RFF-prisen 2014 til Velle Espeland
Espeland får prisen for sin store innsats ved Norsk visearkiv.
Espeland var med på opprettinga av arkivet i 1983, og har vore dagleg leiar sidan då.
Rff grunngjev tildelinga slik:
«Interessefelta hans femner folkeviser, skillingsviser og balladar, i tillegg til arbeidssongar og songar for born. Gjennom sitt arbeid har han gjort visearkivet til ein svært viktig kunnskapsbase for både folkemusikkinteresserte og alle andre som har spørsmål omkring norske songar og viser. Her har mange utøvarar, studentar og forskarar fått kyndig hjelp i sitt arbeid. Norsk visearkiv har vore eit lavterskeltilbod med svært mange og ulike brukarar. Ingen for høg, ingen for låg; alle spørsmål har vore like viktige.
Stikkord for Espeland sin produksjon kan vere folkloristisk og kulturhistorisk mangfald. Han har forfatta mange artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Dette omfattar artiklar om balladar, kvardagssong, skillingsviser, songideologi og bøker om spøkelse, helgenar, mat, svartebøker og by-og bygdesongar. Han har òg arbeidd med omsetjing av teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, har han skrive tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.
Eit viktig interessefelt for Espeland har vore kvardagssongen; dvs. introvertsong, song i dusjen, allsong, den ikkje-profesjonelle og ikkje-organiserte songen. Han har vore oppteken av at kunnskap om viser og visesong ikkje berre må omfatte tekstene, men like mye melodiane, syngemåtar og kontekst. Slik har han utvikla Norsk visearkiv til å være et tverrfaglig kompetansesenter for norsk songtradisjon.
Arkivet har nå blitt ein del av Nasjonalbibliotekets musikkseksjon saman med bl.a. Norsk jazzarkiv og Norsk folkemusikksamling. Då Norsk visearkiv ble oppretta i 1983, var det for å sikre at nokon tok vare på og utvikla kunnskap om den norske visetradisjonen i ei tid då ingen andre gjorde det. At ein stor og statleg institusjon som Nasjonalbiblioteket nå fører dette arbeidet vidare, viser at Espeland har lyktes i sitt arbeid for å heve statusen for visa som arkiv- og forskingsobjekt.»
Ledige stillinger
Rådgiver for eksport og internasjonalisering
Music NorwaySøknadsfrist:07/04/2024
Instituttleder ved Institutt for musikkvitenskap
UiOSøknadsfrist:21/04/2024
Undervisnings-konsulent
Musikk på Majorstuen - Barratt DueSøknadsfrist:08/04/2024
Kommunikasjons-medarbeider
Oslo musikkrådSøknadsfrist:02/04/2024
Business Manager – musikkøkonomi
Etna ASSøknadsfrist:05/04/2024