29. og 30. mai inviterer kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland til nordisk opphavsrettskonferanse på Hotel Bristol i Oslo. – Vernet av opphavsretten er viktig kulturpolitikk. Digitaliseringa fører med seg nye utfordringar som krev ny gjennomgang av regelverket, seier ho.

Valgerd Svarstad Haugland

— Eg er glad for at dei nordiske landa samarbeider i desse viktige spørsmåla, seier statsråd Svarstad Haugland vidare.

Eit sentralt tema på konferansen vil vere korleis det nye EU-direktivet om opphavsretten i informasjonssamfunnet skal gjennomførast i lovverket. Det same gjeld dei nye traktatane til den internasjonale opphavsrettsorganisasjonen World Intellectual Property Organization (WIPO).

Andre viktige tema blir kompensasjon og forholdet til privatkopiering, bibliotekvederlag og opphavsrett, kringkastarane sine rettar og det vidare arbeidet på opphavsrettsområdet i EU.

150 deltakarar frå departementa i dei nordiske landa, brukarorganisasjonar og opphavsrettsorganisasjonar er venta til konferansen. Kultur- og kyrkjedepartementet arrangerer konferansen i samarbeid med Nordisk ministerråd, Kulturministeriet i Danmark, Justisdepartementet og Kulturdepartementet i Sverige, Undervisningsministeriet i Finland og Kulturministeriet på Island.

Publisert:

Del: