– Noreg bør utnytta potensialet for kulturbasert næringsutvikling betre i framtida. Den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar vil vere avhengig av verkemiddel og rammevilkår over eit breitt spekter av politikkområde og må sjåast i nær samanheng med innovasjonspolitikken, seier Valgerd Svarstad Haugland. – Staten skal ikkje vera ein aktør i feltet, men leggja til rette for kulturbaserte næringar ved å sikre gode rammevilkår, heter det i pressemeldingen Ballade her bringer videre.

Valgerd Svarstad Haugland 2004 (Foto: Berg, KKD)

I dag vart stortingsmeldinga om kultur og næring lagt fram i statsråd. Meldinga viser at kultursektoren omfattar eigne verdiskapande næringar med relativt stor innverknad på norsk økonomi. Det kan dessutan liggja gevinst i eit fruktbart samspel mellom kultur og anna næringsverksemd

Meldinga er det første regjeringsdokumentet i Noreg som gir eit samla oversyn over dette feltet. Dokumentet reiser ei rekkje spørsmål som krev ytterlegare utgreiing, og er ei plattform for den vidare diskusjonen om korleis vi skal fremja veksten i dei kulturbaserte næringane.

— Kultursektoren er ein viktig arena for meiningsdanning og refleksjon, og har såleis ein sentral funksjon i samfunnsforminga. Regjeringa ønskjer å synleggjere kva rolle kunst og kultur kan spele i ei nyskapande samfunnsutvikling og leggje til rette for at kultursektoren får større plass og aksept innanfor ein framtidsretta innovasjonspolitikk, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
 
Det er bransjane sjølve som må vere drivkrafta i den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar. Staten skal ikkje vera ein aktør i feltet, men leggja til rette for kulturbaserte næringar ved å sikre gode rammevilkår. Det er viktig med ein heilskapleg og balansert tilnærmingsmåte der ein ser kultur i nær samanheng med utdanning, forsking, teknologi og næringsliv.

— Ein praktisk politikk for kulturbasert næringsutvikling krev kunnskap om lokale og regionale tilhøve. Denne politikken bør i høg grad utformast regionalt og lokalt i partnarskap med ulike aktørar innanfor kulturliv, næringsliv og forskings- og utdanningssektoren. Kommunar og fylkeskommunar arbeider i dag aktivt for å kopla ulike politikkområde i ein heilskapleg politikk for regional utvikling. Kultur og kulturbasert næringsutvikling inngår som sentrale delar av desse satsingane, understrekar Svarstad Haugland.

Interesserte kan følge saken nærmere på http://odin.dep.no/kkd/norsk/. Om du ønsker å lese hele Stortingsmelddingen i sin helhet, kan den lastes ned fra denne siden fra Kultur- og Kirkedepartementet: http://www.dep.no/kkd/norsk/dok/regpubl/stmeld/043001-040008/dok-bn.html.

Publisert:

Del: