Kva har dagens unge å lære om hiphop som dei ikkje allereie veit? Mathias Jin Budtz og Geir Moen styrte ungdommane ved Sandvika vidaregåande mot ei djupare forståing, både kroppsleg og kunstnarleg.

Teikning av Geir Moen, © Heidi Løvstad

Då eg fann verkstaden “Hiphop” på programmet til Den kulturelle skolesekken (DKS) i Akershus blei eg nyfiken. Kva betyr eigentleg hiphop for unge i dag? Omgrepet er så omfattande, både kulturelt og geografisk, at det må vere vanskeleg å vite kvar ein skal byrje. I tillegg er dagens unge oppvaksne med ein populærkultur som er gjennomsyra av hiphop og har sikkert ganske bra, grunnleggande kunnskap om emnet allereie.

Løysinga er naturleg nok å spisse fokus, som dette tilfellet vil seie å avgrense det til dans og graffiti. Dansar og pedagog Mathias Jin Budtz og teiknar Geir Moen har saman laga ein verkstad som i løpet av knappe tre timar resulterer i ei framføring med kunst og koreografi i samspel.

Foto: Heidi Løvstad
Foto: Olav Opsvik

Enkel tilrettelegging
Hiphop-verkstaden er ein del av DKS Akershus sitt program laga for skulelevar med ulike, særskilde behov. Ballade fekk bli med tysdag 24. mai, då Budtz og Moen besøkte utdanningsprogrammet “Tilrettelagt opplæring” ved Sandvika vidaregåande skule, der elevar med ulike typar utviklingshemming har si eiga avdeling. Deira musikkterapeut, Heidi Løvstad, hadde i dialog med kurshaldarane valt ut ei gruppe på åtte elevar, med relativt lette diagnosar, som til dømes Downs syndrom, til verkstaden.

Budtz og Moen byrja med ei kort innleiing om kva hiphop er, og sørga tidleg for å involvere elevane i samtalen: Dei fleste hadde noko å melde om kva dei assosierte med hiphop: “Breaking!”, “moonwalk!” og “rap!”, ropte dei, medan kurshaldarane noterte på tavla. I det ein tilsett foreslo “klær!” var to av gutane snare med å ta på seg hetta og fekk kjapp respons frå Budtz som gjorde det same.

– Hiphop handlar om å finne si eiga teikning, sin eigen dans og sin eigen veg, forklarte Budtz og Moen.

Foto: Heidi Løvstad
Foto: Olav Opsvik

Sjølv om kurshaldarane har vore i kontakt med Løvstad på førehand, og heilt sikkert var bevisst om kva for elevar dei besøkte, var tilrettelegginga — utover skulen sin eigen — nærast usynleg. Budtz og Moen møtte elevane der dei var, og gjorde normale, naudsynte grep for å oppnå kontakt og stemning. Til dømes virka det å kome på fornamn med alle snarast mogleg, i tillegg til generøs utdeling av highfives, tydeleg og effektivt.

Ein god arbeidsdag
Elevane var raskt på deira side, og det er ingen tvil om at eg blei vitne til ein god dag på jobben for utøvarane. Då klassa blei delt i to og Moen tok med seg elevane som ville teikne og lære om graffiti til eit anna rom, starta Budtz dansekurset med ei enkel oppvarming. 90-talsrap av den meir kredible sorten (altså ikkje typisk gangstarap, men noko meir i retning t.d. A Tribe Called Quest) blei spelt av umiddelbart, og sjølv det berre var oppvarming var Budtz tidleg oppteken av kva for haldning og kroppsspråk elevane skulle nytte.

For elevane var det morosamt og givande. For dei tilsette, og eg, som observerte, var det rørande.

– Du skal seie “Her kjem eg!”, forklarte han elevane. – Bruk heile kroppen!

Ingen av elevane hadde problem med den oppfordringa, og var raskt i gang med å danse engasjert; det sjølvsikre kroppsspråket ein gjerne forbinder med hiphop og breakdansing var godt innarbeida allereie. I tillegg synte dei glede over aktiviteten og merksemda, medan dei lærte grunnleggande trinn som “toprock”, “downrock” og “freeze”.

Inne hos teikneverkstaden til Moen fekk elevane lære om fargelegging og prosessen frå å velje motiv og fargar, til å markere og tusje omrisset. I forkant hadde Moen laga typiske graffitimotiv med teksten “hiphop” eller “graffiti”, desse brukte elevane som utgangspunkt.

Foto: Heidi Løvstad.
Foto: Olav Opsvik.

– Graffiti høyrer til i bybildet slik at flest mogleg skal sjå det, forklarte Moen, og hjelpte elevane å finne sterke fargar og kombinasjonar som ville vise godt igjen. Når elevane kom i gang var dei så konsentrerte og ivrige at instruktøren nesten var overflødig.

Forestilling og kulturtorg
Til slutt blei alt saman sett saman til ei kort forestilling med graffitikunst i rørsle, med elevanes graffititeikningar projisert frå to overheadar, og ein koreografi sydd saman av Budtz i samarbeid med elevane. Elevane lærte både om å fremje medelevar og blåse opp seg sjølv og stråle i sentrum av rommet. Ein etter ein fekk danse medan dei andre stod bak og heia og til slutt sendte dei rullande rørsler (kjent frå “popping“) til kvarandre medan dei stod på rekke.

I publikum var ei anna klasse frå skulen som gav god respons, pluss representantar frå DKS som ville ta forestillinga med til deira “Kulturtorg” nokre dagar seinare. Gleda smitta over til alle i rommet: Det var ikkje berre Budtz og Moen som hadde ein god arbeidsdag.

 Foto: Heidi Løvstad
Foto: Olav Opsvik

Djupare forståing
Soleis blei tysdagen ved Sandvika nærast eit glansbilete av kva Den kulturelle skolesekken kan vere.

Likevel er eg sikker på at Budtz, Moen og DKS Akershus har funne ei generelt god ramme for å formidle kunnskap om hiphop-kultur. Her sto aktivitet og ikkje tung teori i sentrum. Det kan sikkert vere ein idé å følge opp med meir historie og kultur, men gjennom verkstaden fekk elevane innsikt i djupare, delvis subtile verdiar som er grunnleggande i hiphop-kultur, i alle fall i utgangspunktet.

I botnen er hiphop ein opprørskultur som handla om å løfte seg sjølv, trass alle moglege hindringar som var (og i stor grad framleis er) der for afroamerikanarar på 70-talet. Noko av det mest positive som har kome ut av denne kulturen er ein sunn individualisme der ein som utøvar får høve til å ta mykje plass, skrike og skine i sentrum av merksemda.

I ei tid der ungdom er oppvaksne med hiphop liggande under så mykje i vår eigen, moderne kultur, var dei to kursa eit høve for elevane til å danne seg ei djupare forståing av nettopp dette, og kjenne det fysisk på kroppen. Dei fekk gi av seg sjølv, heie på kvarandre og kjenne på effekten av grunnleggande haldningar i hiphop-kultur. Fokuset på handling og aktivitet var med andre ord sterkt og effektfullt: For elevane var det morosamt og givande. For dei tilsette, og eg, som observerte, var det rørande.

Publisert:

Del: