Med fridom som årets tema, valde Oslo World å vie opningskonserten til den palestinske songaren og fridomsaktivisten Rim Banna som gjekk bort tidlegare i år.

Kari Bremnes under hyllesykonserten til Rim Banna som åpnet Oslo World Foto: Lars Opstad

Oslo World samlar oss desse dagane i musikk på tvers av språk. Musikk som når inn til oss med bodskapen utan at vi naudsynleg forstår språket. Den sterke, modige bodskapen til Rim Banna ligg like mykje i stemma hennar. Vi høyrer den i musikken. Styrken er med i songane til Banna vi får høyre på opningskonserten i Folketeateret.

Rim Banna gjekk bort 24. Mars 2018, etter ni år kamp mot kreft. Banna er kalla “Palestinas stemme”, for sitt arbeid for eit fritt Palestina og fekk spesielt internasjonal merksemd rundt den arabiske våren i 2011. På nittitalet gav Banna ut ei rekkje plater med tradisjonelle palestinske songar, men har sidan 2003 hatt Kirkelig Kulturverksted med Erik Hillestad i spissen som sitt plateselskap. Her har ho mellom anna samarbeida med SKRUK på juleplata Krybberom (KKV 2003) og gjeve ut fem soloplater; The Mirrors of my Soul (KKV 2005), Seasons of Violet (KKV 2007), April Blossoms (KKV 2009), Revelation of Ecstasy and Rebellion (KKV 2009) og Voice of Resistance (KKV 2018).

Etter ein slagferdig video med dei frivillige om kva fridom betyr for dei, og etter Stølen hadde takka den enorme rekkja med støttespelarar tenkte eg – wow, for eit prosjekt Oslo World er. På Oslo World kjenner ein seg som eit menneske i verda – noko vi bør kjenne på så ofte vi kan.

Bugge Wesseltoft har vore medarrangør og musikar på dei to siste platene, og var også kapellmeister denne kvelden. Saman stilte sterke stemmer opp for å, som Solveig Slettahjell sa det, feire Rim si stemme. Ekstra sterkt var det å høyre dottera Baylassan opne konserten med eit av sine yndlingsdikt. Berre ein av måtane Rim si stemme lev vidare på.

Oslo World åpningskonsert Foto: Mario Henrique

Mot slutten av livet miste Banna stemma, og kunne ikkje synge lenger. På den siste plata høyrer vi for det meste Rim snakke. Voice of Resistance var eit samarbeid med det arabiske undergrunnskollektivet Checkpoint 303 og Wesseltoft. Opptaka av Rim fyller Folketeateret og gjer bodskapen hennar levande.

Om enn i ei kanskje litt datert innpakning, fungerer beatsa frå Checkpoint 303 som ein motiverande, styrkjande og bestemt “boost” i kampen for fridom – resistance. Wesseltoft sine gjenkjennelege altererte, bluesy fills kommenterer Banna og gjer at låtane får ein variasjon og tilfører ein ettertanke til musikken.

Det visuelle bidraget til konserten var det Checkpoint 303s Visual Hacker Diddy som stod for. Å få teksten på engelsk på veggen var særs meiningsfullt i denne samanhengen. Om enn det også var ein litt banal symbolikk i delar av videomaterialet som vart miksa med bilete av Banna.

Marte Valle under Rim Banna-hyllesten Foto: Lars Opstad

Når Marte Valle tok scena kunne ho mellom anna fortelje om at ho hadde kalla opp dottera si etter songen “Sarah” av Banna. At denne songen hadde betydd mykje for Valle var tydeleg i hennar framføring av songen. Med ei ro, kontroll og til stades med heile seg framførte ho songen på arabisk. Valle hadde også på imponerande viss gått inn i songstilen til Banna, med alle ornament og tonalitet som høyrer med.

Les også: Bugge Wesseltoft: Vi kunstnere bør våge å bli inspirert av andre ideer

Solveig Slettahjell under Oslo Worlds åpningskonsert Foto: LarsOpstad

Solveig Slettahjell nærma seg songen “The night has fallen down” på ein annan måte. Ho gjorde den til ei Solveig Slettahjell-låt og viste kor sterk Banna sin låtkatalog er på tvers av uttrykk. Det melodiske materialet kunne vore henta frå kor som helst i verda.

“This is the sound of the Nazareth!” – slik opna Wala’a Sbait frå dub-kollektivet Ministry of Dubkey sin hyllest av Banna. Den formelle gamleoperaen var kanskje ikkje den beste plassen for akkurat dette uttrykket, men dei klarte likevel å fange merksemda til publikum og friste til oppmøte på etterfesten på Kulturhuset. Sbait song ein tradisjonell barneregle og kunne fortelje at slike songar vart brukt av kvinner for å formidle hemmelege beskjedar til politiske fangar utan at vaktene oppdaga det. Om ein til dømes la til ein L på visse ord, var det ei kode for noko spesielt som skulle skje. Nok ei påminning for ein vanvittig kontekst denne konserten står i!

Ministry of Dubkey sitt bidrag var kanskje det som mest konkret minte oss på at kampen for fridom er ekte. Ikkje berre fine ord, men ekte handlingar. Musikken til Rim Banna var ekte og betyr, framleis, enormt mykje for folk som står i umenneskeleg fortvila situasjonar.

Tania Saleh under Oslo Worlds åpningskonsert Foto: Lars Opstad

Libanesiske Tania Saleh er nok den som ligg nærast Rim Banna i songtradisjon denne kvelden. Ho gjorde ein nær versjon av Bannas “Zidni (Supply me with an excess of love)” og sin eigen “Happy about something”. Saleh er også gatekunstnar og brukar all si tid på fridomskampen gjennom kunsten. Dette lyser av augo hennar og som med Banna høyrer ein kor mykje songen betyr for henne. Det skal for ein kvar pris nå inn i kvar enkelt lyttar.

Kari Bremnes sitt vennskap med Rim starta i 2003, etter samarbeidet på Lullabies from the axis of evil (KKV 2004). I fjor fekk ho på telefon med Rim høyre at ho hadde mista stemma. Ho sat seg ned og skreiv songen “Rim sin stemme”. Det vart ei fantastisk sterk tekst. Nokre setningar er så enkle, konkrete og rett fram, noko som gir det poetiske ekstra djupn. Det stikk.

Det er vanskeleg å ikkje bli berørt av å lytte til Banna og Bremnes sin “Ya Leil Ma Atwalak – this never ending night” i Knut Reiersrud sitt varme, nattlege arrangement på voggesongplata. Tryggleiken i stemma til Rim når ho svarar på Bush med sin voggesong. Det ligg nesten noko strengt i stemmene deira på denne låta. Denne kvelden var det Tania Saleh som saman med Bremnes song med Rim si styrke i ryggen. Dette var nok kveldens sterkaste augeblikk.

Slike hyllingar er eit litt knotete og vanskeleg format. Det at du har så mange ulike innslag ståande i kø gjer at det som konsertoppleving kan bli hakkete og ein rekk ikkje å kvile i inntrykka sjølv om kvart enkelt innslag i og for seg teikna til meiningsfulle konsertar.

Det som bind denne kvelden saman er at vi var samla rundt Rim Banna. Vi vart minte på hennar inspirerande styrke og den kampen om fridom som pågår rundt i verda – ei feiring av dei stemmene som nektar å la seg stilne.

Publisert:

Del: