Det er eit internasjonalt snitt over haustprogrammet til Voss jazzklubb i år. Programmet avslører ikkje at det heile blir servert i ein ombygd fraktgodssentral i ei innlandsbygd på Vestlandet med knappe 14.000 innbyggjarar. Musikalsk spenner det frå Alf Prøysens ukjende sider til rock og avantgarde jazz i lukkeleg samspel.

The Thing med Joe McPhee

Det heile opnar med Cato Salsa Experience i møte med The Thing og den amerikanske saksofonlegenden Joe McPhee. Konstellasjonen har gjort stor lukke både på Vossa Jazz og Kongsbergfestivalen. Veka etter er Mats Eilertsen på plass med bandet Turanga.

Eilertsen har følgje med den nederlandske cellisten Ernst Reijseger, den svenske saksofonisten Fredrik Ljunkvist og Thomas Strønen på trommer. Turanga leverte i følgje Lars Mossefinn i Voss jazzklubb ein av fjorårets sterkast CDar. Meir internasjonalt blir det når den litauiske saksofonisten Liudas Mockunas møter den danske trommeslagaren Stefan Pasborg i det musikalsk fabulerande kollektivet Toxikum.

— Eit av haustens høgdepunkt er Jan Erik Vold siste prosjekt ”Det store svadaåret”, fortel Mossefinn. – Her sit sarkasmane laust mildt framført av ein vital Vold på eit musikalsk bakteppe som spenner frå rockabilly til calypso.

Meir poesi vert det når Jørn Simen Øverli samarbeider med saksofonist Rolf-Erik Nystrøm og pianist Helge Lien i programmet ”Prøysenvisene som forsvann”.

Lars Mossefinn meldar og at det 27. oktober er duka for” groovy gitarjazz i trioformat”. Den amerikanske gitarviruosen Charlie Hunter er óg på turné, og legg turen innom Voss og Fraktgodsen.

Konserthausten i Voss jazzklubb held fram med meir gitarmusikk. Då er det duka for den franske trioen ULM med gitaristen Marc Ducret i spissen.

— Siste konsert denne hausten er eit møte med Susanna Wallumrød og Morten Quenild, som i denne samanhengen går under nemninga The Magical Orchestra – eit svært så dekkande namn på den musikalske trollmannen frå Kongsberg, meiner Mossefinn.

Alle konsertane går føre seg i Fraktgodsen. Jazzklubben tilbyr som vanleg sesongkort som gjer at ein kan få med seg alle 8 konsertane for 650 kroner.

— Sagt i ungdommeleg sjargong er dét eit sinnsjukt godt tilbod, sier Mossefinn. Heile haustprogrammet kan du sjå på i detaljar på www.vossajazz.no, som og er heimesida til festivalen med same namn.

Publisert:

Del: