbolkar etter ulike kjelder til ein «fullverdig versjon». Variasjon og improvisasjon er ein del av folkesongen sin natur, og var ei utfordring for innsamlarane på 1800-talet. «Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand» skreiv Sophus Bugge i 1857 om Anne Skålen si framføring av Draumkvedet. Og det gjorde ho sjølvsagt, som så mange før og etter henne. Folkesongarane har, tradisjonen tru, forma Draumkvedet på sine personlege måtar opp gjennom historia.

Draumkvedet blir framført solistisk av Unni Boksasp, som også spelar dulcimer, handorgel og zitter på konserten. Lyd og lys er ved Vegard Finnekåsa og regi av Marianne Meløy.

Førestillinga speler fram til og med 14. januar i Levanger. Fleire speledager på boksasp.no.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.