– Globaliseringa er både redninga og øydelegginga for kulturen vår, seier folkesangeren Urna Chahar Tugchi.

© Arve Ullebo

Når Førdefestivalen dette året har kvinnelege artistar på programmet er det ikkje berre for at musikken deira er god. Mange av dei er òg ambassadørar for sosiale spørsmål og dei er føregangsfigurar i kampen for ytringsfridom.

Urna Chahar Tugchi, med artistnamnet Urna, er oppteken av menneske sitt tilhøve til naturen. Sjølv kjem ho frå ein familie av oppdrettarar, frå Ortos i indre Mongolia, som politisk er del av Kina. Naturen, gardsarbeidet og livet i ein større familie er altså motivasjonen for verksemda hennar. Men aller først var ho inspirert av bestemora, som var ein stor songar og forteljar.

try {MusicNodes.addNode(“a3e48418-0dde-41d9-b796-6aa585c19598”, true);} catch (err) {}

Avgjerd i solnedgang
At Urna har teke forteljareigenskapane vidare vert tydeleg når ho stillferdig, men nærverande, fortel si eiga historie – frå ho i barndomen ikkje ante at ho ein dag skulle bli musikar.

— Eg hadde ikkje så gode resultat frå eksamen på vidaregåande skule, og det var uaktuelt å studera ved noko universitet. Foreldra mine såg det ikkje som noko problem. Eg var 18 år, og dei meinte det var på tide at eg kom heim og stifta familie. Men eg var ikkje klar, og ba om å få studera, eitt år til. Heile sommaren spurde eg, forsiktig. Heilt til ein kveld, mot slutten av sommaren. Eg gjekk i lag med mor mi og samla inn sauene for kvelden, då ho med eitt sa: «Kjære deg, du har vore tålmodig, me forstår at du verkeleg ynskjer dette. Du har overtydd oss, du skal få dra».

Det var eit fantastisk augneblikk, minnest Urna.

— Det var ved solnedgang, med det særeigne lyset, og med steppelandet i aust og ørkenen i vest. Lydane frå dyra som var ute; sauar, lam, kyr og hestar var som eit heilt orkester. Eg kjem aldri til å gløyma det augneblikket, seier ho.

Redning og øydelegging
Urna har reist mykje, og me spør henne med det same:

— Det globaliserte samfunnet har gjort det enkelt for menneske å møtast. Samstundes vert mange løysingar einsretta i store deler av verda. Kva utfordringar gjev dette for den lokalt baserte folkemusikken?

— Globaliseringa er både redninga og øydelegginga for kulturen vår. Den gjev høve for at fleire kan høyra og verna om folkemusikken, men òg for at det som er lokalt kan forsvinna. Utviklinga er heilt avhengig av korleis menneska forstår det å vera i globaliseringa, svarer Urna.

Ho er aller mest oppteken av det globale frå eit miljømessig plan.

— For meg heng musikk og natur tett saman, og eg er djupt bekymra for det som har skjedd med tilhøvet vårt til omgjevnadene. Når me lever stadig fjernare frå naturen, ser me ikkje kor sterkt me treng den. Dei fleste meiner at ein skal ta vare på miljøet, men er òg så fanga av ynsket om rikdom, karriere og makt at dei ikkje tek konsekvensane. Me forstår ikkje at me er like sårbare som naturen sjølv, seier Urna.

Ein sjanse
Hennar eigen vilje er i stor grad å bringa slike tema på banen. Men først handla mykje om utferdstrong og musikken.

Med foreldra si tillating reiste ho 17 år gamal til hovudstaden Hohhot. Her fekk ho undervisning i dulcimer frå ein besøkande lærar frå Shanghai. Det sjeldne talentet hennar vart oppdaga, læraren reiste personleg til Kina for å anbefala Urna for konservatoriet. Urna vart invitert til prøvespel, og gjennomførte si aller første togreise, to døger lang, til eit land med eit framand språk og kultur. Heime sat foreldra, mållause.

— Du veit, vanlegvis i mitt liv har foreldra mine sagt ja eller nei. Denne gongen sa dei ingenting. Dei var rett og slett for mykje for dei. Men eg trur dei forsto eg hadde bestemt meg. Det var min einaste sjanse, seier Urna.

Felles ynske om meining
Resten er historie. I studietida fekk ho internasjonale kontaktar, og etter nokre år som frilans musikar flytte ho i 1995 til Tyskland. Ho har hatt base i Bayern (Tyskland), Kairo (Egypt) og no i Berlin – medan ho turnerer kring om i verda.

— I møte med ulike kulturar: Kva er ditt syn på situasjonen for kvinner, og Førdefestivalen sitt tema «Women’s World»?

— Eg meiner det er vanskeleg å seia noko generelt om dette. Eg er skeptisk til det at nokon kan definera likestilling, og oppfatta alle andre levemåtar som problematiske. I min eigen kultur er kvinner og menn er godt likestilte, i den forstand at me har ein like viktig plass. I kvardagen vår, der me lever tett på naturen, er me avhengige av kvarandre, svarer Urna.

— Eg har etterkvart forstått at slik er det ikkje over alt i verda. Ofte vil ein forbinda undertrykking og ubalanse til ein eller annan religion. Men slik eg kjenner religionane, handlar kjernen i dei fleste religionar om menneske sine felles ynske om å finna ei meining med liva sine, å dela noko som er godt. Når religion er årsak til undertrykking, kjem det av menneske si tolking. Menneska må forstå at det er dei sjølve som er problemet, seier Urna.

Ynskje om respekt
Ei slik større sjølvinnsikt er det truleg ho appellerer til i musikken sin. Ikkje direkte, i språklege kodar. Meir gjennom enkle, sjenerøse introduksjonar, og ved musikkstilen som etter hennar eige utsegn er meir stillferdig enn andre mongolske tradisjonar. Songane frå Ortos har stort dynamisk spenn og omfang, og kan spenna over to og ein halv oktav i same frasen. Dei handlar om relasjonar mellom menneske, om høgtider og sorger. Og er sjølvsagt sterk knytt til dyra, landskapet og omgjevnadene.

— Kva motiverer deg til å reisa kring med dette repertoaret?

— Eg ynskjer å bidra til at menneske ser kvarandre med respekt. Songen er for meg ein måte å dela med andre menneske ein slik respekt – for dei og naturen. Eg ynskjer å dyrka fridomen, ikkje den fridomen som menneska gjerne trur at mykje pengar kan gje dei, men den fridomen som handlar om å lytta til livet kring seg. Kan henda er det umogleg, men det kjenst som ein rett måte å leva på for meg.

Publisert:

Del: