Operaregissøren går inn i en ny stilling i operaregi ved Operahøgskolen.

Stefan Herheim Foto: KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har kalla Stefan Herheim til ei ny stilling som professor II i operaregi ved avdeling Operahøgskolen.

– Stefan Herheim er Noregs mest berømte og meritterte operaregissør, seier Tore Dingstad, dekan ved Operahøgskolen, i ein kommentar. – Hans eksepsjonelle internasjonale karriere seier mykje om evna hans til å vitalisere og fornye ei gamal kunstform og tilsetjinga av Herheim vil sikre eit kvalitetsløft og styrking av fagmiljøet ved Operahøgskolen.

– Krava som i dag vert stilt til operasongarar er høgare enn nokosinne. Eg ønskjer å bidra til at framtidas songarar står rusta til å imøtekomme desse krava, seier Stefan Herheim i ein kommentar. – Samtidig gjeld det å inspirere og utfordre Operahøgskolens studentar til å utvikle denne omfattande kunstforma vidare, sier Herheim.

Professor II-stillinga i operaregi er ei 20 % stilling i eit åremål på seks år. I stillinga skal ein bruke tradisjon og kunnskap, verksanalyse og handverksmessig perfeksjon til å utvikle ny kunnskap om operalitteraturens relevans for vår samtid og gje den vidare til ein ny generasjon operasongarar.

Stefan Herheim tiltrer som professor II i operaregi 30. april 2018 i kombinasjon med verksemda si som freelance operaregissør.

Publisert:

Del: