Borealis vart i år arrangert for fjerde gong. Kunstnarisk nivå, publikumstal, billett-inntektar og ikkje minst ei rekke strålande internasjonale kritikkar viser at Borealis no har fått eit trygt fundament å bygge vidare på i åra frametter, meldes det fra festivalledelsen i denne meldingen:

Borealis2007_logo

Det totale publikumstalet har auka med 70 % frå 2006 til 2007. I fjor var publikumsttalet 6830. I år var det totale publikumstalet på 11 612. Dette er heilt i samsvar med Borealis sine handlingsplanar. Dei totale billettinntektane auka med nesten 100% frå 102 810,- i fjor til 203 344,- i år.

Ein slik auke på så kort tid er historisk og vel verdt å merke seg. Ein stab på 1 ½ fast tilsette, 20 medarbeidarar under festivalperioden og eit førtitals frivillige ser med optimisme mot borealis dei neste åra. Programmeringa mot 2008 og 09 er for lengst igong.

Ved siden av ein sjangeroverskridande profil har ei viktig årsak til den gode utviklinga vore ein større synlegheit i det offentlege rom, ei rekke nyproduksjonar, ny grafisk totalprofil laga av den lokale suksess-designargruppa Grandpeople og ikkje minst ein styrka festivalstab. Særleg betyr det mykje for Borealis at me har fått kompetente medarbeidarar frå rockemiljøet og andre musikkmiljø.

Særs viktig for festivalsuksessen er det fruktbare og langsiktige samarbeidet mellom Borealis og lokale samarbeidspartnarar. Ei rekke av årets og dei neste åras viktigaste arrangement er umoglege uten god lokal dialog. Til dømes vart både årets samarbeid med Harmonien, Bergen Kunsthall, Bergen Kirkelige Fellesråd og Digitalo m.fl . ein vesentleg grunn til at festivalen fekk ein heilt unik profil.

Dette trakk også The Wire – det viktigaste internasjonale magasinet for grensesprengande musikk – fram i ein knallkritikk om årets Borealis:

“Now in its fourth year, Borealis looks set to become a major event in the international festival calendar. (…) the enthusiastic organisers have created a network of performances, installations and incidents that connect together along deft lines of association, making imaginative use of the city’s venues.”

Publisert:

Del: