Andreas Ulvo lager Tingingsverket til Vossa Jazz 2022
Ny Ulvo-musikk: Frå poetisk og flytande til det meir rytmiske, frå det vakre til det rare.
Når den 41. utgåva av Vossa Jazz skal presentere Tingingsverket 2022 er det pianist og komponist Andreas Ulvo som står bak det. Tingingsverket skal bli satt saman av mange sjangrar og kombinere instrumenta på ein litt uvanleg måte, fortel komponisten i ei pressemelding frå festivalen:
– Eg er oppteken av at verket skal ha eit dynamisk spenn, frå det poetiske og flytande til det meir rytmiske, frå det vakre til det rare. Det er viktig for meg at musikarane får være med å forme uttrykket, og at det er plass til å veksle mellom ulike besetninger innan verket, sånn at det skal få klangleg og dynamisk variasjon. Eg hentar inspirasjon frå musikk frå fortida, men vil at det skal ha forankring i notida. Eg håpar at musikken vil opplevast som noko annleis og friskt, og noko ein kanskje ikkje har hørt før.
Musikarane Ulvo har valt å ha med seg i Tingingsverket skal vera med på å underbygga denne tankegangen.
– Eg vil prøve å skrive musikk på ein måte som gjer at det ikkje høyrast for planlagt ut, og eg vil prøve å behalde noko av dei improvisatoriske kvalitetane også inn i det skrivne.
Ved å kombinera instrumenta på ein litt uvanleg måte, som for eksempel barokkharpe og hardingfele, ynskjer Ulvo å skapa eit verk som kling annleis.
Ulvo har deltatt i mange og ulike musikalske samarbeid. Han har skrive musikk for eige ensemble og samarbeida med ei rekkje artistar, til dømes Shining, Mathias Eick, Ingrid Olava, Karl Seglem, Marit Larsen og Solveig Slettahjell. Hans musikalske språk inneheld både jazz, klassisk, pop, samtidsmusikk og folkemusikk, og målet som komponist og musikar er å søka å eina desse uttrykka i ein heilheit.
Medverkande er Andreas Ulvo – og Helga Myhr på hardingfele og vokal, Håkon Aase på fele, Giovanna Pessi på barokkharpe, Tanja Orning – cello, Mats Eilertsen – bass, samt Helge Andreas Norbakken på perkusjon. Tingingsverket vert urframført laurdag 9. april.
Ledige stillinger
Rådgiver for eksport og internasjonalisering
Music NorwaySøknadsfrist:07/04/2024
Instituttleder ved Institutt for musikkvitenskap
UiOSøknadsfrist:21/04/2024
Undervisnings-konsulent
Musikk på Majorstuen - Barratt DueSøknadsfrist:08/04/2024
Kommunikasjons-medarbeider
Oslo musikkrådSøknadsfrist:02/04/2024
Business Manager – musikkøkonomi
Etna ASSøknadsfrist:05/04/2024