Torsdag spelar Bergen Superorkester, beståande av aka Hot Shots, Amatørene, Jubelgjengen og Årstadkoret på Borealisfestivalen. Dei tilsaman førti medvirkande i Superorkesteret har alle ei psykisk utviklingshemming, og skal gjennomføra ein improvisasjonskonsert i samarbeid med Roberto Conlazo og Anla Courtis, frå det argentinske kultbandet Reynols. – Psykisk utviklingshemma kan ofte bidra med andre ting i samtidsmusikken enn det me sjølve kan, seier Courtis, som lovar ei spanande oppleving torsdag.

Conlazo & Courtis_1 (foto: www.borealisfestival.no)

Av Ida Habbestad

— Det ein ofte gjer feil når ein jobbar med psykisk utviklingshemma, er at ein freistar gjera dei så normale som mogleg, seier Anla:

— Når målet er å setja dei i stand til å gjera det same som oss, mister ein eit viktig poeng – nemlig at dei psykisk utviklingshemma ofte kan bidra med andre ting i samtidsmusikken enn det me sjølve kan. Dei har verkeleg eit stort potensiale for friformimprovisasjon!

Verdas mest berømte trommeslagar
Anla Courtis og Roberto Conlazo utgjer kultbandet Reynols – i lag med Miguel Tomasin, som har Downs syndrom. Miguel har flyskrekk, og har dermed ikkje kunna komma til Borealis. Han er likevel sterkt representert gjennom bilete og ytringar i festivalprogrammet. Gruppa vart danna i1993, då Roberto og Anla møtte Miguel, som introduserte seg sjølv med setninga ”Hallo, eg er verdas mest berømte trommeslagar”.

— Miguel er ein fyr med sterk kontakt med musikk og lyd, seier Anla. – Det er fort gjort å tykkja synd på Miguel, å tru at han ikkje forstår. Men så kan du gje han ein synthesizer, og i andre enden kjem det ut eit stykke som har kompleksitet på linje med Stockhausen. Det er då du forstår at dei psykisk utviklingshemma kan ha eit enormt potensiale for å skapa musikk.

— Men, dei har sine eigne parametre for å tilnærma seg musikken. Og ofte er denne tilnærminga ikkje fokusert på det rasjonelle, på teknikk, notasjon og slike ting, forklarer Anla vidare.

— Dei har sine eigne spesialitetar! bryt Roberto inn. – På mange måter har dei eigenskapar som me manglar, slik me har noko av det dei manglar. Når ein plasserer dette saman, gjev det oss nye måtar å komma i kontakt med musikk på, og det er verkeleg inspirerande for oss.

Workshops med Bergen Superorkester
Det er ikkje første gong Conlazo og Courtis er i Noreg. I 1996 vart dei argentinske musikarane kjent med Lasse Marhaug. Etter ei tid reiste Marhaug og No Spaghetti Edition til Buenos Aires for å spela på Decibel-festivalen. Conlazo og Courtis har vidare samarbeidd med John Hegre, Golden Serenades og Jazzkammer, og i 2003 var dei på turne til Trondheim, Oslo, Stavanger og Bergen – i regi av NyMusikk.

Men denne gongen består prosjektet i eit samarbeid med psykisk utviklingshemma i Bergensområdet, og Conlazo og Courtis har gjennom fleire dagar hatt workshop med utøvarane som til saman dannar Bergen Superorkester. Korleis foregår arbeidet?

— Me har ikkje hatt så mykje tid ilag, – men jobbar ganske mykje no fram mot konserten, seier Anla. – Me har med oss nokre idear, men det er viktig at me ikkje har alt klart på forhånd, for det fungerar ikkje særleg bra for folk med psykiske utviklingshemningar. Det beste er å dra dit, lytta til gruppa ein arbeider med – sjå kva som er deira høve, og kva dei verkeleg har lyst til. Det er viktig at gruppa vert ein del av komposisjonen.

Musikk som kommunikasjonsform
Conlazo og Courtis gjev begge uttrykk for stor gjensidig inspirasjon som resultat av samarbeidet.

— Det er fantastisk korleis musikk er ein kommunikasjonform i seg sjølv, seier Roberto. – Me har jobba med psykisk utviklingshemma over heile verda. Sjølv om me ikkje har eit felles språk å kommunisera på, betyr det ingenting. Dei psykisk utviklingshemma finn deira eigen tilnærming til å arbeida i denne prosessen. Det er utruleg å stadig oppleva korleis musikk byggjer bru mellom språk.

— Men det er viktig å gje dei stor fridom, legg han til. – Du kan ikkje bestemma veldig strikt, men komma med forslag. Det er viktig at dei kan føla seg komfortable med det dei gjer – dei skal ha det gøy, det er føresetnaden for det skal fungera.

Eit risikabelt prosjekt
Resultatet er likevel ofte overlete til tilfeldighetene:

— Improvisajson med psykisk utviklingshemma er er eit risikabelt prosjekt, smiler Anla. – Om du treng å ha alt under kontroll bør du ikkje prøva dette prosjektet. Men eg trur at prosessen er ei kjelde til kunstnarleg inspirasjon, både for oss og for publikum – om me aksepterer risikoen, veit me at det på eit vis vil fungera.

— Og om du veit kva risikoen medfører, kan du finna måtar å omgå dette, avsluttar Conlazo og Courtis, som lovar ei spanande oppleving torsdag.

Konsert med Bergen Superorkester (aka Hot Shots, Amatørene, Jubelgjengen, Årstadkoret) + Conlazo og Courtis finn stad på Landmark, torsdag 16. mars kl. 21.00. Inngong kr 50,-. Artikkelen ”Mongoer på offensiven?” av Per Solvang kan finnast i festivalprogrammet på Borealis sine heimesider.

Publisert:

Del: