FRA INNSIDEN: NRK arbeider med å digitalisere arkivet sitt, og planlegg i løpet av 2009 å gjere delar av arkivet tilgjengeleg på Internett. Heilt konkret handlar det om å legge tusenvis av timar med historiske folkemusikkopptak ut på nettet som lydfiler til fri bruk. Dette reiser problemstillingar som også er aktuelle for samtidas utøvarar. Det er Synnøve S. Bjørset som skriver dette i ukens utgave av spalten Fra Innsiden.

Synnøve Bjørset_s/w/Foto: Kari Løvaas

Av Synnøve S. Bjørset

Foto: Kari Løvaas

Å legge over 50 år gamle opptak ut på internett for fri bruk er kanskje problemfritt i høve til gjeldande lovverk. Likevel melder det seg ein del etiske problemstillingar som ein ikkje utan vidare kan oversjå.

Dokumentasjon og formidling

I utgangspunktet er arkivinstitusjonane i kraft av sine oppgåver og målsetjingar problematiske institusjonar i seg sjølv. Dette fordi dei forvaltar fleire, og til dels motstridande interesser på same tid. På den eine sida har dei ei oppgåve i å dokumentere og registrere, og på den andre sida har dei ei oppgåve i å formidle materialet.

Musikkarkiv skal altså verne om utøvaren sine interesser og rettar på same tid som dei skal formidle musikken til brukarane.

Lyden av fortida i notida

Arkiva er svært viktige for folkemusikken – dei er nærmast for skattekammer å rekne. Folkemusikkmiljøet er tilbakeskodande på den måten at vi brukar lyden av folkemusikk i fortida aktivt i notida. Historiske kjelder blir brukt som referansepunkt for repertoar og framføringspraksis, og mange lærer gjennom fordjuping i arkivopptak. Vi har altså ei eigeninteresse av å ha god tilgang til arkivmaterialet.

Dei seinare åra har delar av arkivmaterialet blitt tilgjengeleg i form av plateutgjevingar og lydfiler på Internett. I samband med slik offentleggjering diskuterer ein gjerne omsynet til kjeldene. Var kjelda klar over at innspelingane 50 år etter skulle ligge tilgjengeleg på internett? Ville kjelda ha godkjent ei plateutgjeving med desse innspelingane?

Dette er noko vi aldri vil få svar på om kjeldene ikkje lenger lever. Likevel er det problemstillingar vi kontinuerleg må vurdere. Vi ønskjer altså å regulere tilgangen til materialet med omsyn til kjelda. Og vi har lett for å godkjenne bruk i forskings- og studiesituasjonar, medan vi stiller oss kritiske til bruk utover dette.

Dagsaktuell problematikk

Men denne problematikken gjeld ikkje berre dei historiske kjeldene. Kva med samtida sine utøvarar?

I dag skjer mykje av opptaka i samband med konsertar på kappleikar og festivalar, og NRK er mellom dei som driv aktiv opptaksverksemd. Idéelt sett skal ein inngå separate avtalar mellom opptaks-/kringkastingsinstitusjonen og utøvaren, men i praksis fungerer det ikkje slik.

I alle fall ikkje i folkemusikkmiljøet.

Både folkemusikkfestivalar og Landslaget for Spelemenn (LfS) bakar slike rettar inn i konsertavtalar over ein lav sko. Og det er sjeldan utøvarane har noko reell mulegheit til å motsetje seg dette.

LfS står saman med lokal arrangør bak Landskappleiken og Landsfestivalen kvart år. Ved påmelding må utøvarane godta at dei ikkje har høve til å krevje vederlag for bruk av opptak gjort etter avtale med arrangøren. Med andre ord sel LfS utøvaren sine rettar til ein tredje part utan å godtgjere utøvaren.

Og dette skjer faktisk på arrangement der utøvaren betalar deltakaravgift for å gå å scena!

Samstundes har ein slik praksis vore med på å bidra til mellom anna NRK sitt rikhaldige arkiv. Faktisk sit NRK på eit heilt unikt arkiv som representerer gode samtidsbilde av kva som rører og har rørt seg i folkemusikkmiljøet. Så nær som alle utøvarnivå og tradisjonsområde er presentert i NRK-arkivet, og det gjev eit eineståande bilde av folkemusikken over tid.

Tvisynt arkivbrukarutøvar

Som folkemusikar har eg ei genuin interesse for arkivmateriale og historiske kjelder. Og eg ønskjer meg best muleg tilgang til eit størst muleg materiale.

Likevel har eg eit ambivalent forhold til at nokon lydfestar framføringane mine.

Eg kjenner eit behov for å ha ein viss kontroll over kva som skal skje med opptaka, og eg vil sjølv vere i den posisjonen at eg kan velje om noko skal takast opp eller ikkje.

Synnøve S. Bjørset spelar fele og hardingfele, og er musikar i mellom anna Majorstuen og Dei Beste Damene. Til dagleg arbeider ho som frilansmusikar, prosjektleiar og produsent.

Publisert:

Del: