Nordafjells

Stor suksess for Folkelarm

– Det første Folkelarm ble ein ubetinga suksess, seier dagleg leiar i Landslaget for spelemenn, Magnar Sundt. – Eit stort publikum storkoste seg til 37 showcases, utdeling av dei 5 Folkelarmprisane og bransjetreff. Landslaget for Spelemenn set no i gang ein grundig evaluering for å finne ut av framtida for Folkelarm, men konklusjonen er alt klar: Folkelarm har kome for å bli.

Kalender

Artistar, arrangørar og eit publikum på ca 750 personar fredag og 850 personar laurdag kveld fylde begge salane på Fabrikken i Oslo. Publikum storkoste seg til 37 showcases, utdeling av dei 5 Folkelarmprisane og bransjetreff. Det blei også ”buskspel” og spontandans, og artistar fann kvarandre i nye samspel. Sundt seier allereie no at et det blir eit nytt Folkelarm neste år.

— No står det att å sjå kor mange nye jobbar artistane skaffar seg på grunn av dette første bransjetreffet for folkemusikken og –dansen. Vi veit positivt at det blei gjort mange avtalar om jobbar, og vi veit at artistar kan vente seg å bli kontakta av ulike arrangørar i tida framover. Vidare er slike live-framsyningar også ei investering artistane gjer på litt lengre sikt, fortel Sundt.

Det var ”oppkjøparar” som presiserte kor viktig det er nettopp å få høyre artistane live. Å lytte til tilsendte demoar gir på langt nær det same inntrykket som ei live konsertoppleving.

Bortimot 50 oppkjøparar var til stades under Folkelarm. 15 av desse representerte i følge Sundt miljøet utanfor folkemusikken, og var såkalla eksterne interessentar.

— Da har vi oppnådd det som var sjølve hovudføremålet med Folkelarm, å kreere fleire jobbar for artistane. Folkelarm vart ein arena for presentasjon, nettverksbygging og ein stad å skaffe seg nye kontaktar, seier Sundt.

Også i media var Folkelarm ein suksess, med oppslag i mellom anna Dagsavisen, Nationen, særs mange region- og lokalaviser, samt i NRK Midt i musikken, Østlandssendinga og i NRK1-fjernsynet si distriktssending. Eit innslag i Rikets Røst på TV2 kjem også førstkomande torsdag.

Folkelarm vart avslutta søndag med presentasjonar av fire barneprogram, og eit seminar som sette fokus på kultur som næring og jobbmarknaden for folkemusikkartistane. Tilstades på seminaret var mellom anna ekspedisjonssjef Mette Hagen i Kulturdepartementet.

— Sundag kveld var dei første tilbakemeldingane alt notert, og LfS set nok i gang ein grundig evaluering for å finne ut av framtida for Folkelarm. Men konklusjonen er alt klar – Folkelarm har kome for å bli, seier Magnar Sundt.
Landslaget for Spelemenn har og lenge arbeidd for å få til ein alternativ spelemannspris for folkemusikksjangeren. Under Folkelarm kom endeleg den første eigne plateprisutdelinga for folkemusikk, der det blei delt ut plateprisar i 5 ulike klasser.

Vinnarane av dei aller første Folkelarmprisane vart:

· Open klasse / eksperimentell: Geitungen
· Årets samspelplate – tradisjonell: Nordafjells
· Årets dokumentasjonsplate: Odd Bakkerud
· Årets soloplate: Bodil Haug
· Årets nykomar: Einar Olav og Gjermund Larsen

Interesserte finn meir informasjon på www.folkelarm.no.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.