Agnes Buen Garnås_presse (Foto: agnesbuen.no)

– Lat dei forbli ulike!

INNLEGG: Agnes Buen Garnås er kritisk til arbeidet med å skape én stor organisasjon for folkemusikken i Norge. Samtidig mener Buen Garnås at den solistiske folkemusikken er viktig i et mangfoldsperspektiv. – Lat dei forbli ulike, ikkje slå dei saman, skriver Buen Garnås om Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og Danselag.

Kalender

Av Agnes Buen Garnås

Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) er flinke med Internettavisene sine. Desse skal dei no samarbeide om.

Enkelte få solistiske program på scenane rundt om kan ein lese om her. Smått om senn aukast det med solistiske innslag om ikkje anna. Tre eller to felespelarar eller songar i solo- og samspel. Rikskonsertane har òg kosta på eit program som er solistisk. Det er dei stolte av.

Her ligg mangfaldet innan mykje av folkemusikken – også innan norsk folkemusikk: I alle dei ulike levande tradisjonane – alle dialektene og alle dei ulike instrumentale, vokale og verbale ulike uttrykk som saman med dansen utgjer ein heilskap.

Men frå styremakter og eigne organisasjonar, og enda meir på festivalane, blir det likevel framelska at vi skal spele saman. Dette tyder på at det ikkje har gått opp for dei at vi er av dei få land som har ein sterk solistisk levande tradisjon. Det blir langt meir mangfald av å spele for kvarandre slik musikken er. Kva er meininga i at folk frå kvar si side av verda, skal spele saman, når musikken oftast er for soloinstrument?

Vi er da saman om vi ikkje spelar musikk som ikkje er?

Ein, to, tre, fire eller fem?

Om det skal vere fire, fem eller seks organisasjonar som tar seg av norsk folkemusikk er uvisst. Om to av dei skal bli ein, må styra og styremedlemene sjølve finne ut av, saman med sine medlemer.

Ein heil sal på Landskappleiken reiste seg i rusen av timevis med tevling da to sjarmerande damer plutseleg dukka opp på scenen og sa at no er det tid for å slå seg saman att – og så demokratiske var dei at dei sa :

”Vil du seie noko i sakens anledning, kjære medlem, så kan du gå innom stemnekontoret og få skjema der du kan uttale deg.”

Godtruande gjekk eg til stemnekontoret. Eg tenkte mellom anna på alt NFD har fått til av store endringar i dei åra dei har vore til. Skulle dette vere takken – at laget leggast ned?

Noko anna som var rart, var at dei nett hadde ansatt nye folk både som dagleg leiar og ein stillig til i NFD. Noko skurrar.

Og – er det medlemer av LfS og NFD nødvendigvis, som sit på tilhøyrarstolane på ein Landskappleik?

I alle fall var det ikkje fleirtal av utøvarar som sat i salen. Tankane svirra. Korleis er dette tenkt?

Kor lenge tenkte styra på dette før det blei bestemt – at ein sal på Landskappleiken 2008 rett etter tevling klasse A Hardingfele skulle vere ein stad dei kunne ”måle interessa” for å slå saman NFD og LfS?

Det må da medlemene ta stilling til, ikkje eit ope publikum?

På stemnekontoret hadde ingen sett noko til skjemaene. Så langt rakk demokratiet. Eg har sett skjemaet seinare. Det ligg på Internett på folkogdans.no, og blei sendt pr. e-post og post til medlemene.

Kva kan vi, som ingenting veit om kva dei vil med samanslåinga, seie om vi meiner ditt eller datt om å slå seg saman?

Skjemaet burde alle sjå på – det er ein vits!

Kvifor må NFD slå seg saman med LfS, mens til dømes Noregs Ungdomslag (NU) kan vere NU som før? Eg trur ikkje alle fakta er komne fram.

NU har snart overtatt bygdedanseopplæringa i skulen mellom anna. Kvifor må ikkje NU også slåast saman, og kvifor er ikkje LfS og NFD også med på denne danseopplæringa?

Lavere kostnadar?

Departementet meiner LfS og NFD kan spare overadministrasjon, seies det. Administrasjonen i LfS og NFD tel åtte tilsette. Kven vil miste jobben?

Om dei blir slått saman blir det ikkje fleire medlemer, da dei aller aller fleste er medlem i båe organsiasjonar.

Og skal dei, som Spelemannsbladet gir inntrykk av i siste nummer, ta med all verdas folkemusikk, vil administrasjonen auke, ikkje minke, slik dei argumenterar for som grunn for samanslåing.

Skal dei ta over for Du store verden, Rikskonsertene og alle andre som driv dette arbeidet?

— NFD bør takkast

Svært arbeidssterke og klarsynte faste tilsette innan NFD, har fått gjort alt organisasjonen, og dei som har vore tilsette og styremedlemer der, har satt seg fore. Så som å bygge opp folkemusikk-katalogen, folkemusikkformidlinga i samarbeid med LfS, bygge opp scenane i Oslo, og ute i vårt langstrakte land, i samarbeid med LfS.

Like eins har NFD fått festivalen Àrinn på beina, og Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Dette kan ingen ta frå NFD at dei har stått på med.

Samarbeidet med rock og jazz i Samstemt ser eg òg som sannsynleg det var NFD som sto bak. Men organisering innan forbund, som både jazz og rock har, med berre aktive utøvande i sine organisasjonar liknar ikkje LfS og NFD mykje i så måte.

NFD bør takkast for alt det arbeidet som er lagt ned i denne vesle spydspissorganisasjonen.

Det gjer vi ikkje best ved å legge organisasjonen ned.

Samarbeidet mellom NFD og LfS er det mange prov på, og ikkje skjønar eg kva som er så stor forskjell på å få i stand prosjekt i samarbeid, eller om er i ein organisasjon.

Er det ikkje saka som er viktigast da, og ikkje kven som fann opp kruttet?

Tap

Det er viktig å tenke på kor ulike desse organisasjonane er. Det er ikkje så enkelt å bare seie at nå er begge organisasjonane for gamaldans, så nå kan dei like godt gå saman.

Vi vil tape mykje om NFD blir burte, også innan LfS.

Lat dei forbli ulike, ikkje slå dei saman. Folkemusikken har bruk for dei båe og også dei hine organisasjonar som arbeider for folkemusikken – for mange er det ikkje!

Agnes Buen Garnås (født 23. oktober 1946) er norsk folkemusiker (kveding) og sangpedagog, kjent som en av landets mest fremtredende formidlere av vokaltradisjoner. Buen Garnås mottok Kongens Fortjenestemedalje i gull i 2002 og Norsk kulturråds ærespris i 2005. Les mer om Buen Garnås på Wikipedia.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.