For å bøta på eit labert norsk presseoppbod byd folkemusikkfestivalen i Førde på tekst, bilde og video på sin eigen blogg.

Hilde Bjørkum, © Førdefestivalen

Det er klart for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, den 21. i rekkja.

250 artistar vitjar byen denne helga, og heile 300 frivillige er i aktivitet for å få trygga at arrangementet går som forventa.

Det er med andre ord lite å seia på engasjementet; likevel uttrykkjer festivalen frustrasjon over at dei fleste nasjonale medier finn vegen lang til Vestlandet.

Dermed spreiar dei informasjon om festivalen sett innanfrå, gjennom ein festivalblogg der bilete, video og tekst gjev innblikk i noko av det som går føre seg i helga.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største av sitt slag i Skandinavia. Den har vore arrangert sidan 1990, og har årleg hatt tema – som oftast geografiske.

Dette året er det eit meir overordna tema. Menneskerettar er sett i fokus, under tittelen ”Fridom og undertrykking”.

”Sjølv i 2010 er det slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin”, skriv festivalen i si omtale av programmet, og understrekar at dei har lagt vekt på å invitera artistar som har opplevd motstand mot at dei uttrykkjer seg.

— Å få utøve sin musikk og musikktradisjon fritt er ein viktig del av ytringsfridomen, difor er det også viktig å sette fokus på dette temaet, seiner festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Ho lovar ein festival med leik såvel som alvor – og før det heile går av stabelen får denne introen setja stemning:

Publisert:

Del: