DEBATT: – Hr. Moslet markerar sine standpunkt og sitt positive syn på styrken – og svakheitane – i norsk musikk, slik han ser det. Om han oppfatta mitt (og Karlsen, Kristoffersen sine) innlegg som illeluktande sjølvgode torer eg ikkje setja ord på korleis eg opplever hans. Karl Seglem, som driver selskapet NORCD, følger opp P3s Håkon Moslet som tidligere denne uken konkluderte med at den generelle, ukritiske lovprisningen av norsk musikk med fordel kan tones ned.

Karl Seglem_back_sax (Foto: Oddleiv Apneseth)

Av Karl Seglem, NORCD

Moslet unngår elegant å argumentera for eller mot, større mangfald i sin eigen radiokanal. Han har det såre godt, er særs nøgd med seg sjølv og sitt oversyn. Med andre ord: Ikkje noko nytt frå den kanten.

Det er flott å registrera – eller få stadfesta at det er fleire i bransjen som ser at presentasjonen av norsk musikk i media framstår ein smule underleg. Og Larry Bringsjord i FONO viderefører debatten ved å stilla svært gode spørsmål til radiokanalane generelt.

Det er på høg tid at den debatten blir reist. Den må reisast på ny og på ny. Vi kan ikkje godta at formateringshelvetet er og blir det einaste fullverdige og aksepterte alternativ til presentasjon av norsk musikk på radio. Då har vi tapt.

NORCD har for lengst innfunne seg med si rolle som ein liten og idealistisk aktør i platebransjen. Det er vi nøgde med. Det betyr ikkje at vi ser på oss sjølve som mindre viktige eller ubetydelege i utviklingen av norsk musikk. Det betyr heller ikkje at vi ikkje er avhengige av at radiokanalar spelar musikken vår eller at journalistar skriv om musikken.

Mitt innlegg er ein klagesang ja, men det er ingen svartmaling. Det er konstatering av fakta. At den såkalla uavhengige platebransjen får overmykje merksemd i norske mediar er pølsevev. Men NORCD kan og vil klara seg – som eit uavhengig motstraums plateselskap, og dette på trass av at vi aldri tenkjer på at det vi gjev ut på død og liv skal apellere til folk.

Kvifor er Moslet (med fleire) så livredde for ikkje å appellera til folk i sine spelelisteval?

Kvifor er den einaste måle-eininga han (med fleire) tilsynelatande er i stand til å vurdera musikk etter er salg, salg salg?

For undertegna er det ikkje slik at dess meir det finst av ein ting, dess større verdi har den, eller dess “viktigare er den”. Det er eg stolt over å ha som ei rettesnor i mitt arbeid med musikk. NORCD sitt slagord er framleis “Plateselskapet som bryr seg meir om musikk enn om salgstal”. Sidan 1991.

Og ja, eg spør meg sjølv ofte om kor mange “interesserte” lyttarar våre utgjevingar har, og er ikkje i tvil om at det er langt fleire enn dei 290 Moslet påstår kjøper produkta – når det gjeld dei fleste av utgjevingane. Eple trio sitt debutalbum “Made this” trykt i 1000 ex. er forøvrig utsolgt.

Moslet bør heisa si fane for den hyperkommersielle A4 (også kalt P3 musikk), og fortelja seg sjølv og alle oss andre at det er kun det han vil gje det såkalla “folket”. Det er ei ærleg sak. Men det er han for feig til å innrømma. Eller?

Det er forøvrig ingen i denne debatten så langt som har kalla folk for idiotar, og takk for det. Eg uttalte til Bergens Tidende (10.12.) at journalistane som hadde kalla plateåret 2007 for elendig, var kunnskapslause. Og for å utdjupa det meinar eg at dei ikkje evnar å sjå ut over sin eigen vesle dam, sine eigne interesser, sine favorittar eller sin formateringstrang. Ein kjent sjukdom i norsk musikkliv og med aukande utbreiing i statskanalane. Og den luktar Moslet.

Det som er trist, er at Moslet sit i ein så stor maktposisjon som han gjer utan å forstå det sjølv. At han har makt.

Eg undrast: Spør Håkon Moslet (med fleire) seg sjølv, nokon gong, om også hans lyttarar verkeleg vil ha ”50 Souls And A Discobowl” for 428 gang?

Publisert:

Del: